På ein grå og regntung dag…

…som dagen i dag, er det best å sitte inne. Heller tenke på sol og varme…
Mange klagar over denne sumarvarmen – som uteblir. ”Alle” har det verste vêret. Men Yr.no bekreftar kven som hadde det verst/kaldast i natt:

temp 21.07.15

Sumar er mellom anna tid for ute-arrangement.
Sist laurdag var tida for seterkonsert på Åsen. Med ei og anna regnbyga på dagen, var det spennande korleis vêret ville bli om kvelden…
Men det vart opphaldsvêr under heile konserten, og mykje folk hadde møtt opp.
Det var berre å nyte fin og god underhaldning! Ein svært triveleg kveld vart det!
Litt kjøleg, men med ekstra klær gjekk det heilt fint. Og når ein får servert ein god og varm kaffekopp, og biteti, i pausa – det varma ekstra.
seterkonsertTriveleg var det òg å treffe folk ein sjeldan treffer og pratar med elles.
Litt morosamt var det òg med trivelege attendemeldingar på FB-sida, den nye heimesida og bloggen til hytt’sørvisen! Tusen takk!
Og til deg som etterlyste dei gamle heimesidene:
Primstaven kan du framleis finne ved å klikke her – historia om Ola-Bu i Hamsedalen ligg her.
Eg har ikkje overført/laga nye sider frå den gamle heimesida enno, men har fått oppskrift på korleis eg kan gjera det. Kanskje blir det haust- og vinter-arbeidet mitt? Vi får sjå… Eg har så mange planar og ”jern i ilden”…

At mange likar seg her på fjellet, og kjem att år etter år, er triveleg!
Men når dei som ”angreip” oss i 2007 kjem att – det er mindre triveleg!     larveangrep 2007(Utklypp frå GD, 6. juli 2007. Klikk på biletet for større versjon)
Det er ein del larver (åmer) på bjørka i hytteområdet att i år, men ikkje så stort omfang som sist (enno?). Pedersen, som var her og såg på angrepet i 2007, har fått nokre bileter frå meg dei siste dagane. Han trur at det er same slag; stor haustmålar. Dersom han får anledning, vil han ta ein tur og undersøke nærare.
Det er vel helst ikkje for slike hendingar vi ynskjer at området vårt skal bli lagt merke til – men vi får håpe at alt det positive veg opp for det negative!

Ha ein fortsatt fin dag – gjer det beste ut av den – uansett vêr!

* * * * * * * * * *
* * * * * * * * * *