På rett veg…

…rypa tek til å skifte farge!

Måråglytt, torsdag 16. april -15.

Trur eg aldri har vore så lei vinter, snø, vind og nysnø som i år!
Rett og slett deprimerande, no når andre viser fram bileter av hestehov, blåveis, kvitveis, osv.. osv..
Når eg har sett ut, eller har vore ute ein tur, har stort sett snøen lava ned dei siste dagane. – Slik har eg i alle fall følt det…
Snømålet lyg vel heller ikkje. Laurdag den 11. april såg det slik ut, 116 cm:
snødjupn 11.04.15 grotli
I gårefta, den 15. april, såg det slik ut, 129 cm:
snødjupn 15.04.15 grotli
Da går det liksom feil veg, til vår å vera…
Og i dag når eg såg ut av glaset: det fyrste eg såg var snøvêr! Fekk berre lyst til å krype under dyna att…

Men det vart ei stor trøst, når eg tok til å samanligne med tidlegare år!
T.d. i 2010 var snødjupna på Grotli målestasjon 61 cm den 15. april.
Den 18. april hadde den auka til 96 cm.
Og når vi tenkjer etter, har det kome ein del nysnø både i april og mai, opp gjennom åra.
Vêret no om dagen er nok heilt normalt!

Kva sa Primstaven om sumardagen?
14. april blir kalla 1. sumardagen, etter gamalt var det knytt mange vêrmerker til den dagen.
– Er det varmt i dag, blir det varm vår.
            Temperaturen var heilt som normalt, til årstida å vera.
– Kom det snø sumardagen, kunne ein vente snø 9 gonger (andre sa 7) før sumaren kom.
            Berre å belage seg på meire snøvêr, forstår eg!
– Så tett som snøen fell sumardagen, så tett blir det av fluger og klegg i sumarvarmen.
            Da ser det ut til å bli mykje fluger og klegg – kanskje mygg òg…
– Så bart som det er på hustaka i dag, så bart skal det vera på marka Hallvardsok (15/5).
            Framleis mykje snø på hyttetaka, heilt normalt at vi har att ein del snø den 15. mai!
– Fraus det natt til 15. april, skulle det bli tre frostnetter om sumaren. Den fyrste omkring jonsok (24/6), den andre omkring olsok (29/7), og den tredje omkring barsok (24/8).
            Heilt normalt, -4,1° natt til 15. april.

Vi set vår lit til rypa!
Det går nok rette vegen – mot vår! Rypa tek ikkje feil!
rype 13.04.15
Ha ein fin dag – mot våren!

* * * * * *