975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Vêret i dag…

Vêret i dag…

– – –

I den gamle bloggen hadde vi ein kategori kalla ”Vêret i dag”, med (omtrent) daglege oppdateringar.
Dette har vore etterlyst, så no skal eg prøve å fylgje opp dette.
Opprettar kategorien ”Vêret i dag”. Blir ikkje nytt innlegg kvar dag, men oppdaterar dette innlegget.

År 2016

Fredag, 1. januar
Kl 09; Pluss 0,3°, overskya, antydning til snø i lufta, lett bris (4,4 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: pluss 0,8°, laber bris (5,6 m/s frå søraust)
——«——«—— snødjupn: 42 cm
Snømålet ved H2: ca 58 cm

Torsdag, 31. desember
Kl 09 – temperaturen går no over til minusgrader, regnet går over til snø
Her er -0,3°, overskya, litt snø i lufta, lett bris (4,8 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: pluss 0,7°, lett bris (4,8 m/s frå aust)
——«——«—— snødjupn: 42 cm

Onsdag, 30. desember
Ca kl 09 var det -0,4°, delvis skya, laber bris – vindkast opp i sterk kuling, til dels snøfokk (6,8 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: pluss 2,0°, laber bris (7,5 m/s frå aust-søraust)
——«——«—— snødjupn: 45 cm
Snømålet ved H2: ca 60-65 cm

Tysdag, 29. desember
Månen er i ferd med å gå ned i vest…
web 29.12.15Kl 09: -6,2°, delvis skya, raud morgonhimmel i aust, lett bris (3,7 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: -4,3°, lett bris (4,8 m/s frå aust)
——«——«—— snødjupn: 46 cm
Snømålet ved H2: ca 70 cm

Måndag, 28. desember
Ca kl 09 var det -17,1°, lettskya, flau vind (1,4 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: -17,5°, flau vind (1,5 m/s frå vest-nordvest)
——«——«—— snødjupn: 60 cm
Snømålet ved H2 i gårkveld: ca 70-75 cm
Min.temp. i natt har vore ca -25°

Sundag, 27. desember
Ved 09-tida var det -13,7°, overskya, opphaldsver, lett bris (4,8 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: -13,1°, lett bris (5,2 m/s frå aust)
——«——«—— kl 23 i gårkveld var det -25,0°
——«——«—— snødjupn: 63 cm

Laurdag, 26. desember
I webkamera kunne ein sjå fullmånen gå ned i vest…
web 26.12.15 07.20Kl 09 var det -9,0°, litt snø i lufta / lette snøbyger, svak vind (2,6 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: -7,7°, laber bris (6,3 m/s frå vest-nordvest)
——«——«—— snødjupn: 75 cm
Snømålet ved H2: 80 cm
– Men å gå i snøen føles som å gå i 1,80 meter laussnø. Ein del vind har ført til drevfonner.
– I går var det kolonnekøyring frå kl 11.30 til langt på kvelden.

Fredag, 25. desember
No, ca 10.30 er det hjå oss: -2,4°, snøvêr og snøfokk, laber bris (6,1-7,8 m/s)
Grotli målestasjon kl 10: -1,5°, lett bris (4,7 m/s frå vest-sørvest)
——«——«—— snødjupn: 49 cm (kl 07)
Snømålet ved H2: ca 70 cm
– Mildvêret i går gjorde at ein del av nedbøren kom som regn, og snøen sokk saman.
– Statens vegvesen melder at det kan bli innført kolonnekøyring på Rv 15, Skjåk – Stryn, på stutt varsel.

Torsdag, 24. desember
Ca kl 09.30 er det pluss 1,4°, overskya, nokre snøfjon i lufta, laber bris (5,8 – 6,8 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: pluss 2,1°, laber bris (7,2 m/s frå aust-nordaust)
——«——«—— snødjupn: 52 cm
Snømålet ved H2: ca 70 cm

Onsdag, 23. desember
Kl 09:
Her er det -0,4°, lett snøvêr og svak vind (2,7 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: pluss 0,5°, flau vind (1,5 m/s frå vest-nordvest)
——«——«—— snødjupn: 44 cm
Snømålet ved H2, litt før midnatt: 63 cm

Tysdag, 22. desember
Ca kl 09
-2,4°, delvis skya, svak vind (1,1 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: -2,0°, svak vind (2,2 m/s frå nord-nordaust)
——«——«—— snødjupn: 43 cm
Snømålet ved H2: ca 57-58 cm, når eg og Dora gjekk luftetur seint i gårkveld. Event. 1-2 cm i natt.

Måndag, 21. desember
Ca kl 09
Her er det pluss 1,5°, overskya, litt duskregn i lufta, flau vind (0,7 m/s)
Grotli målestasjon kl 09: pluss 2,2°, svak vind (2,7 m/s frå vest-sørvest)
——«——«—— snødjupn: 42 cm
Snømålet ved H2, seint i gårkveld: 57-58 cm

Sundag, 20. desember
Kl 09
Her var det pluss 2,9°, overskya, opphaldsvêr, svak vind (2,7 m/s)
Grotli målestasjon: pluss 5,0°, svak vind (1,6 m/s frå aust-nordaust)
——«——«—— snødjupn: 45 cm
Snømålet ved H2 i dagtidleg: ca 60 cm
Det har kome noko regn dei siste dagane, og mildvêret har tæra på snøen. I gårkveld ved 19:30-tida var det pluss 8,2° her på hytta.

Laurdag, 19. desember
Kl 09
Her på hytta: pluss 1,4°, overskya, opphaldsvêr, flau vind (0,4 m/s)
På min digitale regnmålar ser det ut til å ha kome ca 10-12 mm regn dei siste 24 timar.
Grotli målestasjon: pluss 1,0°, flau vind (0,8 m/s frå nord-nordvest)
——«——«—— snødjupn: 54 cm

Fredag, 18. desember:
Kl 09
Her på hytta: pluss 2,0°, overskya, lette regnbyger, svak vind (1,7 m/s)
Grotli målestasjon: pluss 1,8°, svak vind (1,8 m/s frå nordaust)
——«——«—— snødjupn: 59 cm
Snømålet ved H2: ca 85 cm i gårkveld

Torsdag, 17. desember:
Litt over kl 09 er det -9,1°, lett snøvêr, stille
Grotli målestasjon kl 09: -8,9°, flau vind (0,4 m/s frå vest-sørvest)
——«——«—— snødjupn: 56 cm

Onsdag, 16. desember:
Litt over kl 09 er det her på hytta: -17,8°, klårt, flau vind (0,8 m/s)
Grotli målestasjon kl 08: -22,1°, flau vind (0,7 m/s frå vest-sørvest)
——«——«—— 55 cm
Snømålet ved H2: ca 77-78 cm seint i gårkveld

Tysdag, 15. desember:
Ca kl 09.30 er det her på hytta: -2,7°, overskya, opphaldsvêr, svak vind (3,1 m/s)
Grotli målestasjon kl 09; -1,9°, svak vind (2,0 m/s frå vest)
—–«—–«—– snødjupn: 58 cm
Snømålet ved H2 synte litt over 80 cm i gårkveld.

Måndag, 14. desember:
Mildare i fjellheimen i dag enn i gårkveld.
Overskya og antydning til snø i lufta.
Grotli målestasjon:
I gårkveld var det nede i -16,2°.
Kl 09 i dag: -11,6°, stille (0,2 m/s)
Snødjupn på målestasjonen 61 cm.

Sundag, 13. desember:
Ca kl 09.30 er det her på hytta -9,1°, overskya, opphaldsvêr, flau vind (0,4 m/s)
Min.temp. i natt har vore -13,4° (kl 02.56)
Grotli målestasjon har vore nede på -16,2° i natt
Grotli målestasjon kl 09: -11,0°, flau vind (0,4 m/s frå nord-nordaust)
—–«—–«—– snødjupn: 65 cm.
Snømålet ved H2: ca 87-88 cm.

Laurdag, 12. desember:
Ca kl 09.30 er det her på hytta -2,9°, svak vind til lett bris, lette snøbyger.
Grotli målestasjon kl 09: -1,9°, lett bris (5,0 m/s frå vest-nordvest).
—–«—–«—– snødjupn: 72 cm
Ved innkj. til H2: litt i underkant av 90 cm

Fredag, 11. desember:
Ein ny dag med snøvêr…
Lette snøbyger, flau- til svak vind, -3,5°.
Grotli målestasjon kl 09: -2,8°, 0,6 m/s frå aust.
Snødjupn, Grotli målestasjon: 73 cm = auke på 32 cm siste døgnet.
Snømålet ved bommen her i H2: 92 cm.
snø 11.12.15

Torsdag, 10. desember:
Kl 07 var snødjupna på Grotli målestasjon 41 cm.
I dag har det kome ca 20 cm snø.
No i kveld var snødjupna på snømålet ved innkøyringa til H2, krysset Strynsfjellvegen/Skridulaupråket, ca 80 cm.
Dagen har vore prega av ein del tette snøbyger, vind og snøfokk.
På rv 15 har det vore kolonnekøyring sidan 13:30-tida, på grunn av uvêr.

* * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: