Vårens vakraste…

…er når endene inntek tjerna i hytteområdet!
For nokre kveldar sidan observerte Tor ei laksand på Stalltjønna. Trass mykje is og snø, sumde den så stille og fredeleg mellom isflaka. Da er det håp om sumar – etter kvart…
Men på tjønna ned for hytta vår har vi ikkje sett ender enno i vår. Der er framleis mykje is, og i dag er heile tjønna dekka av is att. Her på hytta har det vore nede i ca -2,5° i natt.

Elgen brukar å trekke gjennom hyttegrenda haust og vår.
Sundag efta har (minst) to stk. kryssa Strynsfjellvegen rett vest for hytta vår, på tur vestover.
elgspor 07.06.15
Da kjenner den nok at det går mot sumar!

Vi, og andre hyttefolk, ser no fram til at det skal bli køyrbart til hyttene! På Statens vegvesen sine nettsider står det at vegen ”ventes åpnet” (!!!) den 15. juni. Eg veit ikkje om det er starta å brøyte vidare austover frå Stryn Sommarski denne veka (i helga var det ikkje starta). Etter at det blir brøyta skal vegen tørke og event. reparerast. Men vi får leve i håpet om at den blir opna over helga!

Sundag efta tok Tor ein tur i hyttegrenda, for å sjekke vegane og mylde oppatt der det var behov. Myldinga har virka fint, det er dei ”vanlege” fonnene som ligg att.
Har lagt inn ein del bileter frå turen i FB-gruppa til hyttefolket, men slik ser det t.d. ut rett innafor bommen i Kjosvegen…
kjosvegen 07.06.15
Og dess lenger opp i felta ein kjem – dess meir snø ligg det att, både i fonnene og i terrenget.
Oppover Strynsfjellvegen er det framleis ein del snø, men i eine kanten tek det til å bli bart eit stykke (opp til innkj. til H2). Blomsterjorda mi har gjort nytte for seg, og litt har eg måka (utan å øydelegge for dei som vil gå på ski), slik at ein kan gå i eine kanten…
strynsfjellvegen 08.06.15
Og Skridulaupen står der – traust og vakker – som elles i året!
skridulaupen 08.06.15

* * * * * *