Framleis snø og skiføre – for den som vil…!

Det gamle slagordet «Tenk ski – Tenk Grotli» gjeld så absolutt framleis! Ja, i heile fjellområdet her!
Sist helg var det stor utfart, og jamvel i går – på ein heilt vanleg onsdag – med strålande vêr, var det ein del folk i området.

Eg må innrømme at eg har omtrent ikkje hatt ski på føtene i vinter, men no når snøen tek til å bli litt blaut på toppen (og rotten i terrenget) er det dårleg sparkføre, sjølv om eg har breie plastmeier under. No er det nok ski som duger.
Og når vêret var så fint som i går – da vart det ein skitur opp til Heillstuguvatnet på Dora og meg.
strynsfjellvegen mot skridulaupen 16.05.11

«Legg ikkje ut på (lang-)tur utan trening»! – Men når vêret og turen er fin, gløymer ein at ein ikkje har gått på ski før i vinter, og at «fram og attende er like langt». Men vi kom oss velberga ned att, og hadde ein fin tur!

Som ein ser tek snøen til å smelte. Steinar, busker og kratt tek til å stikke opp.
Her mot hyttefelta og Krosshø:
mot krosshø 16.05.11

Skal helse så mykje frå Tor!
Han er operert, og har så smått starta med trening. Har testa «ny-hofta» med krykketrening, og i dag står det trappetrening for tur. Han tykkjer det går over all forventning; legar og fysioterapeut er nøgde, og sjølv er han nøgd og ser optimistisk på oppattreninga! Det lovar bra! Reknar med at han kjem heimatt til pinse.

Hytteservicetilbod i pinshelga:
Sjølv om Tor ikkje er i drift i pinshelga, blir det, som før nemnt, hytteservice å få tak i.
Det er berre å ringe det vanlege mobilnr. til Tor, dersom nokon treng hjelp, t.d. snøscootertransport.

I år blir det ekstra lang helg, når 17. mai kjem rett etter pinshelga. Kanskje er det nokon som vil føre tradisjonen med 17. mai-skitur til Skridulaupen vidare, dersom vêret tillet det… Yr.no melder om litt kjølegare vêr utover, men ein del sol og lite vind. Det kan nok bli ei bra pinshelg!
Tradisjon tro skal Grotli Høyfjellshotel ha «Fjell-buffet» på nasjonaldagen i år òg, kl 13:00 – 17:00. Med varme og kalde rettar, stort dessertbord og kaffe. Det kan smake fortreffeleg som avslutning på ei langhelg på hytta, eller berre som ein tur til fjells for å nyte god mat i ei triveleg atmosfære…
Kan anbefales!

Her i Skjåk er det eit sikkert teikn på at det går mot sumar når raset i Stabrekka går, slik at vegen til Geiranger kan opnast.
stabrekka 16.05.07Stabrekka gjekk sist laurdag, og i går opna vegen til Geiranger.
Det går mot sumar!

Med dette biletet av Skridulaupen i solnedgang, som eg tok tysdagskvelden…
skridulaupen i solnedgang 16.05.10

…Ynskjer vi alle ei god helg
og ein fin 17. mai !!

* * * * * * * * * * * * * * * * * *