Slik var påska 2016…

Da er det like før påska 2016 går over i historia!
Den blir nok ikkje hugsa som påska med strålande sol og solforbrenning… I media ser eg at den heller blir oppsummert som påska med fleire skader og leiteaksjonar, men også meire folk, enn dei siste åra.
Sett frå Skjåk Hytteservice si side, kan det virke som om det har vore mindre belegg på hyttene i området i år, enn dei siste åra. Færre transportoppdrag, og god plass på parkeringsplassane.

Sjølv om årets påske ikkje kunne by på det aller beste påskevêret, var dei fleste dagar med solgløtt og bra utevêr…
påske uteliv – Kopi

Men den likaste dagen var nok onsdag før skjærtorsdag…
løypekøyring teigahytta mårådalsmunningen – Kopi– løypekøyring til Teigahytta ved Mårådalsmunningen –

Jerven har nok òg vore på påsketur…
jervespor – Kopi

Etter vêrmeldingane skulle det bli sterk vind og uvêr frå påskeefta.
Det vart plussgrader, regn og vind! Ein vindmålar her i hyttegrenda registrerte ny «personleg rekord» for i vinter, natt til 1. påskedag. Vêrstasjonen og vindmålaren min, som har vore montert i ei bjørk her ved hytta i mange år, måtte gje etter for vinden, og krasjlanda natt til 1. påskedag…sterk vind – Kopi

Vi må vel innrømme at påska i år var litt spennande…
Tidleg på sumaren i fjor tok Tor til å kjenne at eine foten ikkje var heilt god. I haust måtte også han innsjå at han laut oppsøke lege. Etter undersøkingar og røntgen vart det konstatert at eine hofta er heilt utsleten. Han fekk tilbod om operasjon like før påske – men det hadde han sjølvsagt ikkje tid til, når det var den mest hektiske tida på året! Dei dreiv med snikkering av ei hytte som skulle vera ferdig til påske, pluss ein del andre oppdrag før påske. Og ikkje minst: sjølve påska!
Hytta som skulle vera ferdig vart ferdig. Dei andre oppdraga fekk han òg utført. Og med full innsats av alle hytteservice-karane gjekk påska bra! løypekøyring strynsfjellvegen – Kopi

Neste tilbod om operasjon må han nok berre «ta seg tid til», sjølv om han håpar å rekke å få gjort ein del på «vinterlego-huset» vårt fyrst. Det har blitt nedprioritert no i vinter. Dersom det ikkje rekk å bli bart før operasjon, får vi berre flytte ned i bygda att, medan vi ventar på sumaren…

Framleis skiføre!
Det vart snø og skiføre til overs etter påska i år òg.snødjupn 28.03.16 – Kopi98 cm, og i skrivande stund kjem det påfyll av snø. Og med tanke på neste års påske, er den tre veker seinare enn i år.
Vi skriv framleis berre mars – det kan bli mange fine dagar og helger med ski og skiturar framover! Her på fjellet kjem nok ikkje våren før i mai i år heller…

Takk for ei fin og triveleg påske!!!

påskeoppdrag – Kopi

* * * * * * * * * * * * * * *