Brøyting pågår…

Torsdag, 11. juni -15.

Når ein held til på fjellet, er det så mykje som er vêravhengi.
Denne våren kom seint, og har vore lunefull. Ikkje berre her, – andre fjellområder har hatt det minst like vanskeleg! Nysnø, uvêr, ras og stengde fjellovergangar. Det er nok ikkje vi hyttefolket, som ser fram til at det skal bli køyrbart til hyttene, som har hatt det verst.
Når det gjeld Strynsfjellvegen, fv 258, har det sidan fyrst i april stått ”Ventes åpnet 15. juni”, på Statens vegvesen sine nettsider. Det er det vi har hatt å forhalde oss til. Vi kan heller ikkje forvente at vi hyttefolk får køyre før dei opnar, sjølv om det blir brøyta nokre dagar før!
I år, som før om åra, starta brøytinga frå vest. Men tysdagskvelden fekk Tor i oppdrag av Mesta å innover Strynsfjellvegen, for å sjå om det var mogleg å koma fram med snøfres utan stikka veg eller GPS-utstyr. Det vart ein fottur på Tor, omtrent innerst på Heillstuguvatnet. Her mot vestenden av Heillstuguvatnet og Strynsfjellet:
Heillstuguvatnet mot Strynsfjellet  09.06.15
Dagen etter starta Mesta å brøyte oppover Strynsfjellvegen. Brøyting har pågått for fullt, både frå aust og vest. På vestsida har vi høyrt at dei køyrer med dobbelt skift, men det er mykje snø, is og vatn i vegbana.
Slik såg det ut oppover Strynsfjellvegen i gårkveld, 10. juni, etter at dei hadde brøyta:
Strynsfjellvegen 10.06.15
No håpar vi på sol og varme, slik at isen smeltar og vegbana tørkar!

Korleis dei ligg an vedrørande opning den 15. juni – det skal ikkje eg uttale meg om.
Det som er klårt er at heller ikkje hyttefolket får køyre oppover vegen enno!
Men når vi har klart oss utan veg sidan slutten av november, skal vi vel klare oss nokre dagar til!
Dei som har hytter i H1 er ikkje avhengig av å køyre oppover Strynsfjellvegen, dei kan no køyre inn i hyttefeltet, Grotlivassvegen.
Vidare oppover til dei andre felta er det no enkelt å ta seg fram til fots.

Velkomen til fjells! God helg!

* * * * * *