Som dagane har gått – dei siste vekene…

Når ein har teke ferie frå bloggen, men ikkje frå fotoapparatet – da blir det ein del å «ta att». Her kjem litt frå hyttelivet vårt dei siste vekene, og ein del bileter…

– – –

Vekene har gått alt for fort att. – Vi har lagt bak oss juli, og er godt i gang med august…
Vi hadde fleire dagar med finvêr i juli, der temperaturen, jamvel her på fjellet, var over 20°.
Så kom «Mari vassause», «Hundedagane», «Jakob våthatt» og alle desse gamle merkedagane som alle varslar at; no kan det vera fare for nedbør og ustabilt vêr. Og dei gamle vêrmarka slo ikkje feil – vi fekk litt regn, og temperaturen gjekk ned. Men – slik er det heile året – vêret skiftar…

Juli 2016 vart ikkje den dårlegaste juli-månaden vi har hatt, men var langt ifrå den beste. Men juli-månad utan minusgrader, det er ikkje kvart år vi opplever her på fjellet.
juli -16

I og med at Tor driv oppattrening etter hofteoperasjonen, har vi teke nokre små fjellturar i lag.
På ein av dei fine vêrdagane køyrde vi ein tur innover fjellet, og gjekk til Mårådalsmunningen.
Mårådalsmunningen 20.07.16Her ser ein Mårådalen inn til høgre. Mårådalsbenken og Skridulaupen i bakgrunnen.

Frå Mårådalsmunningen, mot aust…mårådalsmunningen mot aust 20.07.16

Frå Mårådalsmunningen, mot vest…
Mårådalsmunningen mot vest 20.07.16

Ein annan dag vart det over hengebrua ved osen på Heillstuguvatnet, og vidare vestover, for å finne Heillstugu. Tor har vore der ein gong for fleire år sidan, saman med turlaget. Ikkje alltid lett å hugse kvar, etter 14-15 år. Men vi fann fram til dei gamle steinmurane av Heillstugu.
Heillstugu 24.07.16 – Sagnet vil ha det til at Harald Hårfagre låg sjuk der i den tida han samla landet til eit rike. Hærmennene hans bygde ei innsmogo av steinheller, slik at han fekk ly for vêr og vind, til han vart frisk att. Derav namnet Heillstugu og Heillstuguvatnet (Skjåk-dialekt: stein-heille). Ein kan vel ikkje med sikkerheit si om dette sagnet er korrekt, men eg har òg i annan samanheng vorte fortalt at namnet kjem av (stein-)helle, og ikkje av heilag, som òg har vore hevda. Derav Heillstugu /-vatnet med to l’ar.

Langs Heillstuguvatnet…
Heillstuguvatnet 24.07.16

På same turen var vi innom flyvraket på søraust-enden av Heillstuguvatnet.
flyvrak 04I haust blir det 26 år sidan vi fekk oss hyttetomt i Grotli. Det er nesten flaut å innrømme at dette var min fyrste tur til flyvraket.
flyvrak 03Var ikkje klar over at det var att så mykje vrakrestar der.
flyvrak 02
Vraket er freda, så desse blir nok liggan der – og historia bør ikkje gløymast!
flyvrak 01

Eg har tidlegar skrivi om hendinga frå krigens dagar, da dette flyet naudlanda ved Heillstuguvatnet. Historia finn du ved å klikke her.

Ein biltur har vi òg fått oss i sumar, til Bjørkedalen.
bjørkedalen 01
Ærendet vårt dit var å hente att den gamle båten som kom til Hamsedalen i 1948. 
Den var velbrukt og vêrteken, og vart frakta til Bjørkedalen for 3 år sidan, for vurdering av reparasjon. Men «tidas tann» hadde sett kraftige spor, slik at ein reparasjon hadde blitt stor og kostbar, og vart ikkje tilråda.bjørkedalen 02
Men vi fekk oss ein fin tur, for å hente den heimatt!
vestlandstur 21.07.16

I førre veke engasjerte vi oss ein del i leitinga etter hunden som var borte omtrent to døgn i Breidalen. Hund og eigar var berre på gjennomreise, og ukjende i området. Men heldig vis – det vart eit lykkeleg utfall av leiteaksjonen, etter at den hadde vore ute i to netter, her i fjellheimen!

 

Sjølv om eg har merka at ein del meinar at her på fjellet skal «alt» vera lov – dristar eg meg til å koma med ei påminning:
I Skjåk-fjella kan det gå beitedyr. Bandtvang gjeld, ikkje berre den ordinære (til 20. august), men utvida til 15. oktober.
Om utvida bandtvang i Skjåk kommune finn ein her:
https://lovdata.no/dokument/JB/forskrift/2007-06-28-864
Det er m.a. observert sauer i hytteområda langs Strynsfjellvegen (fv 258) og Skjåkvegen (rv 15).
sauer - hugs bandtvang

Derfor: HUGS å ha hundar i band!

Ynskjer alle ei fin tid framover – og ein fin august-månad!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * *