Ein kjapp rapport frå fjellheimen…

Finvêret dei siste dagane/vekene har ført til at snøen smeltar, lauvet veks, terreng og vegar tørkar.
I går vart Strynsfjellvegen gjennombrøyta. Men det vil nok gå nokre dagar før den blir opna for trafikk over fjellet. Den skal tørke og settes i forsvarleg stand fyrst.

Når det gjeld køyring til hyttene i Grotli Hyttegrend:
Mesta har vurdert strekninga vi treng for å koma til hyttene som tørka nok, og vi får lov til å køyre oppover Strynsfjellvegen.
Vi køyrer via Vinterparkeringsplassen, og brukar den vanlege bomnøkkelen på låsen i kjettingen.
Hugs å lås etter gjennomkøyring!

kjetting 09.06.16

Dette kom IKKJE på grunn av «masinga» som har vore dei siste dagane, og heller ikkje som nokon «premie» til dei som tek seg til rette, og køyrer grøfta forbi sperringar! Mesta vurderar når vi kan køyre.
Dette er ikkje seinare enn «normalt» – heller litt tidlegar. I fjor fekk vi t.d. ikkje køyre før den 15. juni.

Ynskjer alle ei fin helg!

* * * * * * * * * * * * * * * * *