Denne vinteren – så langt…

Det er godt – når den mørkaste tida av vinteren er over, og sola stig høgre og høgre på himmelen for kvar dag som går.
Vi har ikkje sett mykje til sola, etter at den kom att i januar. Men dei fyrste dagane denne veka var det blå himmel og strålande sol.
breidalsvatnet breidalen breidalseggje 14.05.17– Vestover Breidalsvatnet og Breidalen – med Breidalseggje som tek solbad, midt i bilete… 

I går skya det på att, og i løpet av helga og dei komande dagane meldes det om 50-60 mm nedbør. Med minusgrader vil det si 50-60 cm nysnø.
Eit lite snødryss har vi fått i dag òg.

Ein del meinar vel at vêrmeldingane svært sjeldan «slår til». Mi erfaring i vinter er at dei har vore svært treffande, særleg når det gjeld nedbør og vind (som vi har hatt mykje av i vinter). At temperaturen ofte blir lågare en varsla, det har vi lært oss å kalkulere med. Temperaturen kan variere mykje på korte avstander. Vanlegvis er vintertemperaturen lågare på målestasjonen på Gamle-Grotli, enn her oppe i hyttegrenda. I vinter har det derimot ofte vore omvendt.

Temperatur og snødjupn…
Hittil har vi hatt ein «mot normalt» mild vinter, noko som òg statistikken viser.
desemberLågaste temperatur desember 2016 var -21,0°, og middeltemperatur -2,7°.
januarLågaste temperatur januar 2017 var -28,5°, og middeltemperatur -5,0°.

Når det gjeld snømengde, fekk vi i desember «mot normalt» mykje. I løpet av den 24. desember passerte snømålet til Meteorologisk institutt på Gamle-Grotli (Grotli Fjellstue) 1 meter. Julehelga hadde vi uvêr, og stengt fjell, i fleire døgn.
Berta Grotli (1905 – 1996) som budde på Grotli Fjellstue om vintrane, fulgte godt med på vêret og variasjonane frå år til år. Ho gjorde sine notat, og hadde mellom anna sitt mark for snødjupna. Det hermes etter henne at; «det er unormalt med ein meter snø i Grotli før jul». Det tyder på at ho hadde heilt rett, og at det i vinter kom «mot normalt» mykje snø i slutten av desember.
Men i romjula og nyttårshelga vart det delvis plussgrader – ein del av nedbøren kom som regn, noko det fortsette med dei fyrste dagane på det nye året.
Pr. dags dato (16. februar) er snødjupna på målestasjonen som middelsnødjupna for dei førre 8 åra: 89 cm.

måsåbakkane nysetra vuluvatnet føysfjellet 06.02.17 – Frå Måsåbakkane, mot Nysetra, Vuluvatnet og Føysfjellet i bakgrunnen… 

Vinterferie…
Ein del skal ha vinterferie no dei komande vekene. Ein del av desse skal sikkert tilbringe ferien i hyttene her på fjellet. Grotli Skiheiser har ope i helgene, samt frå 22.02 til 05.03 (vinterferie).
Ein del ynskjer sikkert å ta fjellturar.
Etter det eg kjenner til, har Skjåk Røde Kors Hjelpekorps stikka frå Grotli til Danskehytta, denne veka.
Elles tillet eg meg å minne om oppmodingane som har kome frå SNO og Skjåk Almenning i det siste.
Eg siterar frå Skjåk Almenning si nettside:

«VILLREINEN SLIT I VINTER – VIS EKSTRA OMSYN!»
«
I vinter har det vore fleire omgangar med varme periodar og regn høgt til fjells, som har gjort at mykje areal med vinterbeite er dekt av tjukk is. Dette gjer at reinen ikkje får tak i laven som han er så avhengig av om vinteren. Marginane er små i høgfjellet, og berre små ekstra forstyrringar kan gje negative konsekvensar for villreinen og tæring på fettreservane. Dette kan i verste fall føre til at ein del dyr ikkje klarar seg gjennom vinteren, og at mange simler ikkje klarar å bere fram kalv.

Her er nokre punkt skiløparar og andre som skal til fjells gjerne kan vere merksame på for å unngå å skremme reinen unødig;

  • Ver ekstra merksame på rein i områda frå Langvasseggen, hyttefeltet ved Grotli, Hondsrøve, Glittervatnet og vidare austover ved Framruste. Reinen går mykje lenger ned mot skogen enn normalt.
  • Ser dykk rein, så hald god avstand, og aller helst utanfor synsvidde – reinen har godt syn.
  • Reinen har også god luktesans, derfor er det best å halde seg i le side i høve der reinen går om dykk må gå rundt.
  • Hald god kontroll på hundar,slepp dei ikkje utanfor synsvidde – hald dei i band for sikkerheits skuld dersom ein kjem over spor etter rein.
    Reinen er kanskje nærare enn du trur!»

På same tid kan ein vel òg minne om utvida bandtvang i Skjåk kommune (m.a. i skiløyper), og eigen lov om bandtvang for verna område (som m.a. Breheimen med Strynefjellet landskapsvernområde, som ligg «rett utanfor» hytteveggen vår).
bandtvang – SNO si påminning om bandtvang… 

Elles kan vi opplyse at i dag har parkeringsplassar og avkøyringar mellom Grotli og Pollfoss blitt oppbrøyta. 

Vi har vurdert
og tenkt fram og attende fleire gonger i vinter…
I og med at Tor ikkje har noko fast oppdrag her på fjellet i vinter, har vi gått fleire runder med oss sjølve: skal vi fløtte ned i bygda att? Han har nok å gjera med husbygginga vår, men det gjev så lite «innkome», det går mest ut…
Hittil har det blitt til at Tor stort sett har dagpendla, for å vera med på oppdrag nede i bygda og i Lom. Det fører til lange dagar, reiser før kl 06 om morgonen, og er som oftast ikkje her oppe att før i 17-18 tida. Etter mat og ei lita pause, går kvelden til småoppdrag og egen husbygging.
Derfor gjeld det som før:
Dersom nokon skal ha transport – gje beskjed minst dagen før, slik at du/dykk og Tor kan legge ein plan.

langvasseggje 13.02.17

– Kveldshimmel over Grotli Hyttegrend, 13.02.17. 

Det har vore lite, eller ingen, blogginnlegg frå meg i vinter. Kan ikkje skryte av at forma har vore på topp, og derfor ingen «store» utflukter, og eventuelle blogginnlegg hadde nok kome til å dreia seg om vêret. Men eg har avlagt dagleg vêrrapport i «Vêret i dag – 2017», der eg m.a. har lagt inn eit og anna bilete frå Dora og mine daglege lufteturar. Kulden kan ein kle ute, det er verre med vinden. Og for den som er ekstremt over-ømfintleg for lydar (og i tillegg kraftig tinnitus), har all denne vinden i vinter vore ei stor plage – enten ein er ute eller inne. Men – slik er det berre, ein må leve med det – som best ein kan. Da kan ein ikkje bedre ha det, enn å få vera her, i fine og fredelege fjellheimen vår!

 

Vil få ynskje alle fine dagar – og ei fin tid framover – i fjellheimen

– eller der ein måtte befinne seg !!!

grotli hyttegrend mot skridulaupen

* * * * * * * * * * * * * * * * *