Dette likar vi!

Eg har klaga litt over snøvêr og mangel på sol og vårfornemmelse i det siste, men no har ”pipa fått ein annan låt”! Sol frå skyfri himmel, slik som i dag – det likar vi!
Ein lett bris, for å halde myggen borte – det kan gjera godt. 😉 Men myggen er nok ikkje her for om eit par månader, og det er heilt OK at den lar vente på seg. Rundt St. Hans brukar den å koma… Men ei humle forvilla seg inn på verandaen hjå meg i dag. DET må vel vera eit sikkert vårtegn!

Frå transportoppdrag…
Når det skal vera transport langt innover fjellet, blir vêrmeldingane grundig studert i fleire dagar på førehand. Det er ikkje forsvarleg å ta ein slik tur i dårleg vêr.
Yr.no varsla oppklaring førre fredag, dermed vart turen til Skarvedalen planlagt til fredag.
Og yr.no tok ikkje feil!
skarvedalen transport 17.04.15

”Same kvar i verda eg er – berre eg ser Laupen!”
No var ikkje eg med til Skarvedalen, men frå Skarvedalshytta ser ein m.a. Skridulaupen.
skarvedalshytta mot skridulaupen 17.04.15

Neste transportoppdrag inn i fjellet vart utført i går. Same fine vêret da!
Turen gjekk til Stamåtjønnen – men ein kan lure på om oppdragsgjevar måtte leite etter døra på hytta si…stamåtjønnen 19.04.15 007

…Men visste nok kvar han skulle leite…
stamåtjønnen 19.04.15 014
Fine fjell i Skjåk. – Frå Stamåtjønnen ser ein Tverrådalskyrkja og mange andre fjelltoppar.
stamåtjønnen mot tverrådalskyrkja 19.04.15 036

No håpar vi på mange slike finvêrsdagar, og helger, framover!

* * * * * *