Vinterdagen – 14. oktober…

Da er det å snu primstaven – frå no er det vintersida som gjeld.

I gamledagar var vinterdagen ein viktig merkedag, m.a. om korleis vêret skulle bli:
– Vinteren skal bli slik som veret er vinterdagen.
– Kjem det snø vinterdagen, vil det koma regn sumardagen (14/4).
– Blir det storm fyrste vinterdag, spår det ein stormfull vinter.
– Det er varsel om ein god vinter, dersom det er godt ver vinterdagen.
– Er det dårleg ver vinterdagen, skal det bli ein snø-vinter.
– Går det lang tid etter vinterdagen før det kjem snø, vil det bli tidleg vår.
– Det vil bli sein vår, dersom snøen ligg frå vinterdagen.
– Skin sola så lenge vinterdagen at ein rekk å sale av og på ein hest, skal det bli fin vinter.

Og denne vinterdagen – den starta med ein fantastisk soloppgang…

soloppgang 14.10.15
…etter haustens, hittil, kaldaste natt. Kl 07 vart det på Grotli målestasjon målt -6,2°.
Men til samanligning: 14. oktober 2009 var det målt -17,4° og 21 cm snø der.
Litt betre den 14. oktober 2011: -11,3° og 12 cm snø.

I vår hadde vi sein vår, men snøen låg ikkje frå vinterdagen i fjor haust. Det kom litt snø den 19. oktober, som vart borte att. Frå den 29. oktober la den seg. Men – det slår sikker til, år om anna.

Kong vinter prøvde nok å skremme oss litt sist fredag, når det ”lava ned” store snøkjerringar…

snø 09.10.15
…men det vart berre med skrekken.

På nettsida til avisa GD las eg i går om at det varsles rekordkald vinter.
Her i fjellheimen kan vi nok, uansett, rekne med temperaturar under -30° om vinteren. Er nok lurt å belage seg på godt med ved, men også å ha tilstrekkeleg med varme i hyttene når dei ikkje er i bruk. Dette er det nok ein del som har erfart, og teke lærdom av.

I Grotli Hyttegrend
er det eit par ting som, kvar haust, minnar oss om at det går mot vinter:
– Sumarvatnet blir fråkobla. I år vart det fråkobla i dei siste felta måndagskvelden. Eg trur jammen det er fyrste året det har skjedd så seint! Eg veit at hytteservic’n har labba rundt i felta i nysnø, og grave seg ned på kranar og koblingar, for å få tømmt anlegget for vatn. Eller at det har rukke å fryse, da ein ofte prøvar å vente lengst mogleg før ein koblar frå vatnet. Vanlegvis i månadskifte september/oktober. Men i år altså den 12. oktober – det vitnar om at vi har hatt ein fin haust!  
– Måndag vart òg søppelconteinerane fløtt frå hyttefelta. No må alle nytte seg av conteinerane som står på Vinterparkeringsplassen. Den som står på Påskeparkeringsplassen (den store P-plassen) skal IKKJE nyttast før påske! Før om åra er det dessverre ikkje alle som har tenkt på at den vil snø inne, og ikkje blir tømt før etter påske.

No tek det til å bli dårleg med haustfarger, men i finvêret sist helg kunne ein framleis sjå ein del…

haustfarger 10.10.15
Det vart liksom litt ”stille og tomt” i hyttegrenda, etter at det hadde vore eit par veker med haustferie, og eit par helger der ein heil del hytter var i bruk. Hotellet har stengt for sesongen.  Turistar og annan trafikk etter Strynsfjellvegen er òg svært liten. Men framleis er vegen open over fjellet, og ein føler at ein har heile fjellet og vegen for seg sjølv, når ein går der…

strynsfjellvegen 13.10.15

Førjulskveld.
Ein del har lurt på om det blir arrangert førjulskveld på hotellet i år.
No ligg det info. på den offentlege FB-sida til Grotli Høyfjellshotel, sitat:
Laurdag 5. desember 2015 ynskjer vi å arrangere ein førjulskveld for hyttefolket i Grotliområdet, Hamsevika og Billingsdalen…”
Klikk deg inn her for å lesa.

Det er spennande framover, denne tida – kor lenge er det til kong vinter kjem for alvor?

Vi får nyte, og nytte, denne fine hausten – så lenge vi har den!

soloppgang 2 14.10.15

* * * * * * * * * *