975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Vinterførebuing…

Vinterførebuing…

No skriv vi oktober.
Dei siste dagane har ein del av lauvet på trea vorte ”tatt av vinden” – bokstaveleg talt! Tysdag kveld var det fleire vindkast opp i stiv kuling, her i hyttegrenda.
Her i fjellheimen kan vi rekne med at vinteren kjem denne månaden. Heilt normalt at det kjem snø i løpet av oktober – kanskje heller litt unormalt at det ikkje har vore kvitt på bakken enno i haust. Vi har òg hatt år der det har vorte slutt med å køyre til hyttene i løpet av oktober, grunna snømengda. Heller ikkje unormalt at ein opplever mange kuldegrader – under -20° har vore registrert tidlegare år.

strynsfjellvegen skridulaupen 07.10.15
Ein del er kanskje ferdige med vinterførebuinga på hytta.
Vinterveden er frakta til hytta. Dei fleste skaffar seg ved sjølve – men Tor har òg levert mange sekker bjørkeved på forskjellige hytter i løpet av dei siste vekene. Har framleis ved på lager, dersom nokon treng.levering ved 03.10.15
Dei som er avhengig av sumarvatnet for oppfylling av vassisterne, for å sleppe å bera langt, har forhåpentlegvis bore inn vatn (ja – vi hugsar vel at vatnet skal berast inn – ikkje slangar og røyr). Sumarvatnet kan vi rekne med blir fråkobla kva dag som helst.
Septik-køyraren er ferdig med tøming av alle Jets-tankane, pluss muld-doane hjå dei som har bestillt tøming via Skjåk Hytteservice.

Når vi er inne på hyttedoar…
Dei siste vekene har både vi og hytteforeiningane prøvd å vidareformidle beskjeden frå Skjåk kommune om kva som ikkje skal i søppelcontainerane.
Innhald frå hyttedoane skal heller ikkje kastast i søppelcontainerane!!! Det er noko forferdeleg dritt å ta att, enten det er renovatøren eller hytteservic’n som må gjera det!!! Og sjølvsagt fører det til ekstra kostnad, som vi alle saman må vera med å dekke!

Det blir fleire og fleire som monterar Jets-anlegg på hyttene. Skjåk Hytteservice (som er forhandlar) har levert fleire anlegg også i sumar.
I den forbindelse har hyttservic’n òg kjøpt inn frostvæske, og har no ein del kanner på lager:

frostvæske jets
Nokon ynskjer feiing av pipa – andre vil ha pipa repparert før vinteren…
vinterførebuing 07.10.15
Av private vinterførebuingar har det mellom anna vore ein tur til Hamsedalen, for å stenge Ola-Bu for vinteren. Tor hadde håpa å få ei helg til der i haust – men no ser det nok dårleg ut…
ola-bu 04.10.15
Denne veka har snikkarane (Tor og to til) starta på ein ny grunnmur i Grotli Fritidsboligområde. Da blir det arbeid til sumaren òg!

grotli fritidsboligområde 07.10.15– Ein tidleg morgon – i soloppgang…

Vi håpar på ein framleis fin haust – snøen må gjerne vente ei stund til, før den kjem!

 

* * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: