Advent og førjulstid…

Det er stille i fjellheimen, for tida, og lite å skrive om.
Det som opptek oss mest no om dagane er vêret!
Andre er kanskje mest opptekne av juleførebuingar denne tida – slik som vasking og baking. Etter at vi starta som ”hyttebuarar” for nokre år sidan, har det vore minimalt med slike førejulssyslar, her i huset. Men når det lir nærare jul, blir det vel ein tur heim for å lage sylte. Den ”må” eg berre ha på min måte – slik som når eg var med mor og laga. Og skryller – dei ”må” eg ha. Kanskje er det ein liten Reodor som vil ha bestemor-skryller òg? Han tykte i vertfall at dei var morosame å eta i fjor – såg ut til at han likte dei òg…

Komande laurdagskveld er det førjulskveld på hotellet.
Dit skal ein del hyttefolk, og Tor har allereie fått henvendingar med spørsmål om korleis vêret er, og blir.
Som eg skreiv i førre innlegget, bomma eg litt på spådomen min, når det gjalt temperaturen. Yr.no fekk heilt rett – det vart ein skikkeleg ”fyryjulstøyr” – ”lefsetøyr” eller ”kakelinna”, som òg mildvêret ei tid før jul blir kalla.
Men etter den tid har det kome snø att. På Grotli målestasjon var det i dag tidleg registrert 24 cm i snødjupn, her oppe i hyttefeltet var det ved 14-tida i dag ca 36-37 cm på snømålet ved krysset Strynsfjellvegen/Skridulaupråket.
snømål 02.12.15

Det var lette snøbyger og litt vind…
vinterp-plass 02.12.15…når eg og Dora tok turen vidare ned på vinterparkeringsplassen.

Når det gjeld vêret for dei komande dagane og helga, får vi berre studere vêrmeldingane, og sette vår lit til dei. Personleg har vi kome fram til at Yr.no bommar minst, noko vi m.a. fekk erfare sist veke.
No i kveld (onsdag) er det frisk bris frå vest-sørvest, snøbyger og ca -1,5°. Eg og Dora hadde ein ”frisk”, men fin, luftetur.

Stor-fint besøk…
Kvar haust og vår brukar det å trekke nokre elgar gjennom området her. I haust fann dei visst ut at dei ville gje seg til ei tid, her i Grotliområdet. Det har mellom anna ført til fleire nestenulykker, når dei kryssar riksvegen. I området rundt hotellet har det vore observert både 4 og 5 stk. ilag.
I går når snikkarane arbeidde på ei hytte i hyttefeltet bak hotellet, fekk dei sjå ein fin elgokse som gjekk like utanfor hytta…
elg 01.12.15

Elles er det ein del harespor i området, men hittil har det vore lite småfuglar å sjå. Har heller ikkje sett ”Hakke” (dvergspetten), men håpar den er her og kjem på besøk i vinter òg!

No ser vi fram til ei triveleg førjulsmarkering på Grotli Høyfjellshotel!
Og med bileta frå i fjor, veit vi at vi har noko å sjå fram til!
peiskos Grotli Høyfjellshotel -14

Som dessertelskar, reknar eg med at dessertbordet ikkje kjem til å skuffe i år heller!
dessertbord Grotli Høyfjellshotel -14

Ynskjer alle ei fortsatt fin adventstid – og ei fin og triveleg helg! 

* * * * * * * * * * * *