Går vi mot ei «bustete» helg?

Her på fjellet går hyttelivet sin gang…
Dagane blir ljosare og lengre – sjølv om det er lite vi har sett til sola – enno, når det stort sett har vore overskya etter at ho eigentleg skulle vise seg for oss.
Snødjupna er nok mindre enn «normalt» for årstida å vera. Vi har ikkje mange år med sikre målingar å samanligne med, men etter målingane dei sju førre åra er det ca 30 cm mindre enn gjennomsnittet.
Det var eit par dagar med ekstra mildt vêr her òg, som andre stader i landet. Fleire stader har det vore notert, eller tett oppunder, januar-varmerekordar. Om pluss 8,6°, som det vart notert på Grotli målestasjon om måndag, er varmerekord for januar i Grotli – det veit vi ikkje. Men den høgste registrerte temperaturen for januar, etter at målingane starta, var pluss 4,1° i januar 2013.

 

Vêret er ein del av det som opptek oss, og som spelar ei stor rolle, her på fjellet. Dette brukar blogginnlegga mine å bera preg av, men no som eg skriv dagleg vêrrapport i «vêret i dag» tykkjer eg at det blir nok «vêrprat» frå meg.
Toppbilete ber òg preg av vêr – ein tidleg morgon i førre veke, når Tor var ute på eit oppdrag i Breidablikk. Bilete teke austover Breidalen og Breidalsvatnet.

Men i dag kan eg ikkje dy meg, det blir vêrprat att…
Dei siste dagane har yr.no funne fram nokre av dei «verste» vindsymbola sine, i tillegg til snøsymbol.
I går viste snømålet ved H2 (krysset Strynsfjellvegen/Skridulaupråket) ca 75 cm snødjupn: snømål 27.01.2016I «verste fall» kan det koma like mykje i løpet av helga.

Det er berre ein ting å si:
Dersom du har tenkt deg til fjells, eller over fjellet – sjekk vêrmeldingane! Gjerne der det brukar å vera verst, som Breidalen og Breidalsdammen. Når det gjeld kolonnekøyring/stenging av riksvegen er det der det er verste vêret som avgjer.
Hugs i tillegg å sjekke vegmeldingane (klikk på lenka, og skroll nedover til Rv 15)!

I «skrivande stund» ser meldinga for Breidalen slik ut:
breidalen yr.no

Eg høyres kanskje litt streng ut, men vi opplever dessverre at uvêr kjem som «julekvelden på kjerringa» for ein del, enkelte gonger, sjølv om det har vore varsla i fleire dagar på førehand. Ein kan heller ikkje stole på at; «nei, det blir nok ikkje såå ille som dei melder». Enkelte gonger kan det òg bli verre enn meldingane skulle tilsi…

Dersom vi, og vêrmeldingane, ikkje tek heilt feil, går vi mot ei «bustete» helg – og verst ser det ut til å bli fredag efta/kveld.

Ha ei strålande helg, og – bruk sunn fornuft!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * *