975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Tillykke med dagen!

Tillykke med dagen!

17. mai – Noregs store dag! Uansett om ein er i ”hus eller hytte”.
Vi kan sjå attende på mange år med 17. mai-feiring her på hytta. Når vêret har vore fint, har det òg vore ein del som har brukt denne dagen til ein skitur opp på Skridulaupen.
Vêrmeldingane for morgondagen tilsi kanskje ikkje Skridulauptur…
Vi skal ha ei stille feiring, og heile famelien skal samlast på hotellet til mat, som vi har brukt å gjera dei siste åra.

Grotli Høyfjellshotel serverar 17. mai-buffet – som dei har gjort i fleire år. Det brukar å vera både godt og triveleg!17.mai buffet grotli (Bilete frå heimesida til Grotli Høyfjellshotel)

Elles er alt ”på det gamle”. Framleis mykje snø i terrenget. Men ein merkar at det vårast. Linerla kom for 2-3 veker sidan, haren tek til å bli grå og vegen til Geiranger er opna etter vinterstenging. Her i Skjåk har det liksom alltid vore eit teiken på at det går mot sumar når den blir opna. Da blir det vel ein ”softis-tur” i år òg – etter kvart.

Ynskjer alle ein riktig fin 17. mai – og:
17.mai blomst
Tillykke med dagen!

* * * * * * 

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: