Langs Strynsfjellvegen (del 1)


LANGS  STRYNSFJELLVEGEN – FV 258

Utrusta med Ingvar Jensen (f. 08.07.1916 – d. 21.09.1994) sine notat om gamle veg- og stadnamn, tek eg dykk med på ein tur oppover Strynsfjellvegen, og innover mot Strynsfjellet (Strynefjellet), for å prøve å finne stadane han har på lista. Har òg prøvd å samle litt anna informasjon, og tek nokre «avstikkere» langs vegen – samt at eg tek med nokre gamle og nye bileter.
NB: Alle bileta er «klikkbare», for å sjå større versjon.

– Bilete av Ingvar Jensen, henta frå heftet «Strynefjellsvegen 100 år» – «jubileumsheftet» som var laga i anledning markeringa i 1995.  

Startar med å sjå litt på korleis det såg ut i, og ved, Grotli-garden (Grotli-garden = gardsplassen / parkeringsplassen), som det vart kalla utanfor hotellet, der også vegkrysset Stryn-Geiranger-Otta låg, rett ved inngangen til hotellet.

Rett over vegen var det bensinpumper og ein bygning med postkontor og kiosk. Nokre meter lenger vest var det bilkontor, oppført ca 1920, eller fyrst på 1920-talet.

– «Før og nå» -bilete av bilkontoret/tomta. I dag ser ein berre murrestane av bilkontoret, som var i drift fram til heilårsvegen vart opna, i 1978. 

  • Kopi av Ingvar Jensen sine håndskrivne notat, på kopi av eit kart frå Statens vegvesen.
    Signert I. J. 1988. Kopien fekk eg låne av Skjåk historielag.
     

Strynsfjellvegen. (I denne omgang Grotli – Vargevasskulane / Kulane) 
(NB: Km er veiledande. Delvis frå I. Jensen sine notat, og delvis frå mine notat).
Km 0,0 – 0,100
På venstre side var det i gamledagar både fjøs og stall, med plass til hestane til vegfarande. Derav namnet Stalltjønne, på høgre side når ein køyrer innover vegen.

På venstre side var òg ei gamal vegvesenbrakke og myldhus.
Vegvesenbrakka, òg kalla Vegaskjelsbrakka, er eit gamalt seterhus som vart fløtt frå Nysetra, og seinare utvida med påbygg.
I 1950 vart det òg bygd garasje på tomta. Den skulle romme dei nymotens hjelpemidla som vart teke i bruk til oppbrøyting av fjellovergangane om våren, m.a. «Peter-fresen».
Brakka og garasjen står der framleis.

Km 0,200 – 0,800
Vegen vart omlagt 1987/1988
Her vart det bygd ny reguleringsdam for Breidalsvatnet, med Strynsfjellvegen (Fv 258) på damkrona.

Km 0,335 – 0,350
På høgre side: Påskeparkeringsplass for Grotli Hyttegrend. Hyttetomter (på sørsida av riksvegen, og langs Strynsfjellvegen) utlagt frå 1990 og nokre år utover.
På venstre side hyttefelt H1.

  • På det gamle postkortet ser ein kvar vegen gjekk, før den vart omlagt (1987/1988) og ny reguleringsdam for Breidalsvatnet (bileta er teke mot Krosshø i nord).

Km 0,830 – 0,900
Høgre side: Vinterparkeringsplass for Grotli Hyttegrend, og innkøyring til «Damvokterhytta».
Like sørvest for «Damvokterhytta» var Gjetarhytta som mannskapa frå dei to flya (eit tysk og eit engelsk) som naudlanda i området, etter luftkamp den 27. april 1940, søkte tilflukt i (sjå event. tidlegar blogginnlegg «Grotli 27. april 1940»).
I same området er påhogget til overføringstunnelen, ved Øvre Otta utbygginga, (år 2005). Lukehus vest for «Damvokterhytta».

Km 0,950 – 1,150
Kjossvingen.
Bom for vinterstengt fv 258.

Når vi kjem gjennom svingen, har vi
Kjostjønne på høgre side.

  • Om namnet Kjos:
    Namna som har Kjos- i seg er frå «nyare» tid, og kjem av at dr. Ole Torsteinsen Kjos (1892-1977), var den einaste som fekk bygge hytte i heile Grotli-området (1929). O. T. Kjos, frå Vang i Valdres, var distriktslege i Lom og Skjåk frå 1919 til 1932.
  • Kjoshytta låg opp til høgre i Kjossvingen. Kjoshytta var motiv på eit puslespel, frå ca slutten av 1970-talet. Hytta vart teken ned på 1990-talet, og står no oppattbygt nord (opp) for Grotli Hotel som «Andreasstugu». På tomta der Kjoshytta var, er det no ny hytte og nye eigarar.

Km 1,250

  • Til venstre:
    Veg til gamalt kraftverk (ca 1 km), som var i drift 1948-1982, og kunne forsyne både hotellet og fjellstugu med elektrisitet. Tidlegare hadde dei kraftverk ved Breidalselva (1939-1948).

    Hengebru over Måråe (ca 500 m), og merka T-stig til Skridulaupbu.
    No blir vegen også nytta til hyttefeltet ved Måråe, utlagt i 1990.

Km 1,500 – 1,650
Vesteråssvingen.

Km 1,750
Saltplassen (også kalla Saltlageret).
Namnet kjem av at Statens vegvesen hadde lager av saltsekker her, til bruk ved salting (vedlikehald) av vegen om sumaren.

Til venstre er Saltplassen, til høgre er avkøyring til hyttefelt. Rett fram ser ein Hånsnarsvingen.

Km 1,950 – 2,000
Hånsnarsvingen.

  • For dei som arbeidde, og arbeider på vegen, var/er det nok nyttig med stadnamn. Mellom anna er det mange snøfonner som har namn. Elles steinar, skjæringar, svingar osb.
    Ofte er det person-namn som er brukt. Eg har fått forklart at  dette kjem av at svingar, fyllingar ol. fekk namn etter den som var «lagbas» og ansvarleg for akkorden. 
  • Desse namna blir òg brukt i dag. Eg har sjølv høyrt dei som brøyter si at; «No har vi passert Storsteinen», eller at; «I år er Abrahamsfonne stor». 

Km 2,250
Vasstokken
Her var det ein gamal vasstokk på høgre side av vegen, der ferdafolk kunne hente friskt rennande fjellvatn, til seg og hestane.

Km 2,800 – 2,950
Bikken.

På toppen, på venstre side, er eit info.merke vedrørande luftkampen som var her i området, mellom eit engelsk og eit tysk fly, april 1940.
(Hendinga har eg skrivi om før, og kan lesast her i bloggen).
Det tyske flyet naudlanda, og vart liggjande på andre sida av dalen, ved austenden av Heillstuguvatnet.

Ved dette merket er også stig ned til hengebru over Måråe. Ny hengebru vart bygd sumaren 2013.

Innerst på Bikken er også vegbom for vinterstenging av Strynsfjellvegen. Som oftast omtala som «bommen ved Heillstuguvatnet», t.d. ved oppkøyring av skiløyper om vinteren. 

  • Går ein over hengebrua, kan ein m.a. gå på venstre side av Heillstuguvatnet, og koma til staden der vrakrestar av det tyske flyet som naudlanda april 1940 ligg (vrakrestane er freda).

    Går ein litt lenger, kjem ein til murrestane etter Heillstugu.
    Sagnet vil ha det til at Harald Hårfagre låg sjuk der i den tida han samla landet til eit rike. Hærmennene hans bygde ei innsmogo av steinheller, slik at han fekk ly for vêr og vind, til han vart frisk att. Derav namnet Heillstugu og Heillstuguvatnet (Skjåk-dialekt: stein-heille). Ein kan vel ikkje med sikkerheit si om dette sagnet er korrekt, men namnet kjem nok av (stein-)helle, og ikkje av heilag, som òg har vore hevda. Derav Heillstugu /-vatnet med to l’ar.

Like innafor bommen (ca 75 – 100 m):
Grensa til Strynefjellet landskapsvernområde, som ligg i Breheimen nasjonalpark. Desse vart oppretta år 2009.

Strynsfjellvegen går gjennom Strynefjellet landskapsvernområde.

Her opnar Heillstugudalen seg, med Heillstuguvatnet i dalbotnen på venstre side av vegen.

Km 3,200
Smie.

Litt opp for vegen finn ein murar etter gamal anleggssmie.

Km 3,400
Gamal tomt, på høgre side…

…Nokre få meter frå vegen, er det ei gamal tomt, med murrestar etter Heillstugu vegbrakke.

Etter det eg har funne av info., kan det vera same brakka, Storbrakka, som vart fløtt fleire gonger, etter kvart som arbeidet med vegbygginga gjekk framover.

Km ? (ca 4)
Snøskred 1943.

Km 4,450
Jord og steinras, juni 1960.

Km 4,600 – 4,700
Frantsfonnen.

Km ca 5,400 ??
Lundefonnen.

Km 5,050 – 5,500
Rundtomkring.
Namnet kjem av at vegen svingar seg «rundt omkring» steinar og bergknausar. Ein som arbeidde på vegen tok til å kalle det for «Rundt omkring» – og slik fekk området dette namnet.

Km 5,700
Vetelbakken og Vetelbakkfonna.

Km 6,000 – 6,200
Storfyllingen.

Km 6,850
Smiusteinen.

Med murar etter gamal anleggssmie.

Km 6,870 – 6,930
Smiufonnen.

Km 7,650
Svartfonna (med Svartstein).

Km 7,780
Svartstein.

Km 7,880 – 7,900
Vakkergruva/-fonn

Km 8,150
Storstein.


Heillstugudalen deler seg.
Til venstre, mot sør: Mårådalen. Vidare vestover: Vassvenddalen.
Midt imot har vi Raudeggje. 

Km 8,900
Vargevasskulane / Kulane. 
Til venstre:
Veg til Vargevasskulane / grustak. Stig til Mårådalen.

Her, i nærleiken av vegen, skriv Ingvar Jensen i sine notat at det skal vera murrestar etter gamal bebyggelse.
Men desse murrestane har ikkje eg klart å finne. Andre kjentmenn vi har vore i kontakt med, kjenner heller ikkje til dette.

Litt om Mårådalen:

  • Innover til venstre går Mårådalen.
    Historia fortel om funn av edlare metall i Mårådalen.

    Men det sikraste, og best dokumenterte funnet frå Mårådalen er «Morradal-meteoritten» (Mårådal-meteoritten) frå 1892. Meteorittsteinen er 2,750 kg, og er utstilt ved Naturhistorisk museum. Les meir om meteoritten her.  
  • Fangstgroper for fanging av rein – reinsgraver – finn ein på båe sider innover Mårådalen. I alt  (minst) 12-14 graver. Her er eit bilete av ei av gravene. Bilete har eg fått låne av hyttenabo Hans Georg Kayser.
     
  • Innerst i Mårådalen treffer ein på armar av Mårådalsbreen. Som vi har høyrt har breane rundt om i landet minka dei siste åra. Slik også med Mårådalsbreen. Tor tok eit bilete av brearmen i 2002. Dette biletet lånte hyttenabo Hallgeir Elvehøy med seg innover i fjor, og tok nytt bilete. Han målte breens attendegang til 204 meter, i løpet av desse 15 åra.
    Bileta er teke i 2002 av Tor Bruland, og i 2017 av Hallgeir Elvehøy, der ein finn att same punkta i framkant av bilete:
     
  • Elles er det eit fint turområde, og fint å fiske, innover Mårådalen. 

Her, på Kulane, avsluttar eg denne fyrste delen langs Strynsfjellvegen…
Takk for turen!
Planen min er å fortsette innover fjellet – etter kvart!

  • Anmerkningar som dette (i blå skrift), er avstikkere og «utanomsnakk» frå bloggforfattar.

Tusen takk til mine kjelder, som m.a. er:
– Ingvar Jensen si samling av gamle namn langs vegane, frå Skjåk historielag.
– Statens vegvesen sitt hefte «Strynefjellsvegen 100 år».
– Boka «Grotli 100 år».
– Muntleg fortalt av forskjellige eg har vore i kontakt med.
– Naturhistorisk museum.
– Hallgeir Elvehøy.
– Hans Georg Kayser.