Ein ny maidag i fjellheimen…

Også i år er april og mai ei fin tid i fjellet.

Dette syner mellom anna desse bileta frå ein tur til Vien, om Hamsedalen, i går.

vien mot kolbeinsvatnet
Karane hadde ein fin og uproblematisk tur – og jammen vart dei til og med invitert på råkåfisklag i Vien!
nybygg i vien

Her frå 4. vatnet i Hamsedalen:
hamsedalen 4. vatn

Ein tur innom Ola-Bu ved 2. vatnet vart det òg:
hamsedalen ola-bu 04.05.16
Men i år får vi nok ikkje så mykje av våren her på fjellet, som vi har gjort dei siste 15-20 åra…

Som nemt før, skal Tor ha ein operasjon, og må nok finne seg i å ta det litt meir med ro nokre veker. Noko han òg har fått erfart i vinter, og særleg den siste månaden. Etter operasjonen blir det nok ikkje det enklaste å vera her på fjellet – det er ikkje særleg eigna for å ta seg fram på krykker her enno…

Frå og med neste veke blir det litt redusert beredskap.
Men dei andre hytteservice-karane stiller opp, så langt dei har moglegheit! Det krev litt lenger forhåndsvarling. Dei er i fullt arbeid, og det tek litt tid å koma seg til fjells etter arbeid.
Dykk kan framleis ringe Tor sin mobiltelefon, og blir event. viderekobla. Men hugs: SMS’ar blir IKKJE viderekobla!

Hytteservicetilbod i pinshelga:
Ein del har varsla at dei tenkjer seg til fjells i pinshelga, og ynskjer transport.
Derfor blir det ekstra bemanna her i pinshelga. Det er berre å ta kontakt på det vanlege mobilnr.

Og kanskje dukkar vi opp her på fjellet vi òg – på 17. mai buffet på hotellet! Det har vore tradisjon i fleire år, at vi samlast heile familien der denne dagen. Dersom Tor klarar, og er i bra form etter operasjonen, kjem vi til å prøve det i år òg!

Håpar det er mange som får nyte denne vårmånaden her på fjellet, det unner eg alle! Dora og eg kjem nok til å pendle ein del, mellom heime og hytta!

hamsedalen ola-bu 2. vatnet 04.05.16

Det ser òg ut til at ein del tek langhelg denne helga, og vil tilbringe den på hytta. Det kan bli nokre fine dagar!
Framleis mykje snø, men ein del erfarte nok i gårkveld at det kan vera vanskeleg å ta seg fram i terrenget utan ski. Men oppover Strynsfjellvegen ser det ut til å gå bra – takka vera god preparering av skiløypetraseen i vinter – og der ser ein at også vi som ikkje går på ski har fordel av dette (og bør støtte Skjåk Turløyper minst like mykje som dei som går på ski).

Ynskjer alle ei god helg – med fine maidagar!

 skridulaupen 03.05.16

* * * * * * * * * * * * * * * *