Forvirra turistar…

I dag, 17. juni, er det ein heller grå dag – overskya med enkelte regnbyger og litt vind.
Men i går var det ein fin vêrdag! Sol frå nesten (!!) skyfri himmel og berre ein liten vindtrekk. Ingen sommertemperatur, men fin temperatur til å vera ute i. Dagen måtte nyttast (og nytast) til ein tur!
Eg og Dora tok med litt drikke, og nokre ”godbitar” både til henne og meg, og starta oppover Strynsfjellvegen…

Dette vegskiltet som står ved innkøyringa til Strynsfjellvegen, fv 258, er visst vanskeleg å forstå…
vinterstengt vegskilt
…særleg for utanlandske turistar, ser det ut til.
Etter at bommen ved parkeringsplassen vart opna, slik at hyttefolket kan køyre, vart det stor trafikk oppover vegen – og etter nokre få minutt kjem dei same bilane, motorsykklane og bubilane nedover att.

”Vinterstengt?? – Men det er sommer nå!!” svara dei utanlandske turistane som lurte på kvifor vegbommen på Strynsfjellvegen var nede.bom strynsfjellvegen heillstuguvatnet
Tre utanlandske bilar stod ”i kø” når eg kom opp til bommen ved Heillstuguvatnet.

Eg og Dora fortsette innover Strynsfjellvegen.
strynsfjellvegen heillstuguvatnet 16.06.15
Både i år og tidlegare år, er det dei som har meint at vegen burde vore opna mykje tidlegar. Det har sågar vore dei som har meint at vegen burde vore opna fram til Sommarskisenteret til påske. Den siste kategorien kjenner nok ikkje til vêr- og snøforhalda i området her, og innover fjellet!
Men det er ikkje så enkelt å opne vegen…

Verna område.
Store delar, det vil si 79 %, av Skjåk kommune er verna etter Naturvernlova. Strynsfjellvegen går gjennom Strynefjellet landskapsvernområde, som ligg i Breheimen nasjonalpark. I ”Forskrift om Strynefjellet landskapsvernområde” kan ein m.a. sjå under punktet ”Motorferdsel” (6.2 c):
”…motorferdsel på Gamle Strynefjellsveg f.o.m. 10. juni, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan i § 5.” Det vil si at Strynsfjellvegen kan tidlegast opnast 10. juni, uansett. I år veit vi at snøsmeltinga i fjellet er sein. I tillegg har det kome nysnø etter at vegen var ferdigbrøyta. Noko som m.a. avisa Fjordingen skriv om i dag.
strynsfjellvegen brøyting nysnø 16.06.15

Etter nokre kilometer innover, langs Heillstuguvatnet, tok eg og Dora ei lita pause, med fin utsikt mot Mårådalsmunningen…pause mot mårådalsmunningen 16.06.15
…før vi vende nasen austover att.
austover heillstuguvatnet 16.06.15

Vi hadde ein fin tur, utan biltrafikk. – Nesten (men berre nesten!!) så ein skulle ynskje at vegen ikkje blir opna enno…
Mi meining er òg at bommen ved parkeringsplassen ikkje burde vore opna før bommen ved Heillstuguvatnet blir opna! Ein kunne heller teke ned kjettingen i enden av parkeringsplassen, slik at hyttefolket kunne køyre der (over parkeringsplassen. Event. opna berre halve bommen, og / eller blindvegskilt). Slik det er no, er det unødvendig stor trafikk oppover vegen, meinar eg. T.d. på den vesle turen opp til Heillstugubommen i går, vart eg forbikøyrd av ei rekke på 4 motorsykklar og 5-6 bilar – for så å møte dei att… Irritert over å ha gjort bom-tur er dei kanskje òg… Men dette var MINE tankar…!

Eit par meldingar til dei som har hytte i Grotli Hyttegrend (publisert i FB-gruppa 15/6).
Fjernkontrollar.
– Dei som skal hente bestillte fjernkontrollar til bommane, eller bytte fjernkontroll, kan få gjort dette ved garasjen til Skjåk Hytteservice desse dagane/tidspunkta:
Fredag 19. juni, kl. 18-20, eller
Fredag 26. juni, kl 18-20.
Ikkje sikkert alle skal på hytta desse helgene, – da blir det etter avtale, og/eller det blir planlagt fleire helger.
Hyttevegane.
Desse vegane er ikkje køyrbare enno, på grunn av snøfonner over vegen:
– Øverste del av Heillstuguråket (frå krysset Smiubelgen)
– Smiubelgen
– Jervedrågje

PS:
Laurdag 27. juni, ca kl 20, blir det tenning av St.Hans-bål ved naustet, ved austenden av Breidalsvatnet.
Grotli Høyfjellshotel vil opne naustet for salg av mat og drikke.

* * * * * *