Ein liten situasjonsrapport frå fjellheimen…

Eit triveleg syn møtte meg, når eg kom til fjells i dag! Sol og blå himmel. – Rett i sør lyste Skridulaupen mot meg, i sørvest Langvasseggje og i vest Breidalen og Breidalseggje! Eg måtte berre stoppe opp og nyte synet og stillheita – og sjølvsagt ta nokre bileter!

Vi saknar dette, både Tor og eg! Eg trur jamvel Dora saknar hytta og hyttelivet òg. Ho er rask til å finne favoritt-liggeplassane sine, når vi kjem inn.
Men vi blir nok ikkje «fastbuande» her att før snøen smeltar. Her er ikkje føre for krykker enno, som Tor er avhengig av eit par månader framover. Her må ein nok bruke ski eller truger. Å gå berre på føttene har eg ikkje prøvd, men nokon har visst prøvd før meg – etter spora å dømme… Men såg ikkje ut til at den/dei heller har hatt lange nok bein, til å få fast grunn under føttene…

Det er framleis att ein del snø, sjølv om det har smelta ein heil del sidan sist eg var her.
I Kjossvingen er det ikkje mange stabbesteinane som stikk opp av snøen…
kjossvingen 19.05.2016Stort sett rundt 50-70 cm ned på vegbana både på Strynsfjellvegen og hyttevegane, tippar eg. På Grotli målestasjon var snødjupna 33 cm i dag tidleg.

Og her snømålet ved Strynsfjellvegen/Skridulaupråket no i dag…
snømål 19.mai -16Men i går og/eller i natt har det nok kome litt nysnø, og enkelte stader låg den framleis når eg kom i dag.

Etter attendemeldingar trur eg det var ein del som fekk nyte pinshelga, kanskje 17. mai òg, her på fjellet.
Leif var her i pinshelga for hytteservic’n, og køyrde m.a. skispor oppover Strynsfjellvegen. Og mange var det som brukte pinshelga til vårskigåing, både her i området og i andre fjellområder, har vi sett i media. Som vi veit har dette vore populært her i området i mange, mange år. Sjølv hugsar eg godt skiturar i mai, her i området, på 1960-talet.

Ein av dei siste dagane er det nok nokon som har mista både sele og bånd til hunden sin. Dette hekk ved Vinterparkeringsplassen når eg kom i dag.
mistaNok ein gong fekk vi eit eksempel på at Grotli-hyttegruppa på FB fungerar utmerket! Det gjekk ikkje lang tid etter at eg la ut biletet, før eigar melde seg!

Komande helg blir ikkje nokon av hytteservice-karane stasjonert her på fjellet. Ikkje er det nokon som har meldt om behov for hytteservice heller. Men som sagt – det er fint å ta seg fram etter Strynsfjellvegen og hyttevegan på ski eller truger!

Sjølv om vi nett har avslutta ei helg, er ei ny helg like om hjørnet.
Eg nyttar høvet, og

Ynskjer alle ei riktig fin maihelg!

skridulaupen 03.05.16

* * * * * * * * * * * * * * * * * * *