975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Uvêret over – for denne gong…

Uvêret over – for denne gong…

Ikkje til å nekte for – det ser idyllisk og fint ut, når uvêret har roa seg, og snøen ligg kvit og fin i alle «krinkar og krokar»!

Det heiter at; «Ein får belage seg på det verste – og håpe på det beste.»
Slik var det òg, før uvêret «Tor» skulle koma. Ved og vatn vart bore inn, talgljos og lommelykt lett tilgjengeleg, topplada telefon, og ute var det sjekka at det ikkje var lause eigedelar kring hytta som kunne fuke av stad i vinden.
I 14-tida merka ein at uvêret var på veg, og i 15-tida var det blitt såpass ille at riksvegen over fjellet vart stengt. Den vart ikkje opna att før i 11-tida i dag.

At det «røska godt» kring oss skal vi ikkje nekte for.
På vindmålarar i hyttegrenda vart det registrert sterkare vind enn på Grotli målestasjon. Men når ein såg vindbiletet på yr.no, såg ein òg at vinden frå Mårådalen/Heillstugudalen var sterkar enn vinden frå Breidalen. Her i hyttegrenda vart det registrert vind opp i full storm, og på grensa til sterk storm i kasta. Det var litt spennande å sjå i dag, korleis det såg ut, om alt var OK, og korleis snøen hadde lagt seg…

Hytteservice-Tor tok fyrste runde litt over kl 05 i dag. Det var mellom anna spennande å sjå om alt hadde gått bra på «vinterlegohuset». Det hadde det!

Etter at det vart ljost, vart det nokre nye runder…

nysnø og sol 30.01.16
Mellom anna har vi nokre avtaler om tilsyn av hytter, og henvending frå andre om å sjekke har det òg kome.
I terrenget er det ikkje så store snøskavlar som frykta – meire som tiljamning av dumpar og hol, og dekorering (kamuflering ?) av hytter. Ikkje vart det straumbrot under uvêret i går heller.
Snødjupna på snømålet ved Strynsfjellvegen/Skridulaupråket var i dagtidleg (kl 06): 90 cm.
Men det har kome litt snø etter det òg. Inn imellom har det vore tette snøbyger i dag.

kamuflerte hytter etter uveret Tor 30.01.16

Strynsfjellvegen frå riksvegen til vinterparkeringsplassen, samt parkeringsplassen, vart brøyta når det leid ut på dagen i dag. Flott – tusen takk Mesta! Det hadde vi ikkje forventa i dag! Vi veit at vi har siste prioritet, i dag rekna vi med at dei hadde nok brøyting og snørydding å ta tak i, utan å prioritere oss!

Konklusjonen etter uvêret i går:
«Tor» var ein snill gut, i forhald til kvinnfolket «Dagmar»!
Maks vindstyrke, Grotli målestasjon 26/12-11 («Dagmar») var 25,7 m/s.
Maks vindstyrke, Grotli målestasjon 29/1-16 («Tor») var 14,6 m/s. *)
Også her på hytta registrerte vi ca 12 m/s sterkare vind under «Dagmar» enn under «Tor».
*) Vi vart visst lura av fyrsteinntrykket av «Tor»!
Når statusen for 30/1 kom, synte det seg at han hadde nok ikkje roa seg litt før midnatt, slik vi følte og trudde!
Han hadde krefter på lur, og «slo til» med 20,0 m/s som vart registrert på den 30/1-16. Men like vel – eit hakk mildare enn «Dagmar»! Skadene etter «Tor» er òg på langt nær så store som etter «Dagmar», etter det vi kan sjå her i hytteområda.

Men på andre kantar av landet, opplevde dei nok «Tor» minst like hissig som «Dagmar»!
Vi er nok heldige – trass alt…!

etter uveret Tor 30.01.16

Ynskjer alle ei fortsatt GOD HELG! 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: