975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Sumarsolverv og snart St. Hans…

Sumarsolverv og snart St. Hans…

I går ”snudde” sola – vi hadde årets ljosaste dag. Biletet på toppen syner soloppgangen på Skridulaupen kl. 04:11 i går morgon, som vi fekk med oss når vi kom til fjells att etter barnepike-oppdrag nede i bygda. Fint å vera besteforeldre, og få slike oppdrag!
Sjølv om det no framover blir stuttare dagar, kjem gjerne den beste sumarvarmen ei stund etter sumarsolverv. Nokon kallar sumarsolverv for midtsumar, andre kallar St.Hans for midtsumar, – men midtsumar er eigentleg den 14. juli (midt mellom sumardagen, 14. april, og vinterdagen, 14. oktober). Det er heldigvis ei stund til midtsumar – og framleis håp om sumar her på fjellet òg!

Fv258 StrynsfjellvegenLaurdag morgon vart òg fv 258, Strynsfjellvegen, opna etter å ha vore vinterstengt sidan i haust.
Men når ein kjem inn på Strynsfjellet er det framleis mykje snø att. Som her, mot Stryn Sommerski:
stryn sommerski Vi får håpe det blir ein lang og fin sesong på skisenteret i år!

I helga kom jammen finvêret òg!
Snøfonnene i terrenget minkar, og ein kan ane at skogen tek til å få eit grønskjær. Skal sjå det blir St.Hans-lauvblad å presse i år òg. Sidan våren 2000 har eg teke eit lauvblad og pressa kvar St.Hans. Teke av same bjørka kvart år. Morosamt å sjå forskjellane frå år til år. Av dei ser ein m.a. når vi har hatt sein og tidleg vår. I desse åra har eg òg brukt å ta eit bilete nede ved Grøntjønna, mot Skridulaupen, kvar St. Hans-kveld. Skal prøve å halde tradisjonen ved like i år òg – 16. året på rad.

St. Hans-feiring, laurdag 27. juni.
Hyttefolket har i fleire år fått lov til å legge kvist som blir rydda langs vegar og hytter, i nærleiken av Grotli sitt båtnaust, på austenden av Breidalsvatnet. Meininga var at vi skulle fjerne kvisten att, ved å t.d. bruke den som sankthansbål. For ei tid sidan foreslo eg at vi bør rydde i år, ved å tenne sankthansbål. Forslaget vart lagt fram for Grotli Hotel, som vil opne naustet.
båtnaust breidalsvatnet
Invitasjon har gått ut frå Grotli Høyfjellshotel:
”Lørdag 27. inviterer vi til Sankthansfeiring i båtnaustet ved Breidalsvatnet.
Her blir det sosialt samvær og litt godt og drikke, samt enkel servering av suppe fra omtrent kl. 20.00.
Velkommen!”
Arrangementet er ope for alle!
I tillegg til båtnaustet er det òg ei gamme med sitteplassar.
gamme breidalsvatnet
Og kanskje er det no framover vi får sumarvêret, slik at kvelden blir både mild, fin og triveleg!

Sumarvatnet i Grotli Hyttegrend.
Som vi veit er ikkje sumarvatnet med i vassavtala med Skjåk almenning (avtale av juni 2008). Men her i hyttegrenda som vi ikkje har lov til å føre vatnet inn i hyttene med røyr, slange eller lignande, men må bera vatnet inn i hytta, er det framleis mange som ynskjer å få sumarvatn inn til hytteveggen. Skjåk Hytteservice har tilsyn med heilårsvasspostane, og har, på eige initiativ, også kobla sumarvatnet før om åra. Reknar med at det er interesse for å få sumarvatn i år òg, derfor har Tor kobla sumarvatnet i H1 og H2. I dei øverste hyttefelta ligg det framleis mykje snø, men han vil prøve å koble vatnet så snart det let seg gjera.
Hugs å STENG private kranar og avgreiningar!!!

Jau-da… Ser ut til at det går seg til – i år òg!
Ha ei fin veke!

* * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: