Det vårast! – Og snøen smeltar!

Den siste veka og dagane med finvêr har tæra hardt på snøen.
Vatnet sildrar i skråningar – men også etter vegar.
Elvesusen frå Måråe aukar i styrke. Det er mykje snø att i fjellet, og med bråvarme kan bekkar og elver vekse ein del. Men med kjølege netter, ser snøsmeltinga ut til å gå bra. I natt var temperaturen ca minus 3-4 grader.
Det er heller ikkje noko særleg teikn til lauv på trea enno. Gauken har eg heller ikkje høyrt i vår.

Det er nok ei stund til det er køyrbart til hyttene.
Dette biletet tok eg i Breidablikk for to dagar sidan:
Breidablikk 24.05.16

Slik såg det ut oppover Strynsfjellvegen: Strynsfjellvegen 24.05.16

Men i gårkveld mylda eg venstre side eit stykke oppover, slik at det (forhåpentleg vis) om nokre dagar blir bart i vegkanten. Da blir det enklare å gå på føttene, for den som vil det. Elles er ski ein fin ting å ta seg fram på!

Sist sundag (22. mai) mylda Skjåk Hytteservice fellesvegane i Grotli Hyttegrend.

Eg les at Strynsfjellvegen, Fv 258, blir opna frå vest til Stryn Sommerski torsdag 26. mai. Og Stryn Sommerski opnar allereie i morgon, fredag 27. mai!
Deretter fortset brøytinga vidare austover. Men kor snart dei fortset, og når dei er framme til Grotli – det veit vi ikkje. Vegen blir nok uansett ikkje opna før tidlegst 10. juni (jfr. forskrift om Strynefjellet landskapsvernområde). «Ventes opna 15. juni», skriv Statens vegvesen på si nettside.

Snøscootersesongen for Skjåk Hytteservice er no å ansjå som avslutta for i vår. Med store barflekkar og rotten snø er det vanskeleg å ta seg fram i terrenget.
Men vi håpar, og satsar på ny sesong frå hausten!

No som snøen smeltar, er det – bokstaveleg talt – mykje dritt som kjem fram!
hundemøkkI Skjåk blir det oppkøyrd fleire mil med skiløyper i løpet av vinteren. Og mange brukar dei flittig. Bra!!!
Men du/dykk som går skiturar med hund: Tenk på at det òg er folk som skal gå/vasse der i blaut snø og snøsmelting! Da er det lite triveleg når det ligg tett i tett med slike «visittkort» som har smelta fram!!!
Eg forventar ikkje at folk skal ta med seg møkka, men det er enkelt å fjerne den frå løype- og vegtrasear! Kast den heller inn i busker og kratt / ned i vegskråningar, der ingen går!!! Men ikkje legg den att i plastpose! Det tek lang tid før plastposane går attende til naturen.
Gjennom vinteren og våren har eg fjerna mykje av andre si hundemøkk, frå parkeringsplassen og oppover Strynsfjellvegen. Men jammen er det mykje att! Eg håpar verkeleg at det ikkje er hyttefolket som lar hundemøkka ligge att, utan å tenke på at dei sjølve òg skal gå der til våren, i blaut snø og blaut hundemøkk.

Kva skjer i Skjåk?
– Fyrstkomande laurdag er det Flåklypa Grand Prix, som har blitt Noregs største veteranbilløp. Start og målgang er i Lom, men dei køyrer òg ei runde til Skjåk, om Bismo og austover att om Skamsarbrua.
Laurdag den 4. juni er det:
– «Ståk i Skjåk» – marknad i Bismo. Same dag er det òg
– Motbakkeløpet «Flækøyhøe UPP», med start i Bismo sentrum.

Det nærmar seg helg – og Yr.no har teke fram sol-symbol. Det lovar bra!

Ha ei strålande helg!

skridulaupen i solnedgang 16.05.10

* * * * * * * * * * * * * * * * *