Endeleg – det er sol i sikte…

Dagane blir lengre og lengre – og sola kliv no dei fleste fjelltoppane ved høgstdagsleite…
Men hittil har den ikkje vore mykje generande og plagsam! Det har stort sett vore overskya, og gjerne litt snø i lufta om dagane.
Derfor er det ekstra gledeleg å sjå at yr.no no har fått sola på vêrkartet for komande helg! Men med klårvêr, og sol om dagen, vil det òg ofte bli kaldt om natta. Ned mot -20° ser eg det har vore antyda. Og som vi brukar å si – det vil som oftast bli litt kaldare enn meldingane…

Fråver…
Skjåk Hytteservice «him self» gjev herved beskjed om at han ikkje blir her på fjellet frå i dag/efta (onsdag), men reknar med å vera her att seint torsdagskvelden. Men er (stort sett) tilgjengeleg på telefon den tida han er borte.

Litt NYTT frå Hytteservicen:
I går vart det montert vindmålar på vêrstasjonen som vi har på garasjen ved vegkrysset Rv15/Fv258. Vindmålar har vi ofte sakna der, seinast no når uvêret «Tor» susa over oss. Men vindmålar til denne type vêrstasjon er ein heilt ny «oppfinnelse». Vi har stått på venteliste for å få beskjed om at den var kome i produksjon og handel. Dagen før uvêret slo til, fekk vi beskjed om at vi kunne bestille.
Ein kjem inn på vêrstasjonen ved å klikke på lenka, på menylista, på toppen av heimesida. Eller denne lenka.
verstasjon grotli rv15-fv258
Det tek til å bli ein del vêrstasjonar av denne type, og dersom ein «zoomar ut» når ein er inne på kartet, får ein oversikt over «heile verda», mellom anna at det er montert 10 slike stasjonar berre her i Skjåk.
Ein annan ting når det gjeld heimesida og webkamera:
Når vi fekk ny heimeside, for snart eit år sidan, vart ikkje webkamera oppdatert så ofte som før. No er det òg fiksa; dersom nettforhalda er OK, blir bileta oppdatert ein gong pr. minutt.

Fyrstkomande helg opnar Grotli Skiheiser og kroa på Grotli hotel. Og dersom vêret slår til, kan det bli ei strålande helg i fjellheimen! Bra med snø er det òg; på Grotli målestasjon 84 cm i dagtidleg, snømålet ved vegkrysset Strynsfjellvegen/Skridulaupråket 110 cm.

Håpar mange får nyte fine dagar i fjellet no!

vassvenda 10.02.16

– God helg!

* * * * * * * * * * * * * * *