Det går mot påske…

No går det raskt til påske! Sjølv om den er sein i år – blir det litt «som julekvelden på kjerringa» i år òg.
Kanskje på tide med ein liten «påske-blogg»…
curt nyström 1940-talet
Men førebuingane til påska er i gang. Eit par kveldar har hytteservicen planert ein del hyttevegar med trakkemaskin, samt rydda rundt nokre hytter der det har vore bestilt snørydding. Litt levering av ved har det òg vore. Det er slik som blir bestilt og planlagt i god tid før påske.
Elles blir det å ta varetransport-oppdrag etter som dei dukkar opp.
Hjå Skjåk Hytteservice blir beredskapen tilnærma som den har vore før om åra:
– Frå og med fredag før palmesundag (fredag 7. april), vil vi vera i beredskap med 2-3 snøscootere for varetransport. I Grotli er det derfor nok å ringe 10-15 min. før beregna ankomst (NB: ring, ikkje SMS, slik at t.d. hentestad kan avtales). Vi håpar at det skal gå greit i år òg, utan lang ventetid.
Ved transportar utanom Grotli-området må det beregnes køyretid, ring derfor ca 1 time før beregna ankomst.

skjåkfjell skridulaupen grotli

Levering av daglegvarer.
Også i år har Bunnpris i Bismo sagt seg villig til å levere påskeprovianten, og/eller påfyll av proviant, på parkeringsplassane vestover Billingsdalen!
bunnpris – KopiEit flott tilbod – som dei gjer heilt utan ekstra kostnad for hyttefolket!

Om nødvendig vil dei levere bestillte varer kvar virkedag (7.-15. april), på parkeringsplassane!
Dette gjeld vestover, heilt til Breidablikk!
Billingen – Nysetra – Grotli – Breidalen. 
– Gjer det enkelt i år – få påskeprovianten levert på parkeringsplassen av Bunnpris, Bismo – utan ekstra kostnad! 
Varebestilling tlf.: 61 21 43 82, eller mail: bpbismo@bunnpris.no. 
Oppgje namn, adr., mob.nr., kvar vara skal leverast og dag/dato. 
– Dersom vara skal leverast på hytta av Skjåk Hytteservice, må kvar enkelt bestille dette hjå Skjåk Hytteservice, på tlf.: 97553510. 
– Bunnpris Bismo ynskjer hyttefolket ei GOD PÅSKE!

Kan vi enklare få det?
Vi hyttefolk kan nyte dagane, utan å starte bilen for å køyre ned i bygda for å proviantere – eller ein får vara levert, allereie før ein kjem til fjells.

skjåkfjell grotli skridulaupen 25.03.17

Hjartestarter
Håpar vi har ei lita «gladmelding», som ingen får bruk for.
I fleire år har Skjåk Hytteservice tenkt på, og prata om, at det burde vore ein hjartestarter i området. Både sumar og vinter er det ofte ein del folk i Grotli, både eldre og yngre.
Sist haust tok vi til å undersøke litt om hjartestarter. Det viste at dei er å få kjøpt i fleire prisklasser, og forskjellig tilleggsutstyr. Ein kan vel rekne med at der, som med det meste, er det ein samenheng mellom pris og kvalitet. Lokallaget av LHL ville gje ei lita støtte, dersom vi fekk fleire med. Vi sende ein henvendelse med spørsmål om interesse for å spleise på ein, til fleire i Grotli-området (hotell, skiheis og hytteforeiningar/velforeining). Men – det var dårleg respons! Einaste positive attendemeldinga var frå Grotli Hytteforeining. Etter litt epost-korrespondanse mellom styremedlemar, og styremøte no etter jul, er det bestemt at det blir Skjåk Hytteservice og Grotli Hytteforeining som spleisar på denne. Dermed blir det naturleg at hjartestarteren blir plassert i Grotli Hyttegrend, og ikkje ved hytteservicegarasjen (event. hotellet), som vi fyrst ansåg som naturleg. Den skal stå frostfritt, og tilkobla straum. Når vi får den, for utplassering, det veit vi dessverre ikkje enno. 
Den vil bli plassert i Kjosvegen (alle i Grotli Hyttegrend har moglegheit for å opne denne bommen, enten med bomnøkkelen eller fjernkontrollen. Ein del har òg mobiloppringing til den bommen). Kvar den blir plassert, og korleis få tilgang til den, vil bli orientert om på påskemøtet.
Etter det eg kjenner til, vil også fyrstehjelp og bruk av hjartestarter bli tema på påskemøtet.
Som sagt – håpar ingen får bruk for den, men at den kan bli livreddande – dersom det blir behov for den!

grotli skjåkfjell mastrunda skiløype 11.03.17

Påskesnøen
ser ut til å halde i år òg. Etter årstida er det omtrent middel snødjupn. Litt avblåst på toppar og rabbar, på grunn av mykje vind i vinter. Etter 2-3 døgn med mildver, både dag og natt, fekk vi denne veka ein del kuldegrader, og i går 6-7 cm nysnø på toppen.
Snømålet ved Strynsfjellvegen / Skridulaupråket synte snødjupn på ca 125 cm i går.
Men korleis vêr og føre blir i påska – det står att å sjå!

Nyttar høvet til å ynskje alle som skal tilbringe påska her i Skjåkfjella, ei riktig…

… GOD PÅSKE !!!

…Med dette påskekortet teikna av George Schumann (1909-1981), brukt 1948:

george schumann år-48

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *