975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Vanskeleg å spå – særleg om framtida…

Vanskeleg å spå – særleg om framtida…

Etter fleire dagar med blå himmel og strålande sol, har vi hatt ein litt grå dag i dag. Overskya og lette snøbyger – slik som vêrmeldingane varsla.

Vinterferien er over, for dei fleste.
Nokon valgte å avslutte den brått, laurdag. I media vart det varsla om dårleg vêr og fare for stengte fjellovergangar i Sør-Noreg (!!). Det vart oppfordra til at folk som var på fjellet, måtte koma seg ned att før laurdagskvelden (framleis i Sør-Noreg). Ein del vart derfor redd at vegen vestover, frå Skjåk til Stryn, skulle bli stengt, og valgte å reise frå Grotli fredag kveld og laurdag.
Men – dersom ein sjekka vêrmeldingane for Grotli- og Breidalen-området var det ingenting, etter vår meining, som tilsa at det skulle bli uvêr her. Vind opp i 10 m/s (frisk bris), men ingen nedbør. Og slik vart det. På Grotli målestasjon (yr.no) var maks vind målt til 9,3 m/s.
Nokon fortalte at dei hadde sjekka vêret for Strynefjellet, der det var varsla vind opp i sterk kuling (20 m/s) og på grensa til liten storm, og ville reise att frå Grotli.
Men kjære vene – Grotli ligg IKKJE på Strynefjellet! Heilårsvegen går heller IKKJE over Strynefjellet. Det er omtrent to mil mellom Grotli og Strynefjellet, og stor skilnad i vêrforhalda.
Allereie på 1930-talet, når dei tok til å planlegge utbedring av kjerrevegen mellom aust og vest (over Strynsfjellet), vart det bestemt at det måtte bli NY veg, som skulle gå UTANOM det vanskelege og vêrharde Strynsfjellet! Det er nok grunnen til at heilårsvegen går der den går – utanom Strynefjellet!
Når ein søker opp Strynefjellet på Yr.no, står det at det ligg i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Og på kartet ved sida av, får ein opp området Tystigen / Stryn Sommerskisenter.
vervarsel Strynefjellet Yr.no
Å si at Grotli og Breidalen ligg på Strynefjellet – det må vera ein fornærmelse både mot Stryn og Skjåk!
Men at det var sterk vind inne på Strynefjellet i helga – det kunne dei to som hadde jobba på Sommerskisenteret bekrefte! Dei valgte å reise der ifrå laurdag efta, på grunn av vind og bakkefokk. Men når dei kom framover til Vassvenddalen og Heillstugudalen løya vinden, og her i Grotli var det omtrent «vindstille» i forhald til det det var inne på Strynefjellet.
Ein del meinar at vêrmeldingane «aldri» stemmer. Kanskje fordi ein sjekkar feil stad? Eg for min del tykkjer at meldingane har vore svært treffande i vinter, særleg når det gjeld vind og nedbør.

grotli kjostjønne skridulaupen 07.03.17

Korleis blir det i påska?
Ja – det var det med å spå om framtida da…
Det er allereie ein del som spør om korleis det blir med snø i påska. Vanlegvis brukar det å vera rikeleg med snø til langt ut i mai, her i Grotliområdet, også dei åra det har vore mindre enn i vinter. Ikkje sjeldan kjem det òg ein del snø i løpet av mars/april. Pr. dags dato er snødjupna på målestasjonen om lag 5-10 cm under gjennomsnittsdjupna dei siste 8 åra. Den 9. mars desse åra har snødjupna variert frå 68 cm (år 2010) til 133 cm (år 2012). I år 93 cm.
I år kjem palmesundag på den 9. april. På denne dagen har snødjupna variert frå 67 cm (år 2010) til 120 cm (år 2011), desse siste 8 åra.
Ein tenkjer ofte at det hadde vore morosamt og hatt tal og registreringar lenger attende, men dessverre har eg ikkje kome over noko slikt. Meteorologisk institutt starta si registrering 1. oktober 2008.

Det er ikkje så mykje spennande å skrive om. Denne tida er ei stille tid, det er mest vêret som endrar seg. Noko aktivitet var det i området dei to vekene med vinterferie. Mellom anna ein del skigåarar. På hotellet var ei gruppe tyske gjestar, som var ivrige til å ta seg skiturar. Og grunna lite snø andre stader i landet, kjem det visst ei ny gruppe – til snøsikkre Grotli.
– Her eit lite blikk frå vinterferie og aktivitet i Grotli Skiheiser: 
grotli skiheiser krosshø skjåkfjell 04.03.17
Som nemt i førre blogginnlegg, er det lite med oppdrag for hytteservicen her på fjellet i vinter. Tor jobbar derfor nede i bygda. Dette fekk nok nokre erfare i vinterferien, når dei ringde og skulle ha transport etter at dei var kome til fjells.
Som vi òg har sagt før om åra: Ring for avtale, minst dagen før! Det er berre i påska det er beredskap for «utrykking på stutt varsel».

Skiløyper…
Heile vinteren, står Skjåk Turløyper for oppkøyring av skiløyper, også her i Grotli…
skiløype heillstuguløypa strynsfjellvegen grotli 08,03,17…så sant vêrtilhøva tillet det.
Både ved hotellet, og ved parkeringsplassen på sørsida av Breidalsdammen er det kart over løypene i Grotliområdet. Skjåk Turløyper er avhengig av frivillig pengestøtte, for å drive oppkøyring av skiløyper. No er det òg mogleg å betale med mCASH, info. om dette finn ein òg ved info.tavlene.
skiløyper skjåk turløyperTillet meg å oppfordre også hyttefolket til å støtte opp!

Det går mot ei ny helg! – Må den bli riktig fin for alle saman!

* * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: