På gamle trakter – Skjellom og Tundradalen…

Med ynskje om å dekke fleire interesser, bestemte vi oss for å ta ein sundagstur til Skjellom.
Eit fint område i Nordberg i Skjåk – som ligg høgt og fritt mellom søre Kvittingsgrove og nørdre Kvittingsgrove (dialekt: grov betyr bekk, fleire grøv) – som toppbilete viser.

Skjellom.

I gamledagar var dette ei lita setergrend. Mellom anna er setra som tilhøyrer far sin barndomsheim, øvre Aaboen, der.
skjellom med før b

Derfor var det heilt naturleg at far ofte tok oss med dit. Når vi vart større tok vi turar dit sjølve, både sumar og vinter. Frå heime var det fint å gå oppover gjennom skogen, til fots eller på ski.

Eg har i fleire år tenkt å ta meg ein tur att, for å sjå – og kjenne på gamle minner!
No i dag er det òg enklare å koma der. Ein kan køyre opp litt aust for Dønnfoss (bomveg), og køyre oppover, event. heilt til fyrste setra.

skjellom a 07.08.16– Det er lett å gå – når ein nærmar seg målet…!

I «gamledagar» gjekk vi opp på høgda mot dalen, for å sjå heimatt. Kanskje sat mor i glaset med kikkert, for å halde auga med oss? Kanskje hadde ho sett på klokka når vi reiste frå heime òg, og kunne merke seg om det vart ny personleg rekord på oss…
skjellom 07.08.16 med før b– Barndomsheimen min i den raude ringen…
I dag har skogen vokse seg høgre og tettare – kan ikkje sjå barndomsheimen min «for bare trær»…

skjellom c 07.08.16

Før vi reiste på denne sundagsturen, skreiv eg ut eit gamalt bilete, teke i 1963 (event. 1962), for å lage meg eit «før og no» bilete.
skjellom før og noEg tok meg friheita og gjekk inn på kvea, der far stod den gongen han tok biletet av dei gamle seterhusa, tilhøyrande barndomsheimen sin…
Motivet var lett å finne att, og utedoen er heilt lik seg. Elles er både fjøset og seterhuset borte. Men onkelen min sette opp eit nytt hus, som står på den gamle grunnmuren til seterhuset. – Det tek òg til å bli mange år sidan…

Frå Skjellom er det fleire merka turmoglegheiter, slik som innover Skjellflye og til Klarastøtta.
skjellom klarastøtta

Klarastøtta er ein minnestein over den 4 år gamle Klara Heggerusten som vart borte frå heimen sin i september 1932, og attfunnen i Skjellfjellet, i februar 1933. Ei svært tragisk historie.

«ØRNEN – en barnerøver»
Historia om Klara Heggerusten er mellom anna nedskrivi i boka «ØRNEN – en barnerøver» av Per J. Tømmeraas, utgjeve i 1997. Han skriv der om fleire hendingar i Noreg, der små ungar har blitt borte, og ørna har blitt skulda for bortføringa. Slik var det i denne saka òg, ørna vart misstenkt. Historia om Klara er svært trist, mellom anna at foreldra vart misstenkt for å ha teke ho av dage. Men triste historier må òg takast vare på, meinar eg. Det er vondt å tenkje på korleis denne familien vart misstenkjeleggjort, midt i sorga og fortvilelsen over ein liten unge som var borte, fattigdom og sjukdom!

For 3-4 år sidan oppdaga eg at det er mange i bygda som ikkje kjenner til denne historia. Eg tok derfor kontakt med forfattaren, for å høyre om eg fekk lov til å videreformidle historia frå boka hans.
Det fekk eg lov til, og vi hadde ei lang og triveleg samtale!
Han fortalte òg at det var svært vanskeleg å få ut opplysningar frå arkiva om denne saka, verre enn i dei andre sakene han har med i boka.
Onkelen min, Selmer Tundrali, var ei av dei lokale kjeldene Per hadde kontakt med i dei åra han skreiv boka. Like eins mor og far. Per fortalte i telefonsamtala vår, at far var med han som kjentmann, når han var inn i Skjellfjellet for å ta bilete av støtta, og såg der Klara vart attfunnen. Det var ikkje mange som visste kvar steinen og staden var, sa han.
Per er handikapa og har vanskeleg for å gå, og den gongen var det ikkje mogleg å køyre med bil opp til Skjellom. Derfor hadde far starta opp sin gamle trakor, påmontert bakskuffe, der han hadde laga til med puter og tepper til å sitte på. Dette sette Per stor pris på, og han fortalte at far køyrde «så langt som det gjekk – og enno litt til». Takka vera den innsatsen klarte han å koma fram til minnesteinen der Klara vart funnen.

Med forfattaren Per J. Tømmeraas sin tillatelse, har eg skanna sidene i boka som omhandlar den tragiske historia om Klara Heggerusten – om du vil kan du lesa den her.
Heile boka «ØRNEN – en barnerøver» av Per J. Tømmeraas, finn ein òg i Nasjonalbiblioteket.
Boka er òg å finne på biblioteket i Bismo.
– – – 

skjellom b 07.08.16

Når Tor og eg hadde teke oss ei kaffepause, og mimra om «før i tida», fann vi ut at vi ville ta ein tur til Tundradalen òg, når vi like vel var på desse traktene.

Tundradalen.

tundradalen nordberg skjåk

Som sagt, dette vart bråbestemt.
Eg har nokre gamle minner å leite fram att der òg, men no rakk eg ikkje å førebu meg.
Mellom anna dette, som eg meinar må vera teke i 1958. Eg ser at eg bomma når eg prøvde å ta nytt bilete, vi var nok ikkje langt nok innover…
tundradalen 1958
Dette bilete vart teke når mor og eg var på overnattingsbesøk hjå mor si veninne, Tora, som var budeie i Tundradalen. Eg er jenta med armen over hovudet… 

På denne brua…
skotåbrue tundradalen…over Skotåe, veit eg at mor tok eit bilete av meg når vi var på heimveg etter besøket.   

Lenge sidan sist eg såg bilete, men ikkje så mange alternativ. Det var berre å prøve…!

Jenta er den same, men brua er ny.
skotåbrue -58 og -16Den nye brua ligg omtrent ein meter over den gamle. Noko ein òg ser av fleire punkt på dagens bilete (markert).
Frå Tundradalen, og langs Tundradalsvegen er òg fleire merka turstigar. 

Frå gamle trakter til «nye» trakter…
Turen vart avslutta på Dønnfoss camping…

dønnfoss camping skjåk…med ein hamburger – medan vi sat og såg opp på Skjellom, og innover Skjellfjellet, med Tundradalen innover til høgre.

Det vart ein fin mimretur! Nokre tårar vart det òg – lettrørt som eg er, i både sorg og glede…

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *