Ny heimeside!

Måråglytt, sundag 22. mars -15.

Som før nemt har eg innsett mi begrensning, når det gjeld å gjera ting eg ikkje kan!
Derfor har Tormod no jobba ei tid med å lage ny heimeside til oss!
I morgon (måndag 23.) startar omlegginga, og heimesida kan bli sjåan litt «rotete» ut, til han har fått diverse innstillingar på plass. Men i løpet av eit par dagar vil det meste vera som det skal!
Sida blir å finne på same nettadresse som før.

Det har vore nokre fine vêrdagar i det siste! Særleg i går (laurdag) var det ein strålande dag…
ab 21.03.15 054 - Kopi - Kopi
Vi får håpe det er att finvêr til påske òg!

Litt førebuingar til påske. Mellom anna har Mesta brøyta opp Påskeparkeringsplassen, her i Grotli Hyttegrend. tb 19.03.15 002 - Kopi - Kopi
Men i.o.m. ingen hugsa, eller var sikker på, om kjettingen som stenger innkøyringa vart fjerna før snøen kom i haust, vart det ei økt med snømåking på Tor,
ab 17.03.15 043 - Kopi
før Mesta kunne koma med snøfresen…

Frå fredag før palmesundag vil det bli beredskap hjå hytteservicen, når det gjeld snøscootertransport i Grotli-området i år òg. Utanom Grotli-området må ein gje beskjed/informere om at ein ynskjer transport minst dagen før. I Grotli-området ca 10-15 minutt før ankomst.
Hytteservice-karane prøvar å ta transportane så snart dei kan, og håpar dykk slepp alt for lang ventetid!
Når det gjeld salg, med levering, av ved, må det takast i ledige stunder utanom vanlege transportoppdrag.

Men vi ber om EIN ting:
IKKJE send SMS (eller e-post), men ring!
– Sms-ar blir t.d. ikkje viderekobla.
– Det er ikkje behageleg å stå ute, i allslag vêr og vind, og svare på sms-ar. Det kan bli kaldt for fingrane! Dersom det er sol, kan det vera vanskeleg å sjå i displayet.
– Når ein brukar handsfri, er det heller ikkje praktisk med sms-ar.
– Det er ikkje enkelt å høyre at det «tikkar inn» ein sms når det er bråk rundt ein, noko det som oftast er rundt Tor, når han jobbar med noko.
Dette med sms gjeld ikkje berre påska, men heile året!

Kanskje blir dette siste innlegget frå meg, i denne bloggen? Eg er ikkje sikker… Med ny heimeside skal det òg bli ny blogg – og DER har eg nok litt nytt å lære!

Ha ei fin veke!
Og kanskje må eg nytte høvet, til å ynskje GOD PÅSKE..!

ab 05.02.11 007