975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Grotli – 27. april 1940

Grotli – 27. april 1940

Den 27. april 1940 var det luftkamp over Grotli, mellom et tysk bombefly (Heinkel), og eit engelsk jagerfly (Skua). Hendinga som blir hugsa best frå krigens dagar, her øverst i Ottadalen.

Det tyske flyet naudlanda på sørsida, ved austenden av Heillstuguvatnet, det engelske flyet på Breidalsvatnet. Det engelske mannskapet på to overlevde, og før dei forlot flyet sette dei fyr på det.
Det same gjorde det tyske mannskapet. Men dei måtte forlate den eine av kompisane sine, som omkom av skadene etter luftkampen. Dei tre andre starta å gå, for å koma i ly og finne folk.

Når dei tyske soldatane fann fram til ei gjetarhytte, hadde dei engelske soldatane allereie kome dit, til same hytta. Dei to engelske soldatane forlot hytta om kvelden og tok seg inn på hotellet, dei tre tyske soldatane overnatta i gjetarhytta. Ein av dei engelske soldatane hadde òg tidlegar på kvelden teke seg fram til hotellet, der han fann litt sjokolade, kjeks og sigarettar som han tok med seg attende til hytta.

Denne teikninga heng på Grotli Høyfjellshotel. I boka ”Grotli 100 år” er teksta:
”Møte i gjeterhytta ved Breidalsvatnet om kvelden 27. april 1940.
Engelskmennene Partridge  og Bostock fra Skuamaskinen får besøk av tyskerne Schopis, Auchtor og Strunk, som måtte forlate det nedskutte Heinkel-flyet ved Heillstuguvatnet.
luftkamp grotli 1940

Den omkomne Hauck, frå Heinkel-flyet, vart seinare midlertidig begraven ved den store steinen, nordvest for hotellet. Ein kan framleis sjå restar av minnesteinen, ved denne steinen (lånt privat bilete)minnestein grav juli -40 privat

Ved sør-austenden av Heillstuguvatnet ligg det framleis vrakrestar av Heinkel-flyet. (NB: vrakrestane er freda!)
heillstuguvatnet grotli luftkamp flyvrak heinkel
Restane av Skua-maskina vart heva frå Breidalsvatnet, sumaren 1974 (bilete er henta frå boka ”Grotli 100 år”).
flyvrak luftkamp grotli skua heinkel

Den tyske piloten, Horst Schopis, har vore i Grotli att, på sine eldre dagar.
Her frå siste besøket, oktober 2009, 97 år gamal, der han sit oppe ved Heillstuguvatnet og ser over på staden der han naudlanda 27. april 1940. Besøket var i anledning opptak til ein dokumentarfilm om hendinga i april 1940.
horst schopis heinkel heillstuguvatnet luftkamp grotli
Når ein ser på kartet over området der hendinga var, kjem det liksom så nært – når ein ser at hyttegrenda vår ligg midt mellom stadene der flya naudlanda. Frå Heillstuguosen gjekk Strynsfjellvegen, da som no, gjennom hyttegrenda vår og ned til gjetarhytta. Snøforhalda var vel omtrent da som no om åra, – brøytestikk, og stabbesteinar som stikk opp enkelte stader, viser vegtraseen. Ein underleg følelse – det var her det skjedde…!
luftkamp grotli 1940 kart(I 1940 var ikkje Breidalsvatnet oppdemt, og vegen som no går over dammen gjekk litt lenger vest enn den gjer i dag).

Dette info.merket står ved Strynsfjellvegen, ved austenden av Heillstuguvatnet, for å markere kva som skjedde i området, den 27. april 1940.
info.merke luftkamp grotli 1940

Det meste av historia har eg funne i boka ”Grotli 100 år”, ei bok som fortel om området Grotli, ikkje berre historia til hotellet, frå 1905 til 2005. For dei som er interessert i korleis det var her før, anbefaler eg boka (meinar den framleis er å få kjøpt på hotellet).

”Into the White”

Filmen ”Into the White” bygger på denne hendinga frå april 1940.
Mykje av innspelinga til filmen vart gjort her i Grotli, og starta i mars 2011.
Kulisser til filmen vart laga, mellom anna gjetarhytte og ein kopi av flyet, og delane vart frakta opp mot Kjerringtjønn (nordvest for hotellet), der innspelinga gjekk føre seg.
into the white innspeling flyvrak grotli

I dagane før innspelinga starta, fekk skodespelarane ei omvisning i Grotliområdet, der den faktiske hendinga var.
Her er dei, saman med Petter Næss (regissør av filmen) og Are Bergheim, oppe ved Heillstuguvatnet, på staden der det tyske flyet naudlanda.
into the white heillstuguvatnet heinkel flyvrak grotli

Her er dei i området ved gjetarhytta (som låg i området der den raude ringen er), og ser vestover Breidalsvatnet, mot staden der det engelske flyet naudlanda.
into the white gjetarhytte grotli

Den tyske piloten, Horst Schopis, hadde gleda seg til den ferdige filmen, men døyde august 2011.

Filmen hadde premiere mars 2012.

 

På denne dagen kjenner ein spesielt godt kor heldig ein er, som lever trygt og godt i eit fritt og fredeleg land! Og i tillegg kan få vera her i Grotli og nyte dagen!
Men det er ein litt merkeleg følelse å sitte her, 27. april – omtrent midt mellom Heillstuguvatnet og Breidalsvatnet. Berre nokre hundre meter frå staden der det stod ei gamal gjetarhytte, som fekk stor betydning døgnet 27. – 28. april 1940…

 

* * * * * *

 

Ola-Bu i Hamsedalen

Ola-Bu i Hamsedalen

Etter å ha tilbringa eit par døgn i Ola-Bu i sumar (2016), kom historia om Ola-Bu ekstra nær. Bilete på toppen er frå august 2016.
Bilete under er frå juli 2016:

Ola-Bu fiskebu Hamsedalen Skjåk juli-16

– Slik møter ein Ola-Bu i Hamsedalen……

Tor fortel om Ola-Bu i Hamsedalen…
…og litt om historia bak:

Om ein tek turen frå Hamsevika, innover langs elva Hamsa,
går ein innover Hamsedalen.
Ola-Bu Hamsedalen kart
Innover dalen er det fleire små vatn. Eg har aldri høyrt andre namn på vatna, enn 1., 2., 3., 4. og 5. vatnet.
Terrenget innover er lett å gå!
Går ein på venstre side av elva, kjem ein etter om lag ein times gange (ca 3 km) til Ola-Bu, som ligg ved 2. vatnet. Ola-Bu ligg på ca 995 m.o.h.

Litt om historia til Ola-Bu…
Historia om Ola-Bu er lang. Vi kan starte med å sjå litt i fyrste hytteboka for Ola-Bu…

Slik startar hytteboka:
bilete 1 frå hyttebok– – «Me elskar kvar vor vesle flekk – som me av denne verdi fekk.»

Den 30. juni 1957 står dette i hytteboka:
bilete 2 frå hyttebokVar her første gang efter at Ola døde. Isen låg enda på vatnet, bare en liten del ved naustet var isfritt.
Men her var strålende fint vær.
Golvet var nylakert og alt var i beste orden da eg let upp. Du ordna vel i stand siste gang du var her Ola, 23/9-56.
Signa være ditt minne, og Takk for alt. Og bui skal vera oss eit varigt minne um deg, og heite

Ola-Bu

Magne.                                

——

Det var nok denne dagen den fyrste hytteboka kom til Ola-Bu.

Det var far, Magne Brustugun (f. 02.10.1910 – d. 03.01.1995), og onkel Ola Brustugun (f. 21.01.1913 – d. 29.12.1956)
som i si tid sette opp denne fiskebua.
Magne og Ola Ola-Bu Hamsedalen

Vidare skriv far i hytteboka:
«Det var sumaren 1940 eg og Ola første gangen kom hit til Hamsedalen. Vi reiste til Legerhytta i Breidalen, og da brukte vi vanleg sykkel, så skulde vi også ta en tur til Vien og prøve fisken der…
…Oss hadde hørt at det var mange tjern her i Hamsedalen og vi tok heimturen herum, men her var nok ikkje fisk.
Oss sat på høgdene her og såg på denne herlegdomen, men fiskevak var ikkje å sjå.
Oss vart forlikte um at her i Hamsedalen måtte det vera muglegheit for eit eldorado for folk såm var glad i fjellet og fiske, og at her måtte noe gjøres.
Men det var vanskeleg å få gjort noe efektivt desse krigsåra, vi var her i mange sumrar på feri før vi fekk sjå fisken vake.
År 1944 fekk oss i samråd med Skjåk fjellstyre fanget en del småfisk i Glittra og slept her. I 1945 fanget vi cirka 100 fisk i Ottaelva og bar hit. Og dette vart så grunnstammen for fisken her, og nå vart det vak og få sjå på vatni…»

Naust og båt i 1948…
Når så det viktigaste – fisken – var på plass, vart neste mål å få båt og ein stad å overnatte her.
I 1948 skaffa dei båt, som vart kjøpt på vestlandet og frakta hit opp. Denne vart kalla «Storbåten».
Naust vart òg sett opp ved 2. vatnet. Det vart òg brukt til overnatting. Der hadde dei ved-omn for fyring.
Denne omnen bar onkel Ola på ryggen innover.
båtnaust Ola-Bu Hamsedalen 1948

Her er naustet ved 2. vatnet, som vart oppsett i 1948  (bilete teke ca 1950).

Draumen om ei fiskebu blir realisert.
Draumen, og planen, var å få opp ei fiskebu i Hamsedalen. Ola og far fann ein fin plass ved 2. vatnet,

der bua skulle stå.

Tømmeret i bua er frå eit gamalt eldhus frå søre Haugen på Dalom, i Skjåk. Dette vart ordna i stand nede i bygda, for transport til Hamsevika i Breidalen, etter at Geirangervegen vart opna, våren 1955.
Ola Klepp køyrde tømmeret nordover på lastebil, og han hugsar at det var den 16. juni. Han hugsar òg at det var så mykje snø, at dei la stokkane rett opp på brøytekanten.

Dugnad for å frakte tømmeret innover.
Så var det dugnad, og mange karar var samla for å dra tømmeret innover Hamsedalen på skareføre, ved hjelp av reinskjelkar. Desse vart lånt frå fleire plassar i bygda. Dei var tre menn på kvar kjelke, og brukte tre kjelkar.
På denne oppgåva brukte dei to dagar (18. og 19. juni).
Under transporten innover hadde dei fint skareføre, begge dagane.

Frå transporten innover Hamsedalen, juni 1955…
transport tømmer Ola-Bu Hamsedalen 1
Karane drog tømmeret innover ved hjelp av tre reinskjelkar.
transport tømmer Ola-Bu Hamsedalen 2

transport tømmer Ola-Bu Hamsedalen 3

19. juni 1955…
transport Ola-Bu Hamsedalen Ola Brustugun 19. juni 1955Onkel Ola, når dei drog tømmeret innover. Bak på biletet står det: «Den 19. juni 1955»

Tømmeret er på plass, 19. juni 1955…
tømmer på plass ved Ola-Bu Hamsedalen
Her har dugnadsgjengen fått på plass tømmeret ved 2. vatnet, der fiskebua skal settes opp.
Karane på biletet er…
Fremste rekkje frå venstre:
Kristen Brennhaug, Per Bjørgen, Amund Dalen, Ola Brustugun, Rikard Grande og Magne Brustugun (far).
På toppen av haugen, frå venstre:
Andreas Aabuen og Jo Brustugun.
Ola Klepp var òg med, men her er det han som er fotografen.

Glas (vindauger), dører, taktro og golvbord vart bore på ryggen innover seinare på sumaren.
Onkel Ola var ”primus motor” for bygging av bua, med god hjelp av far.

Fiskebua blir ferdig, hausten 1956…
Ola Brustugun Ola-Bu Hamsedalen 1956Onkel Ola ved fiskebua i 1956 – bua som seinare vart oppattkalla etter han, og fekk namnet «Ola-Bu».

Siste helsing frå onkel Ola…
Det einaste skrivne minnet vi har etter onkel Ola frå Ola-Bu, er ei fjøl han skreiv på, siste gongen han var der.
Det siste han gjorde før han reiste att, var å lakke golvet – no var fiskebua ferdig!
På fjøla står det:
«Var her 23/9 56, det er vel siste gang for i år. Det er pent ver, sol og fine farger.
Takk for i sumar. God Jul og Godt nyttår.    O.B.»

Berre 3 månader og 6 dagar seinare døyde han.
MINOLTA DIGITAL CAMERAFjøla heng over døra inne i Ola-Bu, som eit minne, og ei siste helsing frå han.
Onkel Ola døyde av kreft, knapt 44 år gamal.
Han rakk dessverre ikkje å få nyte denne bua etter at ho vart ferdig.
Den siste sumaren (1956) var han ofte svært sjuk. Det er beundringsverdig at han i det heileteke fekk gjort ferdig fiskebua!

Livet går vidare…
Sjølv om onkel Ola hadde gått bort, skulle fiskebua bli flittig nytta i åra framover.

Det ville nok ha vore hans ønskje òg…

Min fyrste tur til Ola-Bu, juli 1957…
Ola-Bu Hamsedalen juli 1957
Fyrste gongen mor, eg og Marit-syster var med far til Ola-Bu i Hamsedalen, var juli 1957, da var eg 4 ½ år gamal.
Vi låg der ei veke. (Foto: Ola Hosar)

Det var ofte folksamt i Ola-Bu, 6-8 personar var ikkje unormalt, og gjerne opp til ei veke om gongen.
Den som stod for hushaldet måtte vera flink til å planlegge.
Ikkje var det så enkelt som i dag å koma dit heller.
Bil hadde vi ikkje, det var å ta bussen frå heime til Grotli. Der laut vi skifte buss, med alt «pikk-pakk», og ta  «Geiranger-bussen» til Hamsevika. Så laut ein bera alt på ryggen, og i hendene, innover.

Når vi skulle til Hamsedalen, hadde vi mellom anna med eit stort spann med mjølk. Dette vart oppbevara i ei ”mjølkekjøle” i ein bekk litt opp for Hamsevika.
Slik kunne vi gå framover frå Hamsedalen, og hente kald mjølk i mindre spann.

Vedsanking…
Det var ikkje enkelt å frakte ved til Hamsedalen, den måtte i så fall berast – som alt anna. Derfor brukte vi å sanke «busker og kratt» – rundt om i området.
For ikkje å ta all vegetasjon rundt hytta, vart det rodd over vatnet, og sanka på andre sida. Der var det «solside» og einer og vier var mykje større og kraftigare.
Gode minner Ola-Bu 1– Her er bilete av nokon som har vore på vedsanking…
I hytteboka står det, 30. juli -58: «…han kom att med båten full av fin einer…«

Båten ”Tommas”.
August 1957 ordna far med båt på 4. vatnet.
Båten vart fyrst frakta til Ola-Bu, ved 2. vatnet, av ”… ein flokk med folk…”, som det står i hytteboka. Båten vart der tjærebredd, før den vart frakta vidare til 4. vatnet. Om dette skriv far i hytteboka:
”Båtdåp.
Den blev døpt som seg hør og bør av Halvard Skår, sundag 28/8, med medbragt flaske.
Men da den smalt mot stammen var den tom.
Navn på barnet: Tommas.”
Grunnen til at båten fekk dette namnet er at han som hadde laga den heitte Tommas.

Mange besøkande, opp gjennom åra…
Når ein ser igjennom dei gamle hyttebøkene, ser ein at mange har vore innom i Ola-Bu.
Og mange er det som har lagt att helsing i hyttebøkene. Nokre har òg lagt att «kunstneriske innslag».
Kanskje var det den friske lufta, og den fine naturen som inspirerte?
bilete 3 fråhyttebok

Desse to helsingane er frå 1960.

bilete 4 frå hyttebok

Slekt og venner – frå fjern og nær – har vore på besøk i Ola-Bu…
Gode minner Ola-Bu 2
Gode minner Ola-Bu 3
Gode minner Ola-Bu 4
Gode minner Ola-Bu 5– På desse bileta er gjester både frå Skjåk, Fron, Snertingdal, Oslo og Amerika…

Som vi ser – det var ofte folksamt i Ola-Bu. Mange hadde Hamsedalen som turmål.
For enkelte var det for dagstur, for andre var det for nokre dagars ferie.
Når ein tenkjer på at rommet i bua er berre ca. 10 m2,   vart det ikkje store plassen på kvar.
Men – der det er hjerterom – der er det husrom! 

«Verdskjent» bilete…
Fyrst på 1960-talet tok Kristian P. Hosar dette bilete av far i Hamsedalen.

Kristian sende det inn til «Magasinet for alle».
Magne Brustugun i Hamsedalen Magasinet for alleBilete av far kom på framsida av «Magasinet for alle»! (Foto Kristian P. Hosar)

«Storhaugen»
Like ved Ola-Bu er ein stor haug, som vi har brukt å kalle «Storhaugen».
Når eg gjekk igjennom gamle bileter, fann eg dette av far, ved haugen.
Magne Brustugun Ola-Bu Hamsedalen– På baksida av biletet er dette notert:
«Trollhaugen, med Trollporten. Den er låst med 7 lås.»

Vinter…
Det var ikkje vanleg at vi tok turar til Hamsedalen vinterstid, da vegen ikkje var brøyta lenger enn til Pollfoss.
Men påska 1974 tok eg og Marit ein skitur til Ola-Bu. Vi kunne køyre til Grotli.
Vi gjekk frå Grotli og over Kjerringhøi.
Ola-Bu påska 1974– Her står vi på Kjerringhøi, og ser ned i Hamsedalen.             – Matpause ved Ola-Bu, 11. april -74.
Ola-Bu i den raude ringen på biletet.

Far og Hamsedalen…
Far brukte alle feriar, og fritid, i Hamsedalen. Sjølv om laurdag var arbeidsdag, reiste han – etter arbeid –
til Hamsedalen for å tilbringe resten av helga der.
Det var dette som var avkobling frå kvardagen, og Hamsedalen som var ”Paradis på jord”!
Magne Brustugun Ola-Bu Hamsedalen 1982Far i sitt «rette element» – 1982.

Neste generasjon…
Leif og Geir var så heldige å få oppleva fleire turar saman med bestefar til Hamsedalen og Ola-Bu.
Her er frå nokre av turane…
Dagstur til Hamsedalen og Ola-Bu, den 8. juli 1981:
Ola-Bu Hamsedalen 08.07.81

Fisketur, 19. – 20. juli 1982
Ola-Bu Hamsedalen 1982
– Pause før 1. vatnet… Geir, far og Leif.                                         – Nattas fiskefangst.

Garngreing…
Ola-Bu Hamsedalen garngreing1982
– Leif og Geir hjelper bestefar med å greie garna…

Skitur, 4. april 1983
Ola-Bu Hamsedalen 04.04.83
– Her står far, Leif og Geir på taket av båtnaustet.                    – Matpause ved Ola-Bu.

Fisketur, 17. – 18. september 1983
Ola-Bu Hamsedalen 18.09.83
– Leif og far, snart framme ved Ola-Bu…

Frå turar til Hamsedalen, 1983 og 1986.
Ola-Bu Hamsedalen 1983 og 1986

Far sin siste tur til Ola-Bu…
Siste gongen far var i Hamsedalen var 24. – 26. juni 1988. Det var han, Leif, Geir og eg (Tor).
I hytteboka har eg skrivi:
«Far er snart 78 år og fèr omtrent så lett som oss andre.
Far har smurt Storbåten utvendes og Tommas innvendig.»
Han hadde, som alltid, «hugsott» (følte ansvar) for at alt skulle vera velstelt og i orden…

Villreinen kosar seg òg ved Ola-Bu…
Rein ved Ola-Bu Hamsedalen(Foto: Elias Sperstad)

Turar til Hamsedalen…
Kvart år prøvar eg å få minst ei helg til fisking i Hamsedalen, ein og annan dagstur, og litt vedlikehald…

Fisketur.
Ola-Bu fiske 2.vatnet 11.07.81
– Ved Ola-Bu og 2. vatnet, juli 1981.

Tjærebreiing av båt, august 1990
Ola-Bu tjerebreiing av båt -90– «Storbåten» får ein omgang med tjære, av Leif og meg…

Vedlikehald, juni 1997
vedlikehald Ola-Bu -97
– Skifting av glas…
Etter at vi fekk moglegheit til å frakte ved, materialar og utstyr med snøscooter på vinteren, vart ting enklare.
Her har eg køyrd innover nytt glas (vindauga), da det gamle laut skiftast ut.
Tjære for tjærebreing av hytta hadde eg òg med.

Tjærebreing, august 1997
Her får Ola-Bu eit nytt strøk med tjære…

Ola-Bu tjerebreing -97– Vêr og vind set nok sine spor…

Henting av båten «Tommas», mai 1998
Båten «Tommas», som kom til Hamsedalen i 1957, har nok sett sine beste dagar.

Ola-Bu båthenting -98– Her hentar vi den heim, for vurdering av reparasjon…

Ny båt, mai 2002
Våren 2002 var vi til Selje og henta ny båt, ein «Saga-Båt». Denne vart frakta til 3. vatnet, og ligg der.
Ola-Bu ny båt -02

Fisketur.
MINOLTA DIGITAL CAMERA
– Ved 3. vatnet, august 2004.

**************************************************************************************
**************************************************************************************

Slik ligg ho der og ventar – vår kjære Ola-Bu…

Peikande burt imot villaste Vestland
ligg staden eg prise vil med ein lovsang.
Torvtekte hytte med glittrande rute
blenkjer i minnet så ofte der ute…
Brattaste lende med gulbrune hytte,
her kan du kvile, og her kan du lytte!
(Fritt etter dikt av Tea Kummen)

Ola-Bu Hamsedalen Skjåk

***************************************************************************************
***************************************************************************************

Historia om Ola-Bu…
Far hadde planer om å skrive ned historia om Ola-Bu.
I fyrste hytteboka har han skrivi om når dei kom til Hamsedalen fyrste gongen, og om planting av fisk. Det er avsett fleire blanke sider i hytteboka for fortsetelsen. Men – dessverre – han kom aldri lenger.
Her har eg, etter beste evne, prøvd å hugse resten av historia som eg vart fortalt.
Ein del gamle bileter seier òg sitt, men dei fleste bileta manglar årstal og namn…
Men barndomsminna frå Ola-Bu og Hamsedalen er der, om ikkje alt kan tidfestast med årstal…

Både far og onkel Ola har lagt ned vandringsstaven for lenge sidan, men Ola-Bu og minna skal vi prøve å ta vare på!
Som eit minne om far og onkel Ola, la eg ut denne historia og «minneboka» fyrste gong (19. juni 2009) på dagen 54 år sidan transporten av Ola-Bu, innover til Hamsedalen.
Far fann bokstavar i naturen som han festa på veggen, der det stod «OLA-BU». Vêr, vind og tidas tann har øydelagt ein del av bokstavane.
I år, 60 år etter at fiskebua var ferdig, har eg funne nye bokstavar, slik at namnet på fiskebua er på plass att.

Ola-Bu 1956-2016

Takk til:
– Ola Klepp for opplysningar, og bekreftelse av mine «antagelsar».
– Tor J. Brustugun for lån av gamal album, der eg fann bileter av transporten og besøk i Ola-Bu.
– Skjåk historielag for lån av bilete.
– Og alle dykk andre som har bidrege med varige minner.

Takk for ideen dykk fekk i 1940, far og Ola!
Og takk for at dykk gjennomførte den!

Magne og Ola Ola-Bu Hamsedalen

 

~ ~ Tor ~ ~

MINOLTA DIGITAL CAMERA

PS: Alle bileta er «klikkbare» for større versjon!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * 

 

På gamle trakter – Skjellom og Tundradalen…

På gamle trakter – Skjellom og Tundradalen…

Med ynskje om å dekke fleire interesser, bestemte vi oss for å ta ein sundagstur til Skjellom.
Eit fint område i Nordberg i Skjåk – som ligg høgt og fritt mellom søre Kvittingsgrove og nørdre Kvittingsgrove (dialekt: grov betyr bekk, fleire grøv) – som toppbilete viser.

Skjellom.

I gamledagar var dette ei lita setergrend. Mellom anna er setra som tilhøyrer far sin barndomsheim, øvre Aaboen, der.
skjellom med før b

Derfor var det heilt naturleg at far ofte tok oss med dit. Når vi vart større tok vi turar dit sjølve, både sumar og vinter. Frå heime var det fint å gå oppover gjennom skogen, til fots eller på ski.

Eg har i fleire år tenkt å ta meg ein tur att, for å sjå – og kjenne på gamle minner!
No i dag er det òg enklare å koma der. Ein kan køyre opp litt aust for Dønnfoss (bomveg), og køyre oppover, event. heilt til fyrste setra.

skjellom a 07.08.16– Det er lett å gå – når ein nærmar seg målet…!

I «gamledagar» gjekk vi opp på høgda mot dalen, for å sjå heimatt. Kanskje sat mor i glaset med kikkert, for å halde auga med oss? Kanskje hadde ho sett på klokka når vi reiste frå heime òg, og kunne merke seg om det vart ny personleg rekord på oss…
skjellom 07.08.16 med før b– Barndomsheimen min i den raude ringen…
I dag har skogen vokse seg høgre og tettare – kan ikkje sjå barndomsheimen min «for bare trær»…

skjellom c 07.08.16

Før vi reiste på denne sundagsturen, skreiv eg ut eit gamalt bilete, teke i 1963 (event. 1962), for å lage meg eit «før og no» bilete.
skjellom før og noEg tok meg friheita og gjekk inn på kvea, der far stod den gongen han tok biletet av dei gamle seterhusa, tilhøyrande barndomsheimen sin…
Motivet var lett å finne att, og utedoen er heilt lik seg. Elles er både fjøset og seterhuset borte. Men onkelen min sette opp eit nytt hus, som står på den gamle grunnmuren til seterhuset. – Det tek òg til å bli mange år sidan…

Frå Skjellom er det fleire merka turmoglegheiter, slik som innover Skjellflye og til Klarastøtta.
skjellom klarastøtta

Klarastøtta er ein minnestein over den 4 år gamle Klara Heggerusten som vart borte frå heimen sin i september 1932, og attfunnen i Skjellfjellet, i februar 1933. Ei svært tragisk historie.

«ØRNEN – en barnerøver»
Historia om Klara Heggerusten er mellom anna nedskrivi i boka «ØRNEN – en barnerøver» av Per J. Tømmeraas, utgjeve i 1997. Han skriv der om fleire hendingar i Noreg, der små ungar har blitt borte, og ørna har blitt skulda for bortføringa. Slik var det i denne saka òg, ørna vart misstenkt. Historia om Klara er svært trist, mellom anna at foreldra vart misstenkt for å ha teke ho av dage. Men triste historier må òg takast vare på, meinar eg. Det er vondt å tenkje på korleis denne familien vart misstenkjeleggjort, midt i sorga og fortvilelsen over ein liten unge som var borte, fattigdom og sjukdom!

For 3-4 år sidan oppdaga eg at det er mange i bygda som ikkje kjenner til denne historia. Eg tok derfor kontakt med forfattaren, for å høyre om eg fekk lov til å videreformidle historia frå boka hans.
Det fekk eg lov til, og vi hadde ei lang og triveleg samtale!
Han fortalte òg at det var svært vanskeleg å få ut opplysningar frå arkiva om denne saka, verre enn i dei andre sakene han har med i boka.
Onkelen min, Selmer Tundrali, var ei av dei lokale kjeldene Per hadde kontakt med i dei åra han skreiv boka. Like eins mor og far. Per fortalte i telefonsamtala vår, at far var med han som kjentmann, når han var inn i Skjellfjellet for å ta bilete av støtta, og såg der Klara vart attfunnen. Det var ikkje mange som visste kvar steinen og staden var, sa han.
Per er handikapa og har vanskeleg for å gå, og den gongen var det ikkje mogleg å køyre med bil opp til Skjellom. Derfor hadde far starta opp sin gamle trakor, påmontert bakskuffe, der han hadde laga til med puter og tepper til å sitte på. Dette sette Per stor pris på, og han fortalte at far køyrde «så langt som det gjekk – og enno litt til». Takka vera den innsatsen klarte han å koma fram til minnesteinen der Klara vart funnen.

Med forfattaren Per J. Tømmeraas sin tillatelse, har eg skanna sidene i boka som omhandlar den tragiske historia om Klara Heggerusten – om du vil kan du lesa den her.
Heile boka «ØRNEN – en barnerøver» av Per J. Tømmeraas, finn ein òg i Nasjonalbiblioteket.
Boka er òg å finne på biblioteket i Bismo.
– – – 

skjellom b 07.08.16

Når Tor og eg hadde teke oss ei kaffepause, og mimra om «før i tida», fann vi ut at vi ville ta ein tur til Tundradalen òg, når vi like vel var på desse traktene.

Tundradalen.

tundradalen nordberg skjåk

Som sagt, dette vart bråbestemt.
Eg har nokre gamle minner å leite fram att der òg, men no rakk eg ikkje å førebu meg.
Mellom anna dette, som eg meinar må vera teke i 1958. Eg ser at eg bomma når eg prøvde å ta nytt bilete, vi var nok ikkje langt nok innover…
tundradalen 1958
Dette bilete vart teke når mor og eg var på overnattingsbesøk hjå mor si veninne, Tora, som var budeie i Tundradalen. Eg er jenta med armen over hovudet… 

På denne brua…
skotåbrue tundradalen…over Skotåe, veit eg at mor tok eit bilete av meg når vi var på heimveg etter besøket.   

Lenge sidan sist eg såg bilete, men ikkje så mange alternativ. Det var berre å prøve…!

Jenta er den same, men brua er ny.
skotåbrue -58 og -16Den nye brua ligg omtrent ein meter over den gamle. Noko ein òg ser av fleire punkt på dagens bilete (markert).
Frå Tundradalen, og langs Tundradalsvegen er òg fleire merka turstigar. 

Frå gamle trakter til «nye» trakter…
Turen vart avslutta på Dønnfoss camping…

dønnfoss camping skjåk…med ein hamburger – medan vi sat og såg opp på Skjellom, og innover Skjellfjellet, med Tundradalen innover til høgre.

Det vart ein fin mimretur! Nokre tårar vart det òg – lettrørt som eg er, i både sorg og glede…

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Tjærebrenning i mile – «Frå før i tida»

Tjærebrenning i mile – «Frå før i tida»

Måleriet på toppen er måla av Ola G. Bismo (1910-1973).
Det vart måla i 1961, på peisen i barndomsheimen min. Mila var i nærleiken av barndomsheimen min, men når den var i bruk, det veit eg ikkje. Eg hugsar den berre som nedgrodde ruinar, som ein framleis kan sjå spora av.

Før i tida var milebrenning ein viktig leveveg for mange. No i nyare tid er det ein del som har teke opp att tradisjonen, mest som attåtnæring eller hobby. Her i Skjåk har det vore brent fleire miler dei siste 30-40 åra, og eg trur at det jamvel i år er eit par miler på gang.

Tor og ein kompis, Tommy Rusten, fekk lyst til å prøve dette handverket. Fyrste gongen, i 1992, restaurerte dei ein gamal tjærevang. Men i 1994 bygde dei ein ny vang (tjærevang), «frå botnen av».
Dei tok ein del bileter, av heile prosessen, som vi legg ut her, saman med litt informasjon.  

tjærebrenning mile 01

«En gyllenbrun, solstekt trevegg.
Værbitt ujevn i fargen. Vakker og rotekte norsk.
Den harmoniske patinaen mange leter etter, får man best ved å ty til det samme råstoffet
som tømmeret selv har utskilt på gamle vegger.»

Milebrenning er ein svært langvarig og tidkrejvande arbeidsprosess.
Fyrst er det stubbebryting,
tjærebrenning mile 04

tjærebrenning mile 02

tjærebrenning mile 03

oppdeling og utvelging av råstoff.
tjærebrenning mile 05

Veden skal kappast og kløyvast,
tjærebrenning mile 07

tjærebrenning mile 06

 renskast for rote treverk og ureinheiter som jord og sand.
tjærebrenning mile 08Deretter må den tørke godt.

Tjærevangen, der tjæra skal brennast, blir mura opp med botn som ei trakt.
tjærebrenning mile 09

Botn blir dekt med ei spesielt tett leire, så tjæra skal renne ned i trerenna («troa») som fører ned i oppsamlingstønna.
tjærebrenning mile 10

Fyrst legges lekter, deretter farved. 
tjærebrenning mile 11

tjærebrenning mile 12

Den tørre veden blir lagt i eit spesielt mønster, tjærebrenning mile 13

ringvis innover mot midten (enkelte startar utover frå midten). tjærebrenning mile 14

tjærebrenning mile 15 Karane hadde rekna ut, at dette var 13. gongen dei handterte veden / vedstikka… 

tjærebrenning mile 16

Ringvis innover, til den får form som ei halvkule.
tjærebrenning mile 17

Oppbygginga må utførast nøyaktig, det er viktig at luftlommer og ujevnheiter unngås, slik at mila kan brenne jamt og kontrollert.

Sanking av lyngtorv:
tjærebrenning mile 19

Vedstabelen dekkes til slutt med lyngtorv,
tjærebrenning mile 20

for at ikkje for mykje luft skal koma til.
tjærebrenning mile 22

Nede ved bakken blir det sett att opningar mellom torvstykka,
tjærebrenning mile 23

slik at ein kan tenne opp mila der.
tjærebrenning mile 21

Opningane tettes når varmen har fått ordentleg tak.

Deretter skal mila brenne, eller ulme.
tjærebrenning mile 24

Det er viktig at varmen breier seg langsamt og jamt innover mot sentrum i mila.
tjærebrenning mile 31

Opne flammer skal helst ikkje forekoma.
tjærebrenning mile 30

Det er den høge temperaturen som gjer at tjæra skil seg ut. tjærebrenning mile 32

Det bør vera relativt vindstille ved milebrenning, tjærebrenning mile 25

elles er det vanskeleg å få mila til å brenne jamt og kontrollert.

Det tek vanlegvis om lag tre døgn å brenne ei tjæremile, og den må passast på heile døgnet.
tjærebrenning mile 33

Eit hol i sentrum av botnen tjener som avløp for tjæra, der den renn ned i oppsamlingstønna.
tjærebrenning mile 28

Utradisjonelt – men i glohaugen kan «Kaffe-Lars» koke…
tjærebrenning mile 34

Kolet vart tidlegar brukt til smikol.
tjærebrenning mile 35I dag brukes det mest til grilling, noko det er godt eigna til.

– –  Tommy og Tor brente fleire miler, den siste i 1996.
– –  Bileta er frå 1994 og 1996.
– –  Mila vart bygt i 1994.

Slik står tjærevangen i dag, langt inne i skogen – 20 år etter at den sist var i bruk…
tjærebrenning mile 36
…og minnar om ei tid som var.
På toppen gror trær – og nokon ser nytte i den til anna enn tjærebrenning…  

 * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Om kategorien «Frå før i tida»

Om kategorien «Frå før i tida»

Som tittelen tilsi – her vil eg legge inn litt som omhandlar «før i tida».

Det kan vera gamle bileter – kanskje med litt historie, hendingar, stader osv.
Håpar òg å få til litt «Før og no» bileter.

Her er nokre bileter eg allereie har brukt:
«Før: Seterysteri – No: Seterpensjonat».
Før og no - Billingen ysteri - seterpensjonat

– Eit anna bilete er det gamle biletet av far, antageleg teke sirka 1948-1950. Ikkje visste eg kvar det var teke, men med god hjelp fekk eg veta kvar.
storbrakkaAt desse er teke same staden ser ein mellom anna av steinen i høger biletkant på bileta.

Nokon har interesse av korleis det har vore, m.a. her på fjellet – andre ikkje.
Slik er det med alt – vi har forskjellige interesser! Men håpar at det kanskje blir litt, som nokon har interesse av…

Håpar eg får lagt inn litt no, og litt da – men blir nok med ujamne mellomrom…

* * * * * * * * * * * * * *

Før: Seterysteri – No: Seterpensjonat.

Før: Seterysteri – No: Seterpensjonat.

Alltid spennande når det skjer noko nytt i bygda!
Billingen Seterpensjonat vart offisiellt opna 1. juli i år.
inngang billingen seterpensjonat
Huset er eit gamalt tømmerhus, som vart flytta frå Ramstadstronda til Billingen i løpet av 2013/2014.
Her kan ein få servert mat, kaffe og ”biteti” (kaker) – og drikke av ”alle slag” .
I 2. etasje er det rom for overnatting. billingen seterpensjonat
Ein fin og triveleg stad for å ha ”kalas” (selskap) er det òg, dersom det er noko spesiellt ein vil feire.
Billingen Seterpensjonat er òg eit fint utgangspunkt for fjellturar, jakt og fiske.
turstigar billingen

 

Gamle postkort.
Mi interesse for gamle postkort og bileter blir berre større, når ein ser korleis stader og bygningar har endra seg. Opp gjennom tidene har dette seterområdet vore nytta som motiv på mange postkort. I mi samling har eg nokre. Mellom anna den gamle utleggsbrua…
billingen tora elv…fossen og elva som brusar forbi.

billingen ysteri m bruFrå 1919, til ut på 1930-talet, var det seterysteri i huset som stod her.
billingen ysteri
Etter at det vart slutt på ysteri, vart bygningen nytta som kafè, i ein del år.

Men, som så mykje anna, har staden endra seg.
I 1953 vart ysteri-bygningen teken ned. Berre ystbua stod att, og vart nytta mest som ”dagshytte”.
Når heilårsvegen vart bygd gjennom Billingsdalen, vart det ny bru over elva Tora, og vegen vart lagt utanom området der det før var ysteri.

I 2013 tok eg ein del nye bileter av stader eg hadde gamle postkort frå. ”Billingen Seterysteri” såg da slik ut:
billingen ystbuaDet var berre den gamle ystbua som stod der. Men den vart òg rivi seinare på året. Førebuingane til ”Billingen Seterpensjonat” tok til!

Den gamle ysteribygningen ”lever” framleis.
Men kva med den gamle ysteribygningen, som vart teken ned i 1953?
Den kjøpte Trio Tamreinlag, og sette opp att i Hamsevika. Den har gått under namna ”Reinshytta”, ”Gjetarhytta” og ”Slakteriet”, da den mellom anna vart nytta når Trio Tamreinlag dreiv reinsslakting.
Her er eit bilete av hytta (tidlegare ysteriet), teke ca 1955, i Hamsevika.
reinshytta
Eit firma kjøpte den for ein del år sidan, og brukar den som firmahytte.
gamle ysterietHytta står framleis, men med store endringar og ombyggingar.

– – – –

Det var, stutt fortalt, historia om staden som i 1919 vart Seterysteri – og i 2015 Seterpensjonat.
Hittil har vi vore der to gonger i sumar – og kan anbefale staden! Triveleg er det der, og god mat blir servert! Og dersom du er ekstra heldig – tek vertskapet, Marianne og Arnstein, fram toradaren sin og underheld gjestane sine!
billingen seterpensjonat inne
Ynskjer Marianne og Arnstein LYKKE TIL med Billingen Seterpensjonat!

* * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest