Vel overstått påske!

 Måråglytt, onsdag 8. april -15.

Påska 2015 er historie!
Og som vanleg – dagane går så fort! Både for dei som har påskeferie, og for dei som jobbar. Hytt’sørvis-karane har hatt nokre hektiske dagar, men det er som vi reknar med, og håpar på! Dagane starta ofte med løypekøyring, og som vi ser av biletet over, kan ein da få oppleva ein fin soloppgang inne ved Mårådalsmunningen.
Litt ruskevêr har det òg vore, men stort sett kan ein vel si at vêrmessigt har det vore ei fin påske. Og påskevêret held akurat! Når Tor køyrde ned dei siste som skulle ha transport om måndagskvelden, starta det å regne, og vinden auka på. Ut på morgonen vart m.a. riksveg 15 stengt grunna rasfare.
Oppdraga for hytt’sørvis-karane i påska er stort sett varetransport, for det meste i Grotli-området, men òg Breidablikk / Hamsevika, og nokre lenger aust som Nysetra- og Botnområda. Eit og anna «akuttilfeller» av andre ting brukar òg å dukke opp. I nokre av desse tilfella er det godt å ha gode kontakter med fagfolk som er i området på påskeferie, som stiller opp og blir med for å løyse problem for hyttefolket! Det kan ein ikkje ta som ein sjølvfylje!!!

Etter alle desse åra med hytteservice, tek karane til å få ein del erfaring med kva som kan oppstå, og kva det kan bli behov for. Mellom anna: det er alltid nokon som har startproblem når dei skal reise att, etter at bilen har stått ei vekes tid her på fjellet.
Som bilmekanikarar, og ein god porsjon «Petter Smart», har Geir og Leif ordna seg med stor hjelpestarter som dei har hatt her i påska dei siste åra.
hjelpestart flatt batteri
«Tradisjon tro» – det vart nokre behov for starthjelp i år òg.

Men det er ikkje berre Skjåk Hytteservice som yter service til hyttefolket i påska!
Eit flott tilbod, som m.a. eg nyttar meg av (og kan anbefale), er Matkroken i Bismo! Dei tek i mot varebestilling, og leverar varene på parkeringsplassen! Det gjeld områda Billingen/Nysetra, Grotli og Breidalen/Breidablikk. Da kan vi som er på hyttene t.d. nyte ein etterlengta skitur, i staden for å køyre ned i bygda for å handle. Om ein ynskjer, kan ein leige hytteservicen til å frakte varene heilt til hytta, eller hente varene på parkeringsplassen sjølv. 
påfyll av matvarer frå butikk, levert på parkeringsplass

– Her frå mottak av varer, levert av Matkroken no i påska.

Kor mange fullmåne-bileter eg har prøvd meg på, opp gjennom åra – det veit eg ikkje, men måtte forevige fullmånen i påska òg. Istappane ned frå vindskiene såg ut som perlekjeder når månen lyste på dei…

fullmåne
Håpar alle har hatt ei fin påske i fjellheimen!
Framleis kan vi få mange fine dagar framover våren, med kvite vidder og skiturar – for den som likar vårskigåing. Eller kanskje berre sitte ved hytteveggen og nyte finvêr og utsikt…

* * * * * *