Snø! – Men er det ”som normalt”?

Vêrmeldingane for helga lovte oss nedbør, både som regn og snø… Og slik vart det. Fjellheimen fekk eit kvitt teppe over seg – ca 5-10 cm snø.
nysnø 26.10.15

Fordelen med litt snø er at det blir ljosare. Eg personleg skal klare meg godt utan meir snø, til det nærmar seg jul. Vinteren blir like vel lang nok, når vi veit at snøen ligg til ut i juni her!

Slik var det da…
I ”gamle-bloggen” hadde eg ein kategori eg kalla ”dags dato”, og ”slik var det da”, der eg såg attende og samanligna. Etter attendemeldingar eg har fått, er det nok fleire enn eg som tykkjer det er interessangt å sjå korleis det har vore desse åra vi har hatt hytte her. Er ein del som spør ”når kjem snøen” og  ”kor lenge kan vi køyre til hyttene”?

Som vi veit – det har vore stor forskjell frå år til år! Ein kan vel nesten si at det har vore litt ”unormalt” både i år og i fjor, når det ikkje har kome snøkast i månadskifte september/oktober. Som t.d. i 1994 når det i løpet av døgnet 4. oktober la seg 50-60 cm snø her. Men i løpet av ei veke var det meste av den borte att, og det var køyrbart til den 13. november.
Hausten 1997 var det ikkje køyrbart lenger enn til den 19. oktober, men eit anna år (hausten 2000) køyrde vi til hytta nyttårshelga og nokre dagar ut i januar.
Elles visste ho nok kva ho prata om bestemor til Are på hotellet. Are hermer etter henne, Berta Grotli  (d. 1996, 90 år gamal), at det er «unormalt» med ein meter snø i Grotli før jul. Ho budde nede på Gamle-Grotli (Grotli Fjellstue), og hadde eit mark for snødjupna.

Men det var nok stor forskjell frå år til år den tida òg!
Som dei fleste sikkert har merka, samlar eg på gamle postkort, særleg frå Grotli-området.  Fekk meg ein gledeleg overraskelse for nokre år sidan, når eg kjøpte eit gamalt postkort, og det viste seg at det var sendt som julehelsing frå Berta og Sevald! På baksida står det:
”Her er lite sne og bilføre endda.”
julehelsing frå 1957Det var nok ikkje normalt den tida på året, i gamledagar. Kortet er poststempla 21.12.1957, og den tida vart ikkje vegen brøyta lenger enn til Pollfoss om haustane/vintrane!

Dags dato…
Men korleis har snøforhalda vore dei siste åra?
Her er bilete frå webkamera vårt, den 25. oktober, 2008->2015:
b1025 2008, 2009, 2010
b1025 2011, 2012, 2013
b1025 2014, 2015

Og slik såg det ut borte ved bommen i dag, 26. oktober, når eg og Dora tok ein luftetur:
år 2015 26.10

For tre år sidan, same dato i 2012, såg det slik ut:
MINOLTA DIGITAL CAMERA
På målestasjonen på Gamle-Grotli var det registrert 60 cm snø denne morgonen.
Morgonen etter (den 27. oktober 2012) var det registrert 65 cm snø.
Som vi veit – her oppe i hyttefelta brukar det å vera ca 15-20 cm meir snø enn på målestasjonen!

EG er nøgd med det vi fekk i helga – og skal ikkje ynskje meg meir snø før ved juletider!

Ha ei fin (og snøfattig) veke!
– Men det er vel òg nokon som ynskjer seg snø…

* * * * * * * *