Sær hobby?

Vi er sikkert fleire som har våre spesielle interesser og hobbyar. Eg er nok ein av dei, som mellom anna samlar på ”det meste”. Kanskje ikkje alt ein viser fram og pratar om heller…
Men det er morosamt når ein like vel «dristar seg til» å vise fram, at andre òg fattar interesse for det ein har samla! Som til dømes bileta som viser same stad, same dag, over fleire år. Det er mange som tykkjer det er interessant å sjå forskjellar og endringar…
Eller som eg nemde i bloggen for ei tid attende: St. Hans er eg på ”lauv-sanking”, og St. Hans-kvelden tek eg bilete ved tjønna rett ned for hytta.
Mest morosamt / interessant tykkjer eg det er med lauvblada. Det fortel òg noko om korleis våren har vore. Viser ikkje berre at det er att mykje snø, men òg korleis temperaturen har vore.
lauv 2000-2015
Sjølv om det her er berre 16 år, ser ein at årets lauvblad er det minste av alle.
Det stemmer med bileter frå t.d. 2005 og 2012 – det var att meire snø dei åra enn i år, men skogen var grønare. Det var òg meire snø dei vintrane enn i år, og våren var nok mildare enn i år.

Bileter teke ved Grøntjønna, St. Hans kvelden, åra 2000 – 2015:
st.hans 2000-2007
st.hans 2008-2015– I 2005 låg det jamvel att is på tjønna… (..klikk på bileta for større versjon..)

Men myggen har eg ikkje sett enno i år – den brukar å koma trufast ved St. Hans… EG skal ikkje sakne den, dersom den uteblir ei stund til framover. Men den har vel sin plass den òg i naturen, – med tanke på fisk og fuglar som skal overleve…

Når ein sjekkar Yr.no i dag, ser det ut til at vi får ei fin helg!
Det lovar bra for St. Hans-feiring på etterskot ved Breidalsvatnet!

Ynskjer alle ei riktig fin helg!

* * * * * *