Er det vinteren som kjem…?

Vi har skrytt uhemma av denne fine hausten! Når ein ser på bileta teke i det siste, ser ein at det stemmer. Særleg når ein samanlignar med tidlegare år.

No når det er mindre trafikk, har Dora og eg ”drista” oss ut på vegen med sykkel. Det blir ikkje lange turane, fort går det heller ikkje. Til det har nok både Dora og eg for lite trening. Men vi får fine lufteturar!
Før helga vart det ein tur opp til Heillstuguvatnet…
strynsfjellvegen bommen 14.10.15
…det er ikkje kvart år det er snøfritt og køyrbart innover fjellet den 14. oktober.

Sist helg var det eit strålande vêr!
Breidalen spegla seg i eit blikkstille Breidalsvatn…
Breidalsvatnet Breidalen 18.10.15

Sykkelturen på Gamle Geirangerveg var ein sann fornøyelse!
Gamle Geirangerveg 18.10.15

Som avslutning på turen vart det kaffepause saman med Tor…
Kaffepause 18.10.15…på grunnmuren vår.

I det siste har yr.no varsla vêrforandring, noko vi tok til å merke i går, tysdag.
Mot Krosshø 20.10.15

Og når vi kom opp til Heillstuguvatnet var bommen nede – Vinterstengt!
Vinterstengt 20.10.15
Det bekreftar at vinteren er like om hjørnet! Noko som vart understreka av snøbyger litt seinare på dagen…

– Og i dag (onsdag) låg den fyrste snøen…
Den fyrste snøen 21.10.15
…men utover ettermiddagen vart det mildare, og det meste av snøen smelta.

Skiløyper…
Når snøen legg seg er det mange som vil ha skiløyper – snarast råd. Strynsfjellvegen blir nytta til løypetrase, frå Vinterparkeringsplassen og oppover. I fyrste omgang til bommen ved Heillstuguvatnet, der det – før bommen kom, vart omtala som Bikken. Vidare innover ligg Breheimen nasjonalpark, med Strynefjellet landskapsvernområde – der det ikkje er lov å køyre opp skiløyper før ut på etterjulsvinteren.
Utover vinteren legg det seg som oftast store snøskavlar oppover vegen, og det blir vanskeleg å sjå kvar løypa skal ligge / kvar snøen må planeres. Derfor er det nyttig med snøstikk…
løypestikking 21.10.15…noko Tor sette ned i kveld.

Yr.no varslar litt nedbør i dagane som kjem, både som regn og snø, og aukande vind.
Det tyder på at det er vinteren som kjem.
Noko anna er nok heller ikkje å vente – denne årstida!

Og slik går no dagane – framover mot vinter…

* * * * * * * * * * * * * *