Ola-Bu i Hamsedalen

Etter å ha tilbringa eit par døgn i Ola-Bu i sumar (2016), kom historia om Ola-Bu ekstra nær. Bilete på toppen er frå august 2016.
Bilete under er frå juli 2016:

Ola-Bu fiskebu Hamsedalen Skjåk juli-16

– Slik møter ein Ola-Bu i Hamsedalen……

Tor fortel om Ola-Bu i Hamsedalen…
…og litt om historia bak:

Om ein tek turen frå Hamsevika, innover langs elva Hamsa,
går ein innover Hamsedalen.
Ola-Bu Hamsedalen kart
Innover dalen er det fleire små vatn. Eg har aldri høyrt andre namn på vatna, enn 1., 2., 3., 4. og 5. vatnet.
Terrenget innover er lett å gå!
Går ein på venstre side av elva, kjem ein etter om lag ein times gange (ca 3 km) til Ola-Bu, som ligg ved 2. vatnet. Ola-Bu ligg på ca 995 m.o.h.

Litt om historia til Ola-Bu…
Historia om Ola-Bu er lang. Vi kan starte med å sjå litt i fyrste hytteboka for Ola-Bu…

Slik startar hytteboka:
bilete 1 frå hyttebok– – «Me elskar kvar vor vesle flekk – som me av denne verdi fekk.»

Den 30. juni 1957 står dette i hytteboka:
bilete 2 frå hyttebokVar her første gang efter at Ola døde. Isen låg enda på vatnet, bare en liten del ved naustet var isfritt.
Men her var strålende fint vær.
Golvet var nylakert og alt var i beste orden da eg let upp. Du ordna vel i stand siste gang du var her Ola, 23/9-56.
Signa være ditt minne, og Takk for alt. Og bui skal vera oss eit varigt minne um deg, og heite

Ola-Bu

Magne.                                

——

Det var nok denne dagen den fyrste hytteboka kom til Ola-Bu.

Det var far, Magne Brustugun (f. 02.10.1910 – d. 03.01.1995), og onkel Ola Brustugun (f. 21.01.1913 – d. 29.12.1956)
som i si tid sette opp denne fiskebua.
Magne og Ola Ola-Bu Hamsedalen

Vidare skriv far i hytteboka:
«Det var sumaren 1940 eg og Ola første gangen kom hit til Hamsedalen. Vi reiste til Legerhytta i Breidalen, og da brukte vi vanleg sykkel, så skulde vi også ta en tur til Vien og prøve fisken der…
…Oss hadde hørt at det var mange tjern her i Hamsedalen og vi tok heimturen herum, men her var nok ikkje fisk.
Oss sat på høgdene her og såg på denne herlegdomen, men fiskevak var ikkje å sjå.
Oss vart forlikte um at her i Hamsedalen måtte det vera muglegheit for eit eldorado for folk såm var glad i fjellet og fiske, og at her måtte noe gjøres.
Men det var vanskeleg å få gjort noe efektivt desse krigsåra, vi var her i mange sumrar på feri før vi fekk sjå fisken vake.
År 1944 fekk oss i samråd med Skjåk fjellstyre fanget en del småfisk i Glittra og slept her. I 1945 fanget vi cirka 100 fisk i Ottaelva og bar hit. Og dette vart så grunnstammen for fisken her, og nå vart det vak og få sjå på vatni…»

Naust og båt i 1948…
Når så det viktigaste – fisken – var på plass, vart neste mål å få båt og ein stad å overnatte her.
I 1948 skaffa dei båt, som vart kjøpt på vestlandet og frakta hit opp. Denne vart kalla «Storbåten».
Naust vart òg sett opp ved 2. vatnet. Det vart òg brukt til overnatting. Der hadde dei ved-omn for fyring.
Denne omnen bar onkel Ola på ryggen innover.
båtnaust Ola-Bu Hamsedalen 1948

Her er naustet ved 2. vatnet, som vart oppsett i 1948  (bilete teke ca 1950).

Draumen om ei fiskebu blir realisert.
Draumen, og planen, var å få opp ei fiskebu i Hamsedalen. Ola og far fann ein fin plass ved 2. vatnet,

der bua skulle stå.

Tømmeret i bua er frå eit gamalt eldhus frå søre Haugen på Dalom, i Skjåk. Dette vart ordna i stand nede i bygda, for transport til Hamsevika i Breidalen, etter at Geirangervegen vart opna, våren 1955.
Ola Klepp køyrde tømmeret nordover på lastebil, og han hugsar at det var den 16. juni. Han hugsar òg at det var så mykje snø, at dei la stokkane rett opp på brøytekanten.

Dugnad for å frakte tømmeret innover.
Så var det dugnad, og mange karar var samla for å dra tømmeret innover Hamsedalen på skareføre, ved hjelp av reinskjelkar. Desse vart lånt frå fleire plassar i bygda. Dei var tre menn på kvar kjelke, og brukte tre kjelkar.
På denne oppgåva brukte dei to dagar (18. og 19. juni).
Under transporten innover hadde dei fint skareføre, begge dagane.

Frå transporten innover Hamsedalen, juni 1955…
transport tømmer Ola-Bu Hamsedalen 1
Karane drog tømmeret innover ved hjelp av tre reinskjelkar.
transport tømmer Ola-Bu Hamsedalen 2

transport tømmer Ola-Bu Hamsedalen 3

19. juni 1955…
transport Ola-Bu Hamsedalen Ola Brustugun 19. juni 1955Onkel Ola, når dei drog tømmeret innover. Bak på biletet står det: «Den 19. juni 1955»

Tømmeret er på plass, 19. juni 1955…
tømmer på plass ved Ola-Bu Hamsedalen
Her har dugnadsgjengen fått på plass tømmeret ved 2. vatnet, der fiskebua skal settes opp.
Karane på biletet er…
Fremste rekkje frå venstre:
Kristen Brennhaug, Per Bjørgen, Amund Dalen, Ola Brustugun, Rikard Grande og Magne Brustugun (far).
På toppen av haugen, frå venstre:
Andreas Aabuen og Jo Brustugun.
Ola Klepp var òg med, men her er det han som er fotografen.

Glas (vindauger), dører, taktro og golvbord vart bore på ryggen innover seinare på sumaren.
Onkel Ola var ”primus motor” for bygging av bua, med god hjelp av far.

Fiskebua blir ferdig, hausten 1956…
Ola Brustugun Ola-Bu Hamsedalen 1956Onkel Ola ved fiskebua i 1956 – bua som seinare vart oppattkalla etter han, og fekk namnet «Ola-Bu».

Siste helsing frå onkel Ola…
Det einaste skrivne minnet vi har etter onkel Ola frå Ola-Bu, er ei fjøl han skreiv på, siste gongen han var der.
Det siste han gjorde før han reiste att, var å lakke golvet – no var fiskebua ferdig!
På fjøla står det:
«Var her 23/9 56, det er vel siste gang for i år. Det er pent ver, sol og fine farger.
Takk for i sumar. God Jul og Godt nyttår.    O.B.»

Berre 3 månader og 6 dagar seinare døyde han.
MINOLTA DIGITAL CAMERAFjøla heng over døra inne i Ola-Bu, som eit minne, og ei siste helsing frå han.
Onkel Ola døyde av kreft, knapt 44 år gamal.
Han rakk dessverre ikkje å få nyte denne bua etter at ho vart ferdig.
Den siste sumaren (1956) var han ofte svært sjuk. Det er beundringsverdig at han i det heileteke fekk gjort ferdig fiskebua!

Livet går vidare…
Sjølv om onkel Ola hadde gått bort, skulle fiskebua bli flittig nytta i åra framover.

Det ville nok ha vore hans ønskje òg…

Min fyrste tur til Ola-Bu, juli 1957…
Ola-Bu Hamsedalen juli 1957
Fyrste gongen mor, eg og Marit-syster var med far til Ola-Bu i Hamsedalen, var juli 1957, da var eg 4 ½ år gamal.
Vi låg der ei veke. (Foto: Ola Hosar)

Det var ofte folksamt i Ola-Bu, 6-8 personar var ikkje unormalt, og gjerne opp til ei veke om gongen.
Den som stod for hushaldet måtte vera flink til å planlegge.
Ikkje var det så enkelt som i dag å koma dit heller.
Bil hadde vi ikkje, det var å ta bussen frå heime til Grotli. Der laut vi skifte buss, med alt «pikk-pakk», og ta  «Geiranger-bussen» til Hamsevika. Så laut ein bera alt på ryggen, og i hendene, innover.

Når vi skulle til Hamsedalen, hadde vi mellom anna med eit stort spann med mjølk. Dette vart oppbevara i ei ”mjølkekjøle” i ein bekk litt opp for Hamsevika.
Slik kunne vi gå framover frå Hamsedalen, og hente kald mjølk i mindre spann.

Vedsanking…
Det var ikkje enkelt å frakte ved til Hamsedalen, den måtte i så fall berast – som alt anna. Derfor brukte vi å sanke «busker og kratt» – rundt om i området.
For ikkje å ta all vegetasjon rundt hytta, vart det rodd over vatnet, og sanka på andre sida. Der var det «solside» og einer og vier var mykje større og kraftigare.
Gode minner Ola-Bu 1– Her er bilete av nokon som har vore på vedsanking…
I hytteboka står det, 30. juli -58: «…han kom att med båten full av fin einer…«

Båten ”Tommas”.
August 1957 ordna far med båt på 4. vatnet.
Båten vart fyrst frakta til Ola-Bu, ved 2. vatnet, av ”… ein flokk med folk…”, som det står i hytteboka. Båten vart der tjærebredd, før den vart frakta vidare til 4. vatnet. Om dette skriv far i hytteboka:
”Båtdåp.
Den blev døpt som seg hør og bør av Halvard Skår, sundag 28/8, med medbragt flaske.
Men da den smalt mot stammen var den tom.
Navn på barnet: Tommas.”
Grunnen til at båten fekk dette namnet er at han som hadde laga den heitte Tommas.

Mange besøkande, opp gjennom åra…
Når ein ser igjennom dei gamle hyttebøkene, ser ein at mange har vore innom i Ola-Bu.
Og mange er det som har lagt att helsing i hyttebøkene. Nokre har òg lagt att «kunstneriske innslag».
Kanskje var det den friske lufta, og den fine naturen som inspirerte?
bilete 3 fråhyttebok

Desse to helsingane er frå 1960.

bilete 4 frå hyttebok

Slekt og venner – frå fjern og nær – har vore på besøk i Ola-Bu…
Gode minner Ola-Bu 2
Gode minner Ola-Bu 3
Gode minner Ola-Bu 4
Gode minner Ola-Bu 5– På desse bileta er gjester både frå Skjåk, Fron, Snertingdal, Oslo og Amerika…

Som vi ser – det var ofte folksamt i Ola-Bu. Mange hadde Hamsedalen som turmål.
For enkelte var det for dagstur, for andre var det for nokre dagars ferie.
Når ein tenkjer på at rommet i bua er berre ca. 10 m2,   vart det ikkje store plassen på kvar.
Men – der det er hjerterom – der er det husrom! 

«Verdskjent» bilete…
Fyrst på 1960-talet tok Kristian P. Hosar dette bilete av far i Hamsedalen.

Kristian sende det inn til «Magasinet for alle».
Magne Brustugun i Hamsedalen Magasinet for alleBilete av far kom på framsida av «Magasinet for alle»! (Foto Kristian P. Hosar)

«Storhaugen»
Like ved Ola-Bu er ein stor haug, som vi har brukt å kalle «Storhaugen».
Når eg gjekk igjennom gamle bileter, fann eg dette av far, ved haugen.
Magne Brustugun Ola-Bu Hamsedalen– På baksida av biletet er dette notert:
«Trollhaugen, med Trollporten. Den er låst med 7 lås.»

Vinter…
Det var ikkje vanleg at vi tok turar til Hamsedalen vinterstid, da vegen ikkje var brøyta lenger enn til Pollfoss.
Men påska 1974 tok eg og Marit ein skitur til Ola-Bu. Vi kunne køyre til Grotli.
Vi gjekk frå Grotli og over Kjerringhøi.
Ola-Bu påska 1974– Her står vi på Kjerringhøi, og ser ned i Hamsedalen.             – Matpause ved Ola-Bu, 11. april -74.
Ola-Bu i den raude ringen på biletet.

Far og Hamsedalen…
Far brukte alle feriar, og fritid, i Hamsedalen. Sjølv om laurdag var arbeidsdag, reiste han – etter arbeid –
til Hamsedalen for å tilbringe resten av helga der.
Det var dette som var avkobling frå kvardagen, og Hamsedalen som var ”Paradis på jord”!
Magne Brustugun Ola-Bu Hamsedalen 1982Far i sitt «rette element» – 1982.

Neste generasjon…
Leif og Geir var så heldige å få oppleva fleire turar saman med bestefar til Hamsedalen og Ola-Bu.
Her er frå nokre av turane…
Dagstur til Hamsedalen og Ola-Bu, den 8. juli 1981:
Ola-Bu Hamsedalen 08.07.81

Fisketur, 19. – 20. juli 1982
Ola-Bu Hamsedalen 1982
– Pause før 1. vatnet… Geir, far og Leif.                                         – Nattas fiskefangst.

Garngreing…
Ola-Bu Hamsedalen garngreing1982
– Leif og Geir hjelper bestefar med å greie garna…

Skitur, 4. april 1983
Ola-Bu Hamsedalen 04.04.83
– Her står far, Leif og Geir på taket av båtnaustet.                    – Matpause ved Ola-Bu.

Fisketur, 17. – 18. september 1983
Ola-Bu Hamsedalen 18.09.83
– Leif og far, snart framme ved Ola-Bu…

Frå turar til Hamsedalen, 1983 og 1986.
Ola-Bu Hamsedalen 1983 og 1986

Far sin siste tur til Ola-Bu…
Siste gongen far var i Hamsedalen var 24. – 26. juni 1988. Det var han, Leif, Geir og eg (Tor).
I hytteboka har eg skrivi:
«Far er snart 78 år og fèr omtrent så lett som oss andre.
Far har smurt Storbåten utvendes og Tommas innvendig.»
Han hadde, som alltid, «hugsott» (følte ansvar) for at alt skulle vera velstelt og i orden…

Villreinen kosar seg òg ved Ola-Bu…
Rein ved Ola-Bu Hamsedalen(Foto: Elias Sperstad)

Turar til Hamsedalen…
Kvart år prøvar eg å få minst ei helg til fisking i Hamsedalen, ein og annan dagstur, og litt vedlikehald…

Fisketur.
Ola-Bu fiske 2.vatnet 11.07.81
– Ved Ola-Bu og 2. vatnet, juli 1981.

Tjærebreiing av båt, august 1990
Ola-Bu tjerebreiing av båt -90– «Storbåten» får ein omgang med tjære, av Leif og meg…

Vedlikehald, juni 1997
vedlikehald Ola-Bu -97
– Skifting av glas…
Etter at vi fekk moglegheit til å frakte ved, materialar og utstyr med snøscooter på vinteren, vart ting enklare.
Her har eg køyrd innover nytt glas (vindauga), da det gamle laut skiftast ut.
Tjære for tjærebreing av hytta hadde eg òg med.

Tjærebreing, august 1997
Her får Ola-Bu eit nytt strøk med tjære…

Ola-Bu tjerebreing -97– Vêr og vind set nok sine spor…

Henting av båten «Tommas», mai 1998
Båten «Tommas», som kom til Hamsedalen i 1957, har nok sett sine beste dagar.

Ola-Bu båthenting -98– Her hentar vi den heim, for vurdering av reparasjon…

Ny båt, mai 2002
Våren 2002 var vi til Selje og henta ny båt, ein «Saga-Båt». Denne vart frakta til 3. vatnet, og ligg der.
Ola-Bu ny båt -02

Fisketur.
MINOLTA DIGITAL CAMERA
– Ved 3. vatnet, august 2004.

**************************************************************************************
**************************************************************************************

Slik ligg ho der og ventar – vår kjære Ola-Bu…

Peikande burt imot villaste Vestland
ligg staden eg prise vil med ein lovsang.
Torvtekte hytte med glittrande rute
blenkjer i minnet så ofte der ute…
Brattaste lende med gulbrune hytte,
her kan du kvile, og her kan du lytte!
(Fritt etter dikt av Tea Kummen)

Ola-Bu Hamsedalen Skjåk

***************************************************************************************
***************************************************************************************

Historia om Ola-Bu…
Far hadde planer om å skrive ned historia om Ola-Bu.
I fyrste hytteboka har han skrivi om når dei kom til Hamsedalen fyrste gongen, og om planting av fisk. Det er avsett fleire blanke sider i hytteboka for fortsetelsen. Men – dessverre – han kom aldri lenger.
Her har eg, etter beste evne, prøvd å hugse resten av historia som eg vart fortalt.
Ein del gamle bileter seier òg sitt, men dei fleste bileta manglar årstal og namn…
Men barndomsminna frå Ola-Bu og Hamsedalen er der, om ikkje alt kan tidfestast med årstal…

Både far og onkel Ola har lagt ned vandringsstaven for lenge sidan, men Ola-Bu og minna skal vi prøve å ta vare på!
Som eit minne om far og onkel Ola, la eg ut denne historia og «minneboka» fyrste gong (19. juni 2009) på dagen 54 år sidan transporten av Ola-Bu, innover til Hamsedalen.
Far fann bokstavar i naturen som han festa på veggen, der det stod «OLA-BU». Vêr, vind og tidas tann har øydelagt ein del av bokstavane.
I år, 60 år etter at fiskebua var ferdig, har eg funne nye bokstavar, slik at namnet på fiskebua er på plass att.

Ola-Bu 1956-2016

Takk til:
– Ola Klepp for opplysningar, og bekreftelse av mine «antagelsar».
– Tor J. Brustugun for lån av gamal album, der eg fann bileter av transporten og besøk i Ola-Bu.
– Skjåk historielag for lån av bilete.
– Og alle dykk andre som har bidrege med varige minner.

Takk for ideen dykk fekk i 1940, far og Ola!
Og takk for at dykk gjennomførte den!

Magne og Ola Ola-Bu Hamsedalen

 

~ ~ Tor ~ ~

MINOLTA DIGITAL CAMERA

PS: Alle bileta er «klikkbare» for større versjon!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *