975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Vi er i gang!

Vi er i gang!

Måråglytt, onsdag 25. mars -15.

Da er vi i gang – med ny heimeside, og ny blogg! Webkamera som streika er i drift att. Dei måtte ha litt teknisk bistand, for å bli med over på den nye heimesida.
Litt småjusteringar her og der står vel og att – men det ordnar seg nok, etter kvart.
Eigentleg bør eg ha eit kurs i korleis denne bloggen fungerar, før eg startar skriving. Men det trur eg vi får utsette til etter påske. Er liksom så mykje anna som skal skje i dagane som kjem. Håpar dykk kan oversjå det som burde ha vore annlein…

Seint i gårkveld vart det køyrd med stor trakkemaskin og sporlegger oppover Strynsfjellvegen. Heillstuguløypa, opp til bommen ved Heillstuguvatnet. Mot Krosshø 25.03.15 040Det vart reine autostrada! Skjåk Turløyper som står bak, men òg til stor nytte for hyttefolket som nyttar denne traseen for å koma til hyttene. God plass også for oss som ikkje går på ski – vi slepp å øydelegge skispora.

I dag har Tor vore på varetransport til Danskehytta.
Danskehytta 25.03.15 024Er vel ingen tvil om at han var heldig med vêret! Det har vore ein strålande vêrdag i dag.
Vi får håpe at det blir nokre slike vêrdagar i påska òg!

Skjåk Hytteservice prøvar å vera tilgjengeleg her på fjellet, og yte service for hyttefolket heile året. Ikkje minst i påska.
Frå og med fredag før palmesundag er vi i beredskap med minst to snøscooterar i år òg.
Ring: 975 53 510 – dersom du har behov for hjelp av dei.

Det har vorte nokre påsker, sidan vi starta hytteservice i 1996. Vi ser fram til ei ny, og hektisk, påske i år òg!

Webkamera-streik…?

Webkamera-streik…?

Måråglytt, tysdag 24. mars -15.
Omlegging til ny heimeside er i gang! Kanskje har nokon merka det, – og kanskje har nokon merka at webkamera våre, her i Grotli, har stoppa opp?
Vi veit ikkje heilt orsaka til at dei har stoppa opp, men det jobbes med å finne feilen!
Kanskje dei er like skeptisk til det som er nytt, som det eg er? Kanskje dei òg må ha litt starthjelp og opplæring?
Dersom DET er orsaka til at webkamera har stoppa – da skal det nok bli ei råd med å få dei på nett att!
Vi får berre gje dei ein dag eller to, så tenkjer eg at dei to som er sett på saka får ei «avtale» i boks med kamera!
Som dykk ser; ny blogg er på plass – i ny og spennande innpakning!
– Men forfattaren – det blir den same gamle kjedelege som før…!
Ny heimeside!

Ny heimeside!

Måråglytt, sundag 22. mars -15.

Som før nemt har eg innsett mi begrensning, når det gjeld å gjera ting eg ikkje kan!
Derfor har Tormod no jobba ei tid med å lage ny heimeside til oss!
I morgon (måndag 23.) startar omlegginga, og heimesida kan bli sjåan litt «rotete» ut, til han har fått diverse innstillingar på plass. Men i løpet av eit par dagar vil det meste vera som det skal!
Sida blir å finne på same nettadresse som før.

Det har vore nokre fine vêrdagar i det siste! Særleg i går (laurdag) var det ein strålande dag…
ab 21.03.15 054 - Kopi - Kopi
Vi får håpe det er att finvêr til påske òg!

Litt førebuingar til påske. Mellom anna har Mesta brøyta opp Påskeparkeringsplassen, her i Grotli Hyttegrend. tb 19.03.15 002 - Kopi - Kopi
Men i.o.m. ingen hugsa, eller var sikker på, om kjettingen som stenger innkøyringa vart fjerna før snøen kom i haust, vart det ei økt med snømåking på Tor,
ab 17.03.15 043 - Kopi
før Mesta kunne koma med snøfresen…

Frå fredag før palmesundag vil det bli beredskap hjå hytteservicen, når det gjeld snøscootertransport i Grotli-området i år òg. Utanom Grotli-området må ein gje beskjed/informere om at ein ynskjer transport minst dagen før. I Grotli-området ca 10-15 minutt før ankomst.
Hytteservice-karane prøvar å ta transportane så snart dei kan, og håpar dykk slepp alt for lang ventetid!
Når det gjeld salg, med levering, av ved, må det takast i ledige stunder utanom vanlege transportoppdrag.

Men vi ber om EIN ting:
IKKJE send SMS (eller e-post), men ring!
– Sms-ar blir t.d. ikkje viderekobla.
– Det er ikkje behageleg å stå ute, i allslag vêr og vind, og svare på sms-ar. Det kan bli kaldt for fingrane! Dersom det er sol, kan det vera vanskeleg å sjå i displayet.
– Når ein brukar handsfri, er det heller ikkje praktisk med sms-ar.
– Det er ikkje enkelt å høyre at det «tikkar inn» ein sms når det er bråk rundt ein, noko det som oftast er rundt Tor, når han jobbar med noko.
Dette med sms gjeld ikkje berre påska, men heile året!

Kanskje blir dette siste innlegget frå meg, i denne bloggen? Eg er ikkje sikker… Med ny heimeside skal det òg bli ny blogg – og DER har eg nok litt nytt å lære!

Ha ei fin veke!
Og kanskje må eg nytte høvet, til å ynskje GOD PÅSKE..!

ab 05.02.11 007

 

Pin It on Pinterest