Med ynskje om ei GOD JUL!

Julefjøset er eit kjært minne frå barndomen min, og er nå på plass i skåpet – same skåpet i år, som fyrste jula i 1954. Slik har det vore nesten kvart år etter det…

Noko av ”juleførebuinga” vår, dei siste par dagane, har vore å studere vêrmeldingane. ”Julehelsinga” frå Yr.no har vore kuling og storm i fjellet, og mykje nedbør – stort sett som snø.
I går kom det om lag 10 cm snø, og i gårkveld starta det med ein del vind.
Snømålet ved krysset Strynsfjellvegen/Skridulaupråket synte i dag ca 70 cm i snødjupn. Etter Yr.no sine meldingar kan det bli om lag meteren i løpet av i dag og morgondagen.
meteogram breidalen 24

Det mest fornuftige hadde sikkert vore å bli i ro her i kveld – men vi kjem nok til å satse på å ta ein tur ned i bygda. Blir triveleg å få feire kvelden i lag med Reodor og dei andre! Vi lir inga naud om vi ikkje kjem oss oppover att i kveld heller. Vi er invitert til overnatting med frokost. Men vêret ser vel heller ut til å bli enno verre i morgon…

Det blir visst ikkje så mange som skal feire jula på hyttene i år, men nokre blir det. Veit om fleire som hadde planlagt hytte-julekveld, men vêrmeldingane endra planane deira.

24.

Vil med dette få ynskje alle
EI RIKTIG GOD JUL – OG EIN FIN JULEKVELD !!!

* * * * * * * * * * * *