Vi er i gang!

Måråglytt, onsdag 25. mars -15.

Da er vi i gang – med ny heimeside, og ny blogg! Webkamera som streika er i drift att. Dei måtte ha litt teknisk bistand, for å bli med over på den nye heimesida.
Litt småjusteringar her og der står vel og att – men det ordnar seg nok, etter kvart.
Eigentleg bør eg ha eit kurs i korleis denne bloggen fungerar, før eg startar skriving. Men det trur eg vi får utsette til etter påske. Er liksom så mykje anna som skal skje i dagane som kjem. Håpar dykk kan oversjå det som burde ha vore annlein…

Seint i gårkveld vart det køyrd med stor trakkemaskin og sporlegger oppover Strynsfjellvegen. Heillstuguløypa, opp til bommen ved Heillstuguvatnet. Mot Krosshø 25.03.15 040Det vart reine autostrada! Skjåk Turløyper som står bak, men òg til stor nytte for hyttefolket som nyttar denne traseen for å koma til hyttene. God plass også for oss som ikkje går på ski – vi slepp å øydelegge skispora.

I dag har Tor vore på varetransport til Danskehytta.
Danskehytta 25.03.15 024Er vel ingen tvil om at han var heldig med vêret! Det har vore ein strålande vêrdag i dag.
Vi får håpe at det blir nokre slike vêrdagar i påska òg!

Skjåk Hytteservice prøvar å vera tilgjengeleg her på fjellet, og yte service for hyttefolket heile året. Ikkje minst i påska.
Frå og med fredag før palmesundag er vi i beredskap med minst to snøscooterar i år òg.
Ring: 975 53 510 – dersom du har behov for hjelp av dei.

Det har vorte nokre påsker, sidan vi starta hytteservice i 1996. Vi ser fram til ei ny, og hektisk, påske i år òg!