Vinteren er komen.

Sola står lågt på himmelen – når den er framme. Det går nok litt om senn til den blir heilt fråverande, nokre veker…

I helga kom Kong Vinter til fjellheimen!
I år – som før om åra – omtrent som ”julekvelden på kjerringa”. Før om åra har vinteren og snøen ofte kome mykje tidlegar, men ein del vart nok overraska i år òg. Som han som aldri hadde vore til Grotli før, men skulle til ei hytte å utføre eit ærend. I ca 35 cm snø – i småsko og slips, ikkje brøyta, og dermed eit ekstra stykke å gå.
Dessverre opplevde vi at det ikkje vart brøyta over dammen til vinterparkeringsplassen i helga. Sjølv om vi veit at vi har sisteprioritet – så hadde det vore ynskjeleg…
breidalsdammen djupsnø

Vi er nok fleire som ventar i det lengste, og kanskje litt til, før vi tek den siste turen om hausten, for å frakte ting til eller frå hytta. Nokon håpar kanskje framleis at det skal bli moglegheit…
I går målte eg ca 35 cm snø her ved hytta hjå oss.
snø 15.11.15Minst like mykje i H1, og høgare oppe i hyttefelta kan ein nok rekne med at det er enno litt til…
På Grotli målestasjon var det registrert ”berre” 15 cm. Det bekreftar det vi har erfart i ”alle år”: Oppe i hyttefelta er det meire snø! Det gjeld hyttefelta både i Grotli og Breidalen.
Snømålet ved krysset Strynsfjellvegen/Skridulaupråket såg slik ut i dag:
snø 16.11.15

Men det har vore ein fin haust! Noko vi, som husbyggjarar, har sett ekstra stor pris på!
I førre veke kom huset under tak, og er no bra inntetta for vêr og vind, men framleis står ein del utearbeid att der…
vinterlego under takMen det har vore nokre spennande veker i det siste, og aldri har vi vel studert vêrmeldingane så ofte og så grundig som vi har gjort dei siste vekene.

Sidan 1993 (23. året i år) har eg notert dato for siste gongen det har vore mogleg å køyre bil til vår hytte om hausten. Det er berre 9 (av 22) tidlegare år det har vore mogleg å køyre etter 15. november. Ca ei veke ut i november ser ut til å vera det mest ”normale” for oss, til vår hytte.
No er det berre å belage seg på ein meir isolert tilverelse – utfluktene, og lufteturane, blir noko begrensa. Det same blir utvalget av bileter eg har å vise fram. Men eg skal ikkje kjede meg! Eg har så mange planer og ”prosjekt” å ta fatt på!

Kan elles opplyse at no har vi Jets frostvæske på lager att, i Grotli!
frostvæske jets

Grotli Høyfjellshotel minner om førjulskvelden, for hyttefolket med vener, den 5. desember.
Bli med, og meld dykk på!
førjulskveld grotli – Klikk på biletet for større versjon!

Ynskjer alle ei fin veke!
vinterheksa

* * * * * * * * * *