Rapport frå fjellheimen…

Ei veke går så fort…
Vêret har vore vekslande, men sist helg var det mange som fekk nyte fine dagar, her på fjellet.
På hyttene, i skitrekket og i skiløypene…
Kor fint det var, kan kanskje best beskrivast med nokre bileter…
Vestover Breidalen, sett frå Breidalsdammen: breidalsvatnet breidalen breidalseggje

Tor hadde òg nokre oppdrag i Breidalen, og nytta høvet til å ta nokre bileter: breidalen mot hamsedalen

breidalen breidalseggje

Her frå løypekøyring:
skiløype ved grotlivatnet– – – Frå Grotlivassrunda, gapahuken ved Grotlivatnet i biletet…

skiløype under rv15…og «undergang» av riksvegen, der Grotlivassrunda blir samanbunden med Grotlirunda, på nordsida av riksvegen. 

skiløype grotlirunda…Ved Gamle-Grotli.

Oppdrag snømåking har det òg vore:
snømåking…sjølv om det eigentleg ikkje er meire enn «normalt» med snø i år.

Men som vi veit – i høgfjellet kan vêret snu fort!
Tysdagskvelden vart det uvêr og kolonnekøyring på riksvegen. Og nok ein gong fekk vi erfare at her i hyttegrenda er det lunt og forhaldsvis «vindstille». Det bør minne oss om at vi må sjekke vêrmeldingane også der det brukar å vera verste vêret, dersom vi skal til eller frå hyttene. Og ikkje minst: sjekke vegmeldingane! Det er, dessverre, ingenting som markerar at vegen er stengt, eller at det er kolonnekøyring, når vi køyrer ut på riksvegen. Bommane som vart montert ved utkøyringane frå parkeringsplassane i Breidablikk og Grotli Hyttegrend er sjelda brukt ved kolonnekøyring og stengt veg, og mi meining er at dei heller er ei falsk tryggheit. Det er med fare for seg sjølv og andre dersom ein køyrer ut på riksvegen, og t.d. møter ei kolonne eller ein brøytebil i uvêr, og ein ikkje eingong ser på kva side av vegenbana ein køyrer.

Fråver att…
Hytteservicen «him self» blir ikkje her på fjellet neste onsdag-kveld (24/2) og torsdag (25/2), men reknar med å koma oppover att på kvelden torsdag.
Vi må òg be om at dei som skal ha noko utført på hyttene før påske, må gje beskjed snarast!
Dei to siste vekene før påske blir hytteservice-bemanninga litt redusert.
For tredje året på rad, tek Leif ferie, pakkar bilen og tek med seg «gjengen» sin (som no består av 3 hundar), og køyrer til Finnmark. Der skal han òg i år vera med som frivillig under Finnmarksløpet, på sjekkpunktet Sirma (Sirbma). Og for event. nye blogglesarar kan eg opplyse at dette sjekkpunktet er på garden hjå syster til Tor. Dei har m.a. ansvar for nokre mil av løypene på den lengste distansa av Finnmarksløpet, der dei køyrer både fyrst i løpet, og på slutten av løpet. Det er nokre hektiske døgn som ventar han der, men når interessa for dette er på topp – da går det meste…
Men med tidleg påske i år, vart det ein liten «kollisjon», og Finnmarksløpet er framskunda ei veke. Men med ein del opprydding etter løpet, og det trengs òg nokre kviledøgn før heimreisa, kjem Leif hit att til palmehelga. Da går det nok bra, og hytteservicen har «full bemanning» i påska.
Men det er godt for alt ein kan få gjort unna før den tid, t.d. snømåking og vedkøyring!

Vinterferie.
Ein del har vinterferie no denne tida. Men like vel er det liten aktivitet i området i vekene. Med tidleg påske er det ein del skular som har teke vinterferie ei veke tidlegar i år. Dermed er vinterferien fordelt på tre veker, mot før om åra vanlegvis to. På hotellet ligg ei tysk gruppe, som nyter sine daglege skiturar i dette fine området rundt oss.

Sikkert ein del som tenkjer seg til fjells i helga.
La oss håpe at det blir ei fin helg – og at meldingane om vind opp i sterk kuling natt til laurdag og laurdag ikkje slår til!

Ha ei fortsatt fin veke – og god helg!

vinterheksa

* * * * * * * * * * * * * * *