I tåke og novembersol…

No i desse dagar set eg stor pris på sola kvar dag den gløttar fram – også når tåka heng ned på taket. Det gjev eit magisk ljos… slik som er vanskeleg å formidle på bilete…
Framleis kliv sola Laupen, og dersom ein skal sjå eksta positivt på det – så får også den som er B-menneskje (- eller enno lenger ute i alfabetet -) med seg soloppgangen.
At snøen har lagt seg som eit kvitt teppe over fjellheimen, gjer det litt ljosare…

mot grotlivatnet 18.11.15

Med denne snøen kjem òg alle spørsmåla: ”Kor langt kan vi køyre?” ”Må vi ha ski for å koma på hytta?” ”Kan vi gå på føtene?”

Desse spørsmåla er vanskeleg å svare på, men vi prøvar så godt vi kan, m.a. ved å opplyse ca snødjupn. Når det gjeld køyring må kvar enkelt vurdere!
Eigentleg er vel store delar av Strynsfjellvegen og vegane i hyttegrenda å rekne som utmark no…?
Men kva er definisjonen på køyring i utmark? Er det straks snøen legg seg, eller er det når det ikkje lenger er spor? Eller er det når det er over x antal cm snø, eller (som eg høyrde/såg ein gong) ”…når ein ikkje kan ta seg fram med vanleg tohjulstrekk-bil er det køyring i utmark…”?
Dette er det vanskeleg å få noko klårt svar på, og ikkje finn eg nokon definisjon på nettet… Derfor er det vanskeleg for oss å gje råd om køyrin/ikkje køyring. Litt kjedeleg å anbefale køyring, dersom vedkomande skulle ende opp med ei 5-siffra bot, som ein kan gjera ved å køyre i utmark.

I ”Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag” står det (utdrag):
”Veg i utmark som ikke er opparbeidd for kjøring med bil, anses i denne lov som utmark. Det samme gjelder opparbeidd veg som ikke er brøytet for kjøring med bil.”

Ser ut til at dei fleste ynskjer å køyre lengst mogleg (og helst litt til), også om hausten.
Men kvar var desse, når eg fleire gonger har kome med forslag på hyttemøter (og fleire gonger i blogginnlegg) om vi kanskje skulle jobbe for å få brøyta om hausten, i staden for om våren? Om våren er det ”betongsnø” og vanskeleg å brøyte, dessutan har vårvatnet lett for å øydelegge vegane når dei er tidleg brøyta. For ikkje å prate om øydelegging av skiløyper/løypetrasear, som blir mykje meir nytta om våren enn om hausten.
Når det gjeld vårbrøyting har Statens vegvesen gjeve sitt endelege svar: ”Nei” – den saka er vi ferdig med!
For mange var argumentet for vårbrøyting at ein fekk forlenga hyttesesongen (sumarsesongen). Eg stillte spørsmål om ein ikkje heller kunne forlenge den i ”andre enden”, altså om hausten? Om hausten er snøen lett og fin å brøyte, ikkje er det vårvatn som øydelegg vegen – og ein slepp å vera usikker på om ein køyrer ”på kanten av lova” (eller utanfor?). Ein har ofte sett at etter den fyrste djupsnøen om hausten, har det vore lange perioder med stille òg fint vêr, utan nedbør. Ein måtte sjølvsagt innhente tillatelse frå Statens vegvesen fyrst.
Men – no kan det vere det same for meg. Dette er kanskje siste hausten eg har behov for å koma meg til hytta så ofte, etter at snøen har kome…

For – det går framover med husbygginga! No tek glasa til å kome på plass…
vinterlego glas 18.11.15
No gjeld det å få tetta skikkeleg inn, før vinteren kjem for fullt. Etter det blir det ikkje noko stress – vi satsar på ein lang og fin sumar neste år!

Elles melder Grotli Høyfjellshotel om oppkøyrd skiløype!

Ynskjer alle ei fin helg!  – Og hugs påmelding til førjulskveld på Grotli hotel: 5. desember!

soloppgang 18.11.15

* * * * * * * * * * * *