Det kallast midtsumar…

…med regnbyger, lågt skydekke, nysnø på toppane og temperatur rundt 5°.
Midtsumardagen kjem midt mellom sumardagen (14. april) og vinterdagen (14. oktober), og kalenderen fortel at midsumardagen var for to dagar sidan (14. juli).
Men det kjennes ikkje slik ut…
Juli kom med varme dei fyrste dagane – vi optimistar fekk kanskje falske forhåpningar…

Men dagane går sin gang.
I hytteområda er det ein del aktivitet no. Nokon bygger på hytta, hjå andre er det tid for vedlikehald. Det er så rart med det, etter ca 20-25 år kan det vera eit og anna som må skiftast… Og atter andre ynskjer å modernisere litt.

Dei siste åra er det m.a. ein del som har montert Jets-toalet i hytta si. Skjåk Hytteservice er forhandlar for Jets, og fyrst i denne veka vart siste bestilling levert her på fjellet:Jets-tankar Men no har dei endra forma på tankane (før var dei runde). Mykje meir upraktiske tankar no, meinar Tor, både å frakte og grave ned. Men det går, det òg!
Han skal i vertfall sleppe å ”plundre” med den slag til vår hytte. Så lenge muldoen fungerar, eg får behalde dobbeltstemma mi og EG ber inn vatnet, blir det nok ikkje slik do her. I mine argument mot jets-do har eg fleire gonger sett opp reknestykke på kor mykje vatn som trengs til den i vårt tilfelle. Minst 2000 liter pr. år, kjem eg fram til. Her i Grotli Hyttegrend har vi ikkje lov til å legge inn vatn, heller ikkje føre inn vatn med slange provisorisk. Nei, sååå glad i å bera inn vatn er ikkje EG, at eg ber inn for å tømme ”rett i do”.
Men – ein skal aldri si ”aldri”. Kanskje om nokre år – når vi har fått oss annan bolig her på fjellet, og ikkje brukar hytta så mykje – kanskje eg endrar meining da?

Laurdagskvelden er det Seterkonsert på Billingen (klikk på biletet for å sjå stor plakat).
seterkonsert billingen 2015Konsertane som har vore før om åra har vore til å anbefale! Får håpe at dei har vore i forhandling med vêrgudane, og kome fram til ei god avtale om vêret òg!

Trass regn og lite sumarvarme – lufteturar må vi ha!
luftetur i regnver 16.07.15Da gjeld det å kle seg etter vêret, både for to- og fir-beinte.
Ein må ta vêret som det kjem – og gjera det beste ut av det…

* * * * * *