«Dagen er ikkje heilt den same…»

Måråglytt, måndag 13. april -15.

«Dagen er ikkje heilt den same – utan Dora»
brukar eg å si. Dårleg med lufteturar blir det òg på meg… Slik har det vore etter påske.
Når hyttefolket reiste ned att frå fjellet 2. påskedag, vart Dora (etter avtale!!!) med eigaren sin. Utstilling i Bergen stod på programmet. Spennande!
dora utstilling bergen 11.04.15Men – vi må berre tilgje dommaren, som sikkert hadde ein litt dårleg dag 😉 -når han ikkje «såg» (det same som våre augo) at Dora var/er den finaste (?) av alle 8 hundane i gruppa hennar… 🙂
Uansett – for oss er ho den finaste, og det er det viktigste! Vi er vel alle litt som myrsnipa inn i mellom…
I går, når Dora skulle koma attende til oss, fann eg og Tor ut at vi skulle ta ein forsinka «påsketur» til Stryn for å møte ho. – Og kanskje kunne vi få ein smak av vår, når vi kom vest om fjellet…

Vi reiste frå finvêr her i Grotli…
grotli, kjossvingen, kjostjønnMen når vi kom vest i Breidalen, til fyllinga, møtte vi snøvêr.
rv15 fyllinga 12.04.15På vestsida av fjellet var det regn og heller grått… Men ærendet vårt fekk vi utført! Ei fin og nyfrisert Dora er no attende i fjellheimen, og var rask til å finne att plassen sin i sofaen!

Men kva med våren?
Når påska er over lurar ein på om vinteren snart skal sleppe grepet, og tek til å sjå etter våren. Sist helg var det finvêr og mildt – nesten så ein fekk litt vårfornemmelse også her på fjellet.
Men kor lenge varte det?
snøver grotli 13.04.15I dag har det, til tider, lava ned med snø!
Men det er ikkje unormalt med snøvêr her denne tida! T.d. i fjor auka snødjupna med 8 cm frå den 13. til den 14. april. Frå gamalt er den 14. april kalla 1. sumardagen.
Og kvar er dei, alle dei som «ropa» på snøen i haust, og såg fram til flotte skiturar? Eg meinte at vinteren kom til å bli lang nok, sjølv om snøen ikkje la seg før ved juletider.
No må dei passe på! I dag er det 5-10 cm nysnø – om eit par månader er snøen borte!
Men eg skal vedde at om ca 1 månad tek folk til å lure på om ein snart kan køyre til hyttene. Kanskje dei same som har sett fram til mykje snø…

Ein ting er sikkert:
Vêret og årstida kan ein ikkje gjera noko med.
Det blir nok vår her på fjellet òg! Vi må berre gje den litt tid…

* * * * * *