Vårfornemmelse på fjellet…?

Fine solnedgangar har vi hatt i det siste – men det er lite som minner om at det går mot vår!
Når ein såg ut i dag, låg det 2-3 cm nysnø.
Som kontrast til alle bileta, og alt som blir skrivi, om at «nå er det vår!»…
snødjupn 06.04.16…syner vårt snømål at det er att omtrent 95 cm snø.

«Rekordvarmt i fjellet i mars»
skriv yr.no på nettsida si. Slik har det òg vore her. Og åra dei nemner med kald mars, stemmer òg med vårt område. Dette milde vêret har vi, hittil, hatt også i april.
Men vêret kan snu. Det kan bli kaldare. Til dømes var minimum-temperaturen den 7. april 2012 på -23,8°. I 2013 hadde vi fleire døgn med minimum-temperatur mellom -25° og -20° rundt den 10. april.
Her på fjellet er det heller ikkje unormalt med ein del nysnø i april/mai.
Sjølv om det er «lite» snø i år, er det nok duka for skiføre og fine turar i mange veker framover. Kanskje ein del kjem til å nytte høvet allereie komande helg – yr.no har teke fram sol-symbol og blå temperatur-tal.
skridulaupen grotli 04.04.16

Men nokre vårteikn kan ein òg finne her på fjellet…
At hyttevegar blir brøyta, som i Grotli Fritidsboligområde, er eit teikn på at det går mot vår…
brøyting hyttevegar…i andre hyttefelt, som Breidablikk og Grotli Hyttegrend, må vi nok vente til naturen sjølv ordnar opp.

Mildvêret har òg gjort at smeltevatnet samlar seg opp…
snøsmelting 06.04.16…som her ved «Vinterlego-huset» vårt.
God fart, og / eller høge og tette sko, kan kanskje vera ein fordel når ein skal ta seg fram her…

Vipa brukar å koma tidleg, og siste dagen i mars vart den fyrste observert.
vipe grotli 31.03.16Den hadde funne seg ein barflekk på parkeringsplassen, mellom store snøfonner – i tett snøvêr…!

Det er nok alt for tidleg å drøyme om vår og barflekkar, her på fjellet! Neste år er det framleis att ei veke til påske, denne tida.

Vi får berre nyte det som nytes kan – årstida kan ingen gjera noko med.

Komande helg har Norsk Gordonsetter Klubb si årlege «Grotliprøve». Noko vi brukar å merke, ved at det bevegar seg hundar med orange eller gule dekken i området.
Vi andre må hugse at frå 1. april er det bandtvang over alt!
Det var nok ingen 1. april-spøk i år heller, og det sjokkerar meg, når ein ser kommentarar i media, at det faktisk er enkelte som trur det…!
Like eins, når ein ser folk gå med laus hund oppover frå Måråe og innover frå bommen, i Breheimen nasjonalpark, etter å ha passert TO skilt der det står at det er bandtvang frå 1. mars! Det er ikkje nok å ha «kontroll» på hundane – dei skal vera i band!

Dersom dette langtidsvarslet frå yr.no slår til….
langtidsvarsel…da er det berre å ynskje alle som tek turen til fjells ei

GOD HELG !!!

* * * * * * * * * * * * * *