Som dagane har gått – den siste veka…

I løpet av ei veke
er det mange endringar i vêr og vind…
Sist helg kunne vi nyte sol og blå himmel…
skridulaupen 17.04.16…andre helga på rad med slik fint vêr!

Verandakaffe’n
kunne vi nyte – saman med ei kakklande rupe…
rupe på besøk…berre nokre få meter unna.

På skareføre
har Dora og eg teke oss sparkturar rundt om i terrenget…
skridulaupen skare 16.04.16

Funn av kose-dyr.
Dei som har opplevd at kose-dyr, -pute, -teppe, eller lignande, har blitt borte, veit kor stor krise det kan bli i heimen!
Forhåpentlegvis fekk Tor avverga ei slik krise, når han fann denne kose-kanina…bortkome kosedyr…midt i skiløypa, inne på Heillstuguvatnet, i helga. Kanina har nok ramla ut av pulken som ho var medpassasjer i.
Triveleg å drive hytteservice når ein kan levere attende slike funn på hyttetrappa, slik at eigar slepp å ligge åleine! Svært nøgde var òg dei som mottok den.

Men vêret endra seg like over helga!
Det vart snø og vind…!
I dag syner snømålet ved Strynsfjellvegen/Skridulaupråket nesten 118 cm…
snømål 21.04.16

Det vil si at snødjupna har auka med 23 cm dei siste dagane! 10 av dei har kome i løpet av 5 timar i dag. Meldingane si at det skal halde fram å snø utover kvelden…
Nokon som sa vår og snøsmelting? Ikkje her på fjellet – enno…!

Toppbiletet er teke austover Breidalen i dag – mellom tette snøbyger.

I det siste har eg gjort «ting eg ikkje kan»!
– Vårklyppen av Dora har eg utsett, men den måtte eg «brått og brutalt» starte med ein kveld!
Medan eg tok ut nokre saker frå bilen, hadde Dora oppdaga dieselsøl på parkeringsplassen. Det hadde ho rulla seg grundig i!
Fyrst vart det ein «nødklypp», deretter eit grundig bad! Dagen etter var det berre å fortsette klyppinga, noko «finjustering» har vi nok i lang tid framover. Vi skal ikkje skryte på oss at det blir «utstillings-frisyre», men grei nok kvardagsfrisyre – til bruk her i fjellheimen!dora 16.04.16

– Medan tette snøbyger har stengt for sol og all utsikt, har eg prøvd meg som «innandørsarkitekt».
Må vel innrømme at eg har ikkje tenkt så langt som til detaljplanlegging av t.d. kjøkkenet på «vinterlego-huset». Når Tor spør og lurar på kva eg ynskjer av diverse løysingar, no under byggeprosessen, brukar eg å svare at «det har du mykje bedre greie på enn eg». Men når det kjem til planlegging av kjøkkenløysing, har eg fått eit litt større press på meg.
Greit å få sitte inne i snøvêret, og drøyme seg bort med litt kjøkkenteikning…planlegging

Og slik går no dagane – her på fjellet!
Vêret kan vi ingenting gjera med!

* * * * * * * * * * * * * * * * * *