975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Det går mot jul og nytt år – også her i fjellheimen…

Det går mot jul og nytt år – også her i fjellheimen…

Med denne gamle veggløperen, teikna av den svenske kunstnaren Curt Nyström (1893-1965), opnar eg årets juleblogg-helsing.
Jula er ofte bunden opp mot tradisjonar og minner frå «ei svunnen tid». Det tyder på at fleire og fleire har fått sansen for gamle juleminner – som ein legg til i sine tradisjonar.
Eg for min del har m.a. samla slike gamle veggløpere i fleire år, dette er ein av årets nykommere i samlinga.
Men den eg drøymer om aller mest – den er det visst vanskeleg å få tak i…
romjula-59-gamal-veggloper-juleloper…denne på veggen bak meg, romjula 1959.

 

Nye tradisjonar…
Ein lagar seg òg nye tradisjonar for jule- og nyttårsmarkeringane.

Noko ein også ser her på fjellet. Fleire og fleire ynskjer fred og ro i høgtidene, reiser til fjells og feirar på hyttene.
Fleire gonger i året ser og høyrer ein om skyting og terror rundt om i verda. I vårt «lille land» behøver ein ikkje gå lenger enn til terrordramaet på Utøya. At desse som har opplevd skyting og terror på nært hald gruar seg til nyttårskveldane, det forstår eg godt. Angst og vonde minner vil dukke opp…
Det gjer ikkje oppfordringa frå Grotli Hytteforeining, og brannsjefen, om å avstå frå oppskyting av rakettar/fyrverkeri i hytteområda mindre aktuelt!
Kanskje det bør bli fleire slike områder, for å ta vare på dei som har tenestegjort, eller som turistar, har vorte utsett for terror-opplevingar! – Eller som av andre årsaker ynskjer å koma bort frå «nyttårskveld-hysteriet», kanskje er det fleire enn vi trur…!

Våre førebuingar til jul og nyttår er ikkje så store.
Vi satsar på ei stille feiring – i all enkelheit. Men julekvelden er vi invitert ned i bygda. Vi er heldige som kan få feire den i lag med dei næraste, ikkje minst å få vera saman med barnebarnet Reodor!

Også i år kom vi i mål med kalender.
kalender-2017Ein kan vel si at den òg har vorte ein tradisjon kvart år. – I år er det 13. kalenderen på rad.

Julevêret…
Her på fjellet er vi svært vêravhengig. Vêrmeldingane blir flittig studert, ikkje minst mot helgene. Julevêret ser ikkje lovande ut, og EG for min del hadde nok ikkje pakka bilen og reist til fjells med slike meldingar. Ser at det er nemt at det kan bli like ille som jula 2011, når vi fekk besøk av ekstremvêret Dagmar. Den julekveldsnatta og juledagen var det ikkje triveleg her på fjellet!

I dag har det til tider snødd tett, og vore noko vind. Minst 25 cm snø har vi fått det siste døgnet. I timane/døgnet som kjem, meldes det om meire snø og sterkare vind. Ei stund i dag var riksveg 15, Skjåk-Stryn, stengt på grunn av vanskelege køyreforhald. Seinare vart det kolonnekøyring. Ein kan vel ikkje sjå bort ifrå anna en at slik kan det koma til å veksle på, når ein ser desse vêrmeldingane vi får presentert…  

Vêret må vi berre ta som det kjem – og innrette oss der etter! I tillegg er det lov å vise sunn fornuft og ta sine forhåndsreglar.

Vil like vel få ynskje alle ei riktig GOD JUL !!!
Ta vare på kvarandre!

gamal-veggloper-juleloper-02

 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vinter og adventstid…

Vinter og adventstid…

Vinteren er her – mørketid!
Eit ljospunkt er at vi òg har adventstid…
adventlys1Sist sundag kunne vi tenne det 1. adventsljoset…
Og om «berre» 3 veker snur sola…!

Her i fjellheimen kom november med både snø og kulde.
Starten på november var litt skremande, med min.temp. ned i -26°, og nesten ikkje snø.
Etter at målingane starta i 2008, er det berre i 2010 det har vore registrert lågare november-temperatur. Det var i slutten av månaden, og den gongen var det heller nesten ikkje snø. Hytteservicen fekk unormale oppdrag, med å måke snø inntil hytter, for bedre isolasjon. Vanlegvis er oppdraga å måke snø bort frå hytter…

Men vêret har variert denne månaden, som elles om åra. Med snø, regn og vind…
I dag er Grotli på toppen av «Snødybder i Norge»-lista, med sine 61 cm. Men litt «unormalt» at det er litt mindre her oppe i hyttegrenda.
Og eg som likar å samanligne frå år til år, ser at det er «mot normalt» mykje. Så mykje har det ikkje vore sidan 2008, da var det 62 cm på denne dato. I fjor, til dømes, var det 4 cm den 30. november.

Kor lenge ein kan køyre heilt til hytta om hausten, er like spennande kvart år.
I år er det 24. året eg noterar til vår hytte, og datoen i år vart 24. november. Men dette har vore svært varierande frå år til år, og heller ikkje til alle hytter ein kan køyre like lenge. Til vår hytte har det variert frå 19. oktober (år 1997), til ut året (år 2000 var det køyrbart ut året, siste turen vi hadde var den 11. januar). Det er berre 8 av desse 24 åra det har vore mogleg å køyre seinare enn i år. Og berre to år vi har kome til hytta med bil fram til jul.

Sjølv om vi er svært vêravhengi her på fjellet, veit vi så inderleg vel at det er ingenting å gjera med vêret!
Ein må ta det ein får – og gjera det beste ut av det!

No ser vi fram til at sola på nytt kliv Skridulaupen…
grotli-breidalsdammen-skridulaupen-19-11-16

…og ynskjer alle ei fin adventstid!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

«Som julekvelden på kjerringa» – kvart einaste år!

«Som julekvelden på kjerringa» – kvart einaste år!

Ikkje berre for oss, men òg for andre, ser ein at snøen kjem like brått, kvart år! Same «kaos» i år som før om åra.
Laurdag morgon vart det på Grotli målestasjon registrert snødjupn på 47 cm. I Kjossvingen målte eg 50 cm.
På hytteservic’n vart det bilbergingsoppdrag, og nokre transportoppdrag. Ein må berre rekne med at i løpet av oktober kjem det snø her oppe, noko anna er «unormalt».
Ein slik «unormal» haust hadde vi i fjor. Eg tenkjer på at den 31. oktober i fjor var eg på sykkeltur innover Strynsfjellvegen, omtrent til Mårådalsmunningen. Men rekna ikkje med at det ville bli nokon «tradisjon».

Hatt ein fin haust…
Men vi har hatt ein fin haust i år òg!
Og noko som for meg har vorte «tradisjon» kvar haust, er minst ein tur til Glåmbakktjønne for å nyte haustfargene. I år vart det et par dagsturar…
grotli-glambakken-glambakktjonne-12-09-16

I tillegg ein kveldstur, der eg kunne nyte dei siste solstrålene for dagen…
grotli-glambakktjonn-glambakken-16-09-16
September i år var den mildaste som har vore registrert, etter at Grotli målestasjon vart montert: september

Eg har teke meg småturar i nærområdet, for å nyte finvêret og naturen, og for å ta ein del bilder. Godt å ha og sjå attende på, utover vinteren…

grotli-breidalsvatnet-breidalen-15-09-16– Solnedgang ved Breidalsvatnet…

Dessverre har ikkje blogging vore prioritert, bortsett frå dei daglege vêrnotata i «Veret i dag». Der har eg òg lagt ut eit og anna bilete…
Som frå sykkeltur innover Heillstugudalen no i oktober (Strynsfjellvegen vart stengt for vinteren den 30.09.16)…
strynsfjellvegen-heillstuguvatnet-11-10-16

…Og sykkeltur i Breidalen, etter Gamle Geirangerveg…

sore-legervatnet-breidalen-breidalsvatnet-gamle-geirangerveg-26-09-16…Her ved Søre Legervatnet, austover mot Breidalsvatnet…
Fleire haustbileter ligg i «Veret i dag» – dersom nokon har interesse av å sjå…

Men det er heilt sikkert mange andre som har vore på lengre, og meir spennande turar enn meg – og samla seg minner i form av bileter – for å nyte utover ein lang vinter…!

Oktober 2016 går mot slutten…

grotli-fullmane-15-09-16

Ynskjer alle ein fin november 2016!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

1. september – «Kvernknurren»

1. september – «Kvernknurren»

1. september – og dermed tek hausten til å sette sine spor.
I liene og på myrene ser ein at haustfargene tek til å koma…

Om denne dagen si primstaven:
1. september: «KVERNKNURREN» (lokalt: «Kveinnkeill’n»)
– Pent vêr i dag, varsla om tørke og lite nedbør utover hausten. Da vart det lite med vatn til dei små bekkekvernene, og vanskeleg å få malt kornet.
– Regn på kvernknurr, varslar om regn i 7 veker framover.
– Slik vêret er på kvernknurr (1/9), slik vil det bli heile månaden, vart det òg sagt.
– Er det godt og fint ver dei to fyrste dagane i september, da vil det vare fram til mikkelsmess (29/9).
– Dei tre fyrste dagane i september sa dei at bjørnen gjorde istand hiet sitt, dei kalla desse dagane “bjørneturka”.

Dersom dette stemmer med vêret i dag, ser det ut til at vi skal få ein del regn framover.

Men vi hadde ein del regn i august òg…
Når ein ser på statistikken frå meteorologisk institutt for Grotli målestasjon, får ein bekrefta at vi hadde ein blaut og kjøleg august i år.
august vêrstatistikk– og den fine augustmånaden vi hadde i fjor – den må vi ta vare på i minnet.

Men vi skal heller ikkje gløyme at vi har hatt mange fine dagar i august i år òg! Mellom anna med tangering av den varmaste augustdagen på fleire år. Og at vi hadde berre ei frostnatt!
Heillstuguvatnet 24.07.16– Heillstuguvatnet, sett frå sørsida og vestover…

September kan òg vera ein fin månad, slik som i fjor.  – Vi håpar at slik blir det i år òg!
Vi får berre nyte det beste av det som kjem.

Minner om Skjåk Turlag sin tur:
«Siste tur for sesongen er søndag 4. september. Da blir det tur ved gamle Strynefjellsvegen (fra Måråe til Vassvendtjønnene). Dette er en historisk tur, og den er kort og lett.
Frammøte: Ved Bruvoll (for samkjøring) kl. 9.00.
Turleder er Bjørn Dalen.
Vel møtt!»

Eg har prata med turleiar, som opplyser:
Reknar med stopp på p-plassen ved bommen ved Heillstuguvatnet, ca kl 09:30. Frå der må ein nytte bil inn til Vargevasskulane.
Samkøyring anbefales!

Med dette bilete teke ved Kjostjønne for eit par dagar sidan (i regnvêr)…
Kjostjønne 30.08.16
…ynskjer vi ei god helg til alle!

– Og kanskje kjem det litt ekstra «helgelesnad» frå bloggforfattaren, som har brukt regnvêrsdagar på «Før i tida…».

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Haust- og vinter-førebuing…

Haust- og vinter-førebuing…

Det går nok, ubønnhørleg, mot haust.
Den 24. august hadde vi «Barsok», som etter gamalt vart rekna som fyrste haustdag. Og snart er haustmånaden september her…
Dersom det kjem snø i slutten av september, er ikkje det noko nytt, her på fjellet. Som oftast smeltar den att, men t.d. i 2009 la den seg for vinteren den 28. september…

Hytteservice-tenester…
Skjåk Hytteservice er forhandlar for Jets toalettsystem, og m.a. i år har vi levert fleire anlegg. Til desse anlegga brukar òg Tor å avtale med lokal elektriker og autorisert rørlegger, som ordnar papira som skal inn til kommuna for å få godkjennt og registrert anlegget. Jets-tankar – Arkivfoto

«Handle lokalt» er det noko som heiter.
Svært ofte kan det lønne seg å bruke lokale serviceinnstilte bedrifter, som samarbeider godt. Problem med utstyr kan oppstå, og som Øystein Sunde syng om; det skjer svært ofte «fredag etter 4». Opp gjennom åra har vi hatt svært mange nøgde kundar som kjem på hytta fredag kveld eller laurdag, og oppdagar problem. Dette har dei så fått hjelp med i løpet av stutt tid.

Noko mellom anna dette innlegget i hyttegruppa på facebook syner:

«Kva skulle vi gjort utan han Tor? Då vi i går ettermiddag fekk problem med jetdoen, kontakta vi han Tor, og ein liten time seinare kom han med Svein elektriker og fann etter ei stund ut at det måtte byttast ut ein magnetventil, (eller var det forgassaren), som vart bestilt hos Hagen nede på Bismo, og karane kom igjen i dag tidleg og fekk orden på doen. Vi er berre så takknemlege for den raske hjelpa og for at doen fungerer igjen. Så takk for flott service på ein søndagskveld!!!»
– Og dersom eg ikkje hugsar feil, var det ikkje berre sundagskveld, men palmesundag – og påskegjester på veg…

«Vil du ha nærbutikken din i morgon – så bruk den i dag» er eit slagord som blir brukt.
Dette gjeld nok andre tenester òg, som t.d. hytteservice.
I haust er det 20 år sidan firma Skjåk Hytteservice vart registrert.
Vi har prøvd å yte fleire typer service, for at vi kan vera her. Ynskjer at hyttefolket kan sjå nytte i oss – ikkje berre når nokon kjem til parkeringsplassen i dårleg vêr om vinteren, og finn ut at dei ikkje orkar å gå til hytta i djup laussnø og vind.
Men vi har trua – og håpar vi kan halde fram i nokre år til!
Gledeleg er det at det går så fint framover med Tor etter hofteoperasjonen! No får han lov til å prøve seg i 50% arbeid.

Det er tid for vinterførebuing på fjellet!
Med hausten kjem tida for vinterførebuing. Mellom anna er det mange som treng å tømme hyttedoen.
Vi må hugse at innhaldet frå dei skal ikkje i søppelkonteinarane!!!
For dei som har Jets-anlegg er det pliktig tøming med sugebil. Dette blir automatisk ordna frå kommuna, da alle anlegg skal vera registrert der.
For andre som ynskjer å nytte seg av sugebil for tøming av do, blir det også i år ei runde i regi av Skjåk Hytteservice. Si ifrå snarast til Tor (mob 97553510), dersom du vil vera med! sugebil tøming

Ein del vil kanskje passe på å bera inn vatn, og fylle sisterna, no medan dei har sumarvatn like ved hytta (ja, reguleringsbestemmelsane er som før: det er ikkje lov å bruke provisorisk vasslange, eller legge inn vatn på annan måte – vatnet skal berast inn).
I den forbindelse fekk vi for nokre år sidan spørsmål om vi kunne skaffe Micropur for å tilsette i vassisternene, og selge dette i porsjonspakker.
Micropur

Så vart gjort, og eg forstår godt at folk ynskjer å kjøpe porsjonspakker, i staden for ein heil boks på 500 gr. Som «alt» anna har dette òg ein «best før» -dato. Ja, eg har jamvel sett kattesand med «best før».
Dette er rein service frå oss.
No har vi nyinnkjøpt Micropur på lager att, og det vil bli mogleg å kjøpe 10 gr porsjonspakker!

I dag kom det ny leveranse frå Jets, tank og do-system.
På same levering fekk vi med Jets frostvæske, slik at vi har på lager for salg.
Jets frostvæske

Vi kan òg informere om at;
No er den nye heimesida for Grotli Hyttegrend oppe og går! Lenke: http://grotlihytteforeining.no
Der informerar Grotli hytteforeining m.a. om årsmøte fredag den 23. september, og dugnad i hyttegrenda den 24. september.

Fine dagar…
Dei siste vekene har det vore strålande seinsumarvêr!
Vi var så heldige å få nytte nokre av desse dagane i Hamsedalen. Fyrst var Tor og eg der eit par døgn…
Hamsedalen Ola-Bu 17.08.16– Ola-Bu, ved 2. vatnet i Hamsedalen.

Deretter var Tor og ein kompis der ei helg. Hamsedalen 3.-vatnet 19.08.16 – Her bilete frå 3. vatnet i Hamsedalen.

I dag har vêret endra seg!
Som vêrmeldingane har varsla, fekk vi regnvêr. Mellom ca kl 10 og 15 i dag kom det 25 mm nedbør. Og etter meldingane til yr.no skal vi få meire i løpet av kvelden, natta og morgondagen.

Med dette kveldsljos-bilete frå Hamsedalen, teke ut gjennom vindauga i Ola-Bu…
hamsedalen 20.08.16
…ynskjer vi ei fin helg til alle! 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * 

Nysnø på toppane! – Er det «som normalt»?

Nysnø på toppane! – Er det «som normalt»?

Etter 1 ½ døgn med regnvêr, kjøleg og noko vind, vakna vi i dag til nysnø på toppane!
Ein blir litt sjokkert med det same – 10. august og nysnø?
Eg stolar ikkje heilt på minnet mitt, heller ikkje på «manns minne», men meinar at nysnø på toppane i månadskifte juli/august ikkje er så unormalt…?

Eg har sett litt attende på bileter frå ca 10. august dei 4 siste åra, og fann bilete av Skridulaupen med nysnø den 14. august i 2013.

I dag tidleg kunne ein tydeleg sjå nysnø langt nedover fjellsidene, både på Skridulaupen, sjølv om den hadde gøymt seg bak ei sky, og nedover Krosshø – som her: 
Nysnø Krosshø Grotli 10.08.16

Frå morgonen i dag var det opphaldsvêr, og nokre sprekkar i skylaget. Frå regnmålet mitt kunne eg tømme ut ca 19 mm regnvatn.

Litt ut på dagen tok det til å «grine i høom» att, og vi fekk att regnvêret, framleis kjøleg og ein del vind. I kveld har jamvel nokre snøfiller blåst forbi vindauga… 

Sjølv om denne sumaren ikkje har utmerka seg som spesielt varm, må vi sjå på det positive:
Når eg såg på bileta i dag, attende til 2013, slår det meg at det er mindre snø i fjellet denne tida i år.
Ein annan ting som er «mot normalt» – men gledeleg i år – er at i løpet av dei siste 8 åra er det berre år 2013 og 2016 som det ikkje har vore registrert minusgrader på Grotli målestasjon i juli og pr. 10. august (meteorologisk institutt starta målingar i Grotli 1. oktober 2008).
Det vil vel si at vi har hatt ein bra sumar så langt – trass alt!

Vi får trøste oss med at komande veke meldes det mykje sol og varmare vêr. Nysnøen i fjellet blir nok borte da, om ikkje før… Det kan framleis bli ein bra haust!
Vi kan gjerne vente 2-3 månader på slike nysnø-bileter att!

Mot Skridulaupen i dag, 10. august:
Nysnø Skridulaupen Grotli 10.08.16

 

* * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest