St. Hanskveld…

Vi har passert sumarsolverv. Det vil si at sola har «snudd» – dei lange og ljose kveldane blir litt om senn stuttare og mørkare. Trøsta er at den beste sumarvarmen kjem gjerne ei stund etter sumarsolverv, og at (det meste av) sumaren enno ligg framfor oss!
Enkelte år har vi knapt merka noko til sumaren denne tida, her på fjellet. Som til dømes i fjor, når det rundt om i terrenget framleis låg ein del snøfonner ved St. Hans…
Før hytteforeininga starta med organisert mylding av hyttevegane (år 1999), var det jamvel år det låg att snøfonner i hyttevegane, slik at det vart juli før vi kunne køyre bil til hyttene våre.

Biletet på toppen viser Skridulaupen i solnedgang, eit par kveldar før sumarsolverv…

I år kom våren og sumaren tidleg!
Snøen vart ikkje problem når nybygg vart starta opp.
nybygg grotli fritidsboligomr.Tor klør nok i fingrane etter å koma i gang med hammaren att, både på huset vårt og på byggeprosjekt han eigentleg skulle vera med på.
Sjølv om det ser ut til at operasjonen, og hofteprotesa, var vellukka, må han nok ta det med ro ei stund til. Men det lovar i grunnen bra, når han enkelte gonger gløymer å bruke krykkene. Men klatring i stige og på tak må nok vente! Men no som det har gått 6 veker etter operasjonen, får han lov til å prøve seg litt i terrenget – med krykker eller stavar! At han har gått ein del i terrenget når han dreiv å kobla, og leita etter, sumarvatnet …vi får berre håpe at det ikkje gjorde nokon skade!

No som det tek til å bli trafikk att etter Strynsfjellvegen, er det fint å ta lufteturar i trafikkfrie områder.
For eit par kveldar sidan var Dora og eg ein tur til Legre i Breidalen. Og som vi ser – det er att lite snø her i området òg, til årstida å vera.
Utsyn mot aust frå Legre:
austover frå Legre 21.06.16
Utsyn mot vest:
vestover frå Legre 21.06.16

St. Hans!
Dagen i dag starta med overskya vêr, og nokre få regndråpar. Men det har klarna opp – og ser ut til å bli ein bra St. Hans-kveld.
Satsar på at eg får teke mitt tradisjonelle St. Hans-bilete i år òg. Trur at det skal bli eit av dei mest snøfattige av desse 17 åra/bileta. Og i morgon blir det «lauvsanking». Om det blir eit av dei største i løpet av desse åra – det står att å sjå. Fjorårets lauvblad er det minste i samlinga mi. Interessant å samanligne frå år til år, tykkjer eg.

Med St. Hans-bilete frå i fjor…
st.hans -15

…Ynskjer vi alle ein fin Sankthanskveld – og ei god helg!

* * * * * * * * * * * * * * * * *