Vinteren har ikkje sleppt taket…

Etter omlag ei veke med mykje sol og blå himmel, vakna vi i dag til nysnø på bakken. Riktig nok ikkje mykje, berre 2-3 cm. Nedbøren som var meldt i dag (fredag) har vi ikkje sett noko til…

Finvêret vi har hatt den siste veka, har ikkje tært mykje på snøen. Det var kaldt om nettene, Grotli kom jamvel på «Norges kaldaste»-toppen att, og lufttemperaturen var nesten ikkje på plussida om dagen heller. Framleis godt med snø og fint skiføre.
grotli krosshø

I morgon meldes det om fint vêr, med mykje sol.
Grotli Skiheiser melder at dei har ope alle helger ut april – dersom vêret tillet det.
Morgondagen ser i alle fall lovande ut!

Medan det går mot slutten for skisesongen for ein del skianlegg, er det andre som no startar førebuing til sesongen.
Stryn Sommerski er ein av dei. Her ankjem ei av trakkemaskinene Grotli i dag…
stryn sommerski førebuing…og er i kveld på veg innover Strynsfjellvegen, til Tystigen. Oppstartdato for anlegget har dei ikkje enno – fyrst må vegen bli brøyta frå vest, opp til anlegget.

Ikkje mange transportoppdrag på hytteservicen no om dagane.
Eit oppdrag denne veka var ein tur til Vuludalen.
Vuludalen Skjåk HytteserviceFoto-forhalda var kanskje ikkje heilt topp, men fint føre og ein grei og uproblematisk tur.

Denne tida set vi stor pris på alle vårteikn vi ser!
Eit sikkert teikn er linerla! I år vart ho observert ved hotellet den 10. april. Ved garasjen vår såg Tor ho den 12. april. I vår «hyttetid» har vi aldri observert ho så tidleg som i år. Vi får håpe at det er eit godt teikn for våren og sumaren!

Håpar at mange kan få nyte ei fin helg i fjellheimen!

GOD HELG !!!

* * * * * * * * * * * * * * * *