av AnnaB | mai 27, 2015 | Som dagane går
Vi skriv 27. mai – kanskje på tide å koma med ein liten rapport frå fjellheimen att.
Det er mellom anna ein del som lurar på snøforhalda her.
Til det er å si: Her er framleis (meir enn) nok av snø!
Har liksom bestemt meg for at no vil eg ikkje bevege meg noko særleg rundt om i området her, med mindre eg MÅ! Mellom hytta og Strynsfjellvegen (etter Skridulaupråket) er det stort sett bart i eine vegkanten, etter at eg i år òg brukte blomsterjorda mi til mylding av vegkanten. Og når eg og Dora, som like vel går der på lufteturane våre, passar på å trakke sund snø og is etter kvart som det smeltar – da utvidar barflekkane seg raskt. Der tek det til å bli fint å gå, og snart kan vi vel ta fram att ”Solan”-sykkelen vår. Men etter Strynsfjellvegen ligg det +/- 50 cm snø. Der eignar det seg best å gå på ski (ev. truger) – men eg har ikkje tenkt å ta fram att skia fleire gonger på denne sida av olsok!
Like vel tok eg og Dora ein luftetur til parkeringsplassen i efta – utan ski eller truger.

Det er litt tungt å gå, når det øverste snølaget er blaudt, slik at ein søkk 10-20 cm ned i snøen. Høge sko bør ein òg ha.
Langs Kjostjønna brukar å vera den fyrste staden det tek til å bli barflekkar. – Ikkje eingong der er det barflekkar enno.

Sist helg kom det nysnø. På Grotli målestasjon ser eg at det var registrert 10 cm. Lenger oppe i hyttefelta kan ein vel rekne med litt meire.
Tor var ein tur oppe i hyttefelta i efta, der har ikkje eingong nysnøen gått opp att enno. Ein annan ting ein ser; det bør nok brukes lenger snøstikk. Men myldinga har i vertfall fungert – snøstikka har kome fram.

Og der det ikkje er snøstikk i det heileteke, der kan sjølv Tor, som omtrent er lommekjent på vegane i hyttegrenda, bomme.

Men det er ikkje berre vi som ser fram til opning av vegane!
Stryn Sommarski måtte utsette opning av skisenteret, på grunn av at vegen ikkje vart ferdigbrøyta til planlagt opningsdag. Men etter det eg kan sjå, kan Strynsfjellvegen bli opna frå vest til sommarskisenteret i morgon.
På Statens vegvesen si nettside står det at Strynsfjellvegen ventes opna 15. juni. Så – vi får berre vente!
Geirangervegen vart opna tidleg i år, men har no vore stengt i fleire dagar…
Men sjølv med all denne snøen, merkar ein vårteiken! Måråe tek til å få elvesus, gauken var i rute i år òg, småfuglane kvittrar og nettene ljose. Dei er nok ekstra ljose når det er så mykje snø som ”lyser opp”.
Laurdag 30. mai går årets veteranbilløp ”Flåklypa Grand Prix” av stabelen! Start er som vanleg i Lom, men i år går ruta om Skjåk, vestover til Dønnfoss, før dei køyrer attende til Lom.
Vi får vera optimistar, og si som ”han Oluf”:

Ha ei fin helg!
* * * * * *
av AnnaB | mai 19, 2015 | Som dagane går
Mai – månaden der den eine heilagdagen avløyser den andre…
Og moglegheit for langhelger, som mange vel å tilbringe på hytta. I år er det nok av snø, for dei som ynskjer vårskigåing.
Spørsmåla ”Korleis er det med snøen no?” ”Korleis er det å koma seg til hytta?” brukar å dukke opp denne tida, – og har allereie kome.
Som før nemnt, det ser ut til å vera meir enn ”normalt” med snø, for denne årstida. Snødjupna på Gamle-Grotli var 62 cm i går. Her i Grotli Hyttegrend viste snømålet 84 cm. Men ein del blir visst like overraska kvart år, over at det er snø her denne tida…
Nokre bileter frå hytteområda, teke i går, 18. mai.
Breidablikk, austover Gamle Geirangerveg:

Vestover Gamle Geirangerveg:

Grotli Fritidsboligområde, stort sett køyrbare hyttevegar:


Grotli Hyttegrend, hyttevegane er mylda. Etter Strynsfjellvegen ligg det framleis mykje snø (og fint skiføre):


Fyrstkomande helg er det òg ein del aktivitet i Skjåk.
”Ståk i Skjåk” marknadsdagen som har vorte ein tradisjon kvart år. I år blir det laurdag den 23. mai.
Motbakkeløpet ”Flækøyhøe UPP” blir arrangert også i år, laurdag den 23. mai.
Men ikkje nok med det…
I Lom er «Lagottospesialen 2015» …
Eg og Dora «ladar opp» til utstilling sundag. 🙂
Ha ei fortsatt fin veke – og ei fin pinsehelg!
* * * * * *
av AnnaB | mai 16, 2015 | Som dagane går
17. mai – Noregs store dag! Uansett om ein er i ”hus eller hytte”.
Vi kan sjå attende på mange år med 17. mai-feiring her på hytta. Når vêret har vore fint, har det òg vore ein del som har brukt denne dagen til ein skitur opp på Skridulaupen.
Vêrmeldingane for morgondagen tilsi kanskje ikkje Skridulauptur…
Vi skal ha ei stille feiring, og heile famelien skal samlast på hotellet til mat, som vi har brukt å gjera dei siste åra.
Grotli Høyfjellshotel serverar 17. mai-buffet – som dei har gjort i fleire år. Det brukar å vera både godt og triveleg!
(Bilete frå heimesida til Grotli Høyfjellshotel)
Elles er alt ”på det gamle”. Framleis mykje snø i terrenget. Men ein merkar at det vårast. Linerla kom for 2-3 veker sidan, haren tek til å bli grå og vegen til Geiranger er opna etter vinterstenging. Her i Skjåk har det liksom alltid vore eit teiken på at det går mot sumar når den blir opna. Da blir det vel ein ”softis-tur” i år òg – etter kvart.
Ynskjer alle ein riktig fin 17. mai – og:

Tillykke med dagen!
* * * * * *
av AnnaB | mai 7, 2015 | Som dagane går
Hittil denne månaden har temperaturen variert frå -13,7°, til ca pluss 12°.
Dei siste nettene med rundt 0°, gjer at snødjupna minkar, og enkelte stader har snøen blitt litt rotten.
I går var Tor ein tur innover fjellet, til Vuludalen. Framleis fast og fint føre, men ca 5 cm blaut snø det øverste laget.

Etter transporten til Vuludalen, var det mylding av hyttevegane i Grotli Hyttegrend som stod på programmet.
Det har liksom blitt ein ”tradisjon” det òg. Fyrste året det var organisert mylding var våren 1999. Det hjelp godt! No blir hyttevegane raskare bare og tørre. Som oftast (omtrent) køyrbare når Strynsfjellvegen blir brøyta og opna for trafikk etter vinterstenging.
I morgon er det den 8. mai…
Skjåk kommune har oppmoda om flagging på alle flaggstenger i Skjåk, for å markere 70 år sidan frigjeringa. Da reknar eg med at det gjeld både «hus og hytter»!
Eg føler at det forpliktar å ha ei flaggstang. Derfor tok vi ned flaggstanga heime, når vi vart meire på hytta enn der. Det vart for mykje styr, når ein t.d. den 17. mai måtte få nokon til å heise og ta ned att flagget.
I reguleringsbestemmelsane i Skjåk, for hytter/fritidshus, heiter det at det ikkje er lov med flaggstenger – ”..vil ikkje verta godkjent.” står det. Eg spurte ein gong, om eg kunne sende ein skriftleg søknad om dispensasjon. Fekk til svar at det kunne eg spare meg, ingen hadde fått dispensasjon, og eg kom heller ikkje til å få!
Kanskje like greit – så slepp ein den ”forpliktelsen” det er å ha flaggstang.
Men i morgon skal eg skifte ut balkongvimpelen til balkongflagg!
Ha ein fin dag!

* * * * * *