Det betyr: SUMAR!

Sjølv om det framleis er ein del snøfonner innover fjellet – betyr det sumar, når Strynsfjellvegen blir opna etter å ha vore vinterstengt i 8 månader (sidan 15. oktober).
I går, 15. juni vart den opna for trafikk att.
Ikkje kvar vinter den er stengt så stutt tid. Som oftast blir den stengt tidlegar om hausten, og det skjer at den opnar seinare enn i år.
Men sist haust var fin, utan tidleg snøfall, og denne våren har vore fin. Når dei opna i fjor vår, den 20. juni, var det att mykje meire snø enn no denne tida her.
Bilete frå i fjor, teke 16. juni 2015:
Strynefjellet landskapsvernområde breheimen

Det var fleire som rakk å benytte seg av fine turar innover Heillstugudalen i år, før vegen opna. Til fots og på sykkel – ja jamvel på krykker.
heillstuguvatnet heillstugudalen 11.06.16

Som dei fleste sikkert forstår, er det liten aktivitet hjå hytteservicen for tida. Er begrensa kva ein får gjort, og får lov til å gjera, med ei krykke i kvar hånd. Men det var gledeleg, både for Tor og meg, at vi kom oss til hytta (på føtene) før det var mogleg å køyre bil. Da må eg si at eg blir forundra, når spreke aktive folk klagar over at dei ikkje får køyre bil til hytta, før Mesta har vurdert Strynsfjellvegen som køyrbar til Saltplassen! I år, som før om åra, har Tor vore styret sin kontaktperson med Mesta, og i samråd med dei, varslar hyttefolket når vi får lov til å køyre. Eg for min del tykkjer det er ei grei ordning at vi får bruke kjettingen, slik at ein slepp unødig trafikk før vegen over fjellet blir opna.

Sumarvatn.
Hytteservicen har òg prøvd å få kobla sumarvatnet i hyttegrenda. Eg har prøvd å hjelpe, men det blir likevel Tor som må ta dei fleste stega. Dette «vassystemet» er heller ikkje heilt enkelt, ser det ut til…
kobling sumarvatn 14.06.16a…og enkelte stader måtte det reparerast…

kobling sumarvatn 14.06.16b
Så langt er sumarvatnet påkobla i H1, H2 og H13.
Dei andre felta jobbes det framleis med. Ei stund renn vatnet, for så å bli borte att…
Hugs å sjekke private slangar, koblingar og kranar!

Fiskekort.
Som før om åra sel Skjåk Hytteservice fiskekort for Skjåk Almenning, både til innanbygds- og utanbygds-buande.

Vi får håpe at dette fine vêret vi har hatt siste månaden, vil fortsette i lang tid framover!

GOD HELG !!!

* * * * * * * * * * * * * * *