«Kom mai – du skjønne milde…»

Vi har lagt bak oss ei «knall-helg» og ein strålande 1. mai!
grotli 1. mai -17
Når sist hadde vi slikt vêr, og slike snøforhold, denne tida på året?
Dei som ikkje var til fjells denne helga, dei gjekk glipp av noko av det finaste som fjellheimen kan by på! Det er ikkje så ofte den viser fram denne sida av seg – dag etter dag!
skiløype grotli heillstuguvatnet
Sjelda fint skiføre, kunne dei som var ute på ski rapportere. Frå Grotli Skiheiser vart det òg meldt om fine forhald, på denne sesongens siste opningshelg.
Når ein såg vêrmeldingane tidleg i veka, hadde eg faktisk rekna med at enno fleire fann vegen til hytta og fjellheimen – sjølv om ein heil del gjorde det.
grotlivsaarunda 30.04.17
Når det tek til å bli kvitt om hausten, er det så mange som ser fram til hytteturar, og lange fine skiturar. Høvet var her denne helga!
gamle grotli skiløype 30.04.17

Mai – vårmånaden på fjellet.
April var nok ingen vårmånad i år, noko den heller ikkje brukar å vera.
Ikkje kvart år vi får så mykje nedbør i april, som i år. 88,0 mm nedbør, og det meste kom som snø.
skiløype grotli heillstuguvatnet mastrunda
Stort sett brukar snødjupna å gå ned i løpet av april, men i år auka den. Rett nok med berre 1 cm i alt, frå den 1. april til den 30. april – men når ein ser at andre år har den minka med opp til 82 cm denne perioda…
skiløype grotli grotlivassrunda grotlivatnet
Blir spennande å sjå framover, om det blir sein vår i år. Ser ein på snødjupna, kan det tyde på minst like sein vår som i 2012 og 2015, som hadde henholdsvis 102 cm og 99 cm den 30. april. I år hadde vi 109 cm (alle mål frå Meteorologisk institutt sin målestasjon, Grotli).
breidalsvatnet breidalen grotli 01.05.17
Men – dette kan endre seg, dersom vi får ein fin og mild mai! Men vi ynskjer heller ikkje brå-varmt – rask snøsmelting kan føre til flaum…

Linerla
har i alle fall varsla at det går mot vår!
linerle, arkiv frå 29.04.14Den vart observert i Grotli den 29. april. Like eins fevrel (sommarfuglar). Linerla har vore observert for fyrste gong, både tidlegar og seinar, før om åra.
Og haren tek til å få mørke flekkar – det same gjer rypa.
Vi har trua – det går mot vår og sumar i år òg!

…Her var nokre bileter frå helga vi har lagt bak oss, og korleis det har vore i området.
Vêrmeldingane for denne veke, og komande helg, ser òg bra ut – så langt…

Ha ei fin vår-veke !!! 

grotli strynsfjellvegen skjåkfjell 01.05.17

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *